POSTED IN Norge

Bare få av de smittete har symptomer:

75% av de smittete var friske.

0
Print Friendly, PDF & Email

Kartlegging viser at 75% av «smitta» britar mellom april og juni var folk som faktisk ikkje var sjuke

86% hadde ingen av hovudsymptoma assosiert med sjukdommen, 75% hadde ikkje symptom i det heile.

av Ian Sample 

Anti-empire 8. oktober, 2020

Meir enn 80 % av folk som testa positivt i ei landsomfattande koronavirus-gransking, hadde ingen av hovudsymptoma til sjukdommen den dagen dei tok testen, seier vitskapsfolk.

Vitskapsfolk ved UCL [University College London] seier at 86,1 prosent av dei infiserte som har blitt registrerte av statistikkbyrået ONS, Office for National Statistics, i deira Covid-19-kartlegging mellom april og juni, ikkje hadde eit einaste av hovudsymptoma på sjukdommen, altså verken hoste, feber eller tap av smaks- eller luktesans, den dagen dei tok testen.

Tre av fire som testa positivt hadde ingen merkbare symptom i det heile, oppdaga vitskapsfolka då dei undersøkte om folk hadde informert om andre plager, som t.d. utmatting eller pusteproblem, på testdagen.

Hvis du er frisk men smittet, hva er du da? Syk?

I motsetning til koronavirus-testing elles i samfunnet, som fokuserer på folk med symptom, testar ONS si infeksjonsgransking rutinemessig titals tusen husstandar rundt om i landet for om dei har symptom eller ikkje.

Studien, som er omtalt i Clinical Epidemiology, analyserte symptoma beskrivne av fleire enn 36 000 personar som vart testa mellom april og juni. Berre 115 testar kom ut positive, og av desse hadde berre 27 personar, eller 23,5%, symptom av noko slag.

Når vitskapsfolka avgrensa symptoma til dei tre hovudsymptoma til koronavirusinfeksjonar, d.v.s. hoste eller feber eller tap av smaks- eller luktesans, raste talet på rapporterte plager ned til 16, eller 13,9%.

Kjelde: The Guardian

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Jared Rice

Artikkelen er henta frå Anti-Empire.comhttps://www.anti-empire.com/ons-survey-75-of-uk-cases-between-april-june-were-people-who-werent-actually-ill/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Et flertall i USA:

Stor fare for borgerkrig.

Forrige innlegg

Terroren mot Charlie Hebdo:

Seier for islamismen: Venstreorienterte slutter sterkere opp om islam

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.