POSTED IN Balkan

Balkankrigene:

En helt annen historie

8 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kosovo vil bli frigjort

av The Saker (Falken). Artikkelen er skreven for Unz rewiev.

The Saker eller Falken er ein sveitsisk født blogger av russiske foreldre. Han har tidlegare arbeid som militær analytikar m.a. på Balkan og er no bosatt i Florida i USA.

Denne artikkelen hans er interessant av flere grunner. For det første fordi den beskriver og omtaler noe våre medier aldri vil finne på å nevne. Historien om Balkankrigene på 1990 skal være spikret – opplest og vedtatt for all fremtid i våre medier.
For det andre har han førstehåndskjennskap til krigene fordi han oppholdt seg «midt i smørøyet» da krigene pågikk som observatør og agent for en etterretningstjeneste forkortet med tre bokstaver, som han skrev for to år siden. Nærmere angir han ikke hvem han arbeidet for. Han er altså ikke bare en som «synser», men som vet en del om det som foregikk bak kulissene. Det er også på sin plass å nevne at han er en russisk-ortodoks kristen noen som også forklarer hans raseri som en merker bak ordene.

Hele temaet føyer seg inn i rekken av ikke-saker som ikke skal omtales i våre medier fordi de skaper en forståelse av historien som ikke passer inn i Nato-versjonen.

Knut Lindtner

General Ratko Mladic, no 75, vart førre veke dømt til fengsel på livstid av NATOs kenguru-domstol kjent som Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (International Criminal Tribunal for the former Yugoslavia, ICTY). På same måte som bosnisk-serbaren Radovan Karadzic og den serbiske presidenten Slobodan Milosevic, vart Mladic arrestert og overlevert til sine NATO-bødlar av dei serbiske styresmaktene. Det fortel oss alt vi treng vite om den noverande koloni-statusen til Serbia og om comprador-naturen til regimet som no sit med makta i Beograd.

Ratko Mladic

For Det anglo-zionistiske imperiet handlar det heile om å audmjuke nasjonen som våga trasse dei. For det er sikkert og visst at dette er den verkeleg utilgivelege synda som serbarane er skuldige i og som dei no blir audmjuka for: dei torde trasse Det anglo-zionistiske imperiet, og dei gjorde det aleine, til og med utan støtte frå Russland. Faktisk stod bosnisk-serbarane opp imot USA, EU og NATO ikkje berre utan støtta til Russland, men også utan støtte frå sjølv dei jugoslaviske autoritetane i Beograd (Slobodan Milosevic la ned sanksjonar på sine serbiske brør i Bosnia!). Når dei gjorde dette, viste bosnisk-serbarane verda ein grad av mot som den typiske moderne europear ikkje ein gong kan førestille seg eller skjøne. På liknande måte vart krigen i Bosnia breitt misforstått då den skjedde, og er no nesten gløymd. Men eg vil påstå at denne krigen spela ei absolutt avgjerande rolle i forminga av dei komande tiåra.

Så la oss minnast nokre av dei tinga som skjedde på den tida.

Framfor alt var dette eit tilfelle av monumentalt, rystande hykleri, forræderi og feigskap. Hykleri fordi serbarane vart givne eitt bod: «de skal ikkje lausrive dykk» medan slovenarane, kroatane, bosnisk-muslimane og seinare albanarane fekk nøyaktig motsett bod: «de skal rive dykk laus» ved å gjere administrative grenser om til nasjonale grenser.

Forræderi fordi Jugoslavia var grunnleggar-medlem av den alliansefrie rørsla Non-Aligned Movement [NAM vart danna i Beograd i 1961, og er ei gruppe statar som samarbeider med kvarandre og ikkje formelt er alliert med noka stor maktblokk. Opprinneleg bestod gruppa av 77 land, og vart difor kalla 77-landsgruppa, eller G77, oms.], men likevel allierte alle dei antatt ikkje-allierte seg heilt med Imperiet og mot Jugoslavia. Og feigskap fordi ingen, ikkje eit einaste land, hadde mot til å fortelle sanninga om folkemordet på serbarar i Kroatia og Bosnia under Andre verdskrig, samtidig som dei produserte tsunamiar av krokodilletårer om Kambodsja, Rwanda og, sjølvsagt, det obligatoriske «Holocaust».

Alle vende blikket andre vegen, og dei som i går hadde deltatt i gjerningar så uhyrlege at det ikkje finst ord for det (særleg kroatar og tyskarar), fortalde «generøst» sine serbiske offer at fortid må vere fortid og at historia ikkje betyr noko. Og når til sist internasjonal lov med overlegg og vondskap vart broten, då «dei vestlege demokratia» brukte sine militærfly til å støtte terroristane og skurkane i KLA, var der ikkje ein einaste advokat eller politikar som hadde hjerne til å skjøne at det som døydde den dagen den første bomba fall over Serbia, var heile den internasjonale ordenen som var skapt etter Andre verdskrig. Eg kan vanskeleg sjå føre meg ei meir skammeleg og avskyeleg åtferd frå alle dei europeiske landa som ikkje berre let vere å forsvare ein av deira eigne, men til og med entusiastisk assisterte anglo-zionistane i deires vondskapsfulle og skjendige krig mot det sebiske folket.

KLA eller Kosovos Frigjøringshær. Hvem forsynte dem med våpen og utstyr. De dukket plutselig opp som troll av eske.

Den krigen hadde verkeleg alt, kvart eit skite knep vart brukt mot serbarane: tallause falskt-flaggangrep, pseudofolkemord, illegale hemmelege operasjonar for å væpne terroristgrupper, skjult levering av våpen til einingar som offisielt var under embargo, forsettlege angrep på sivile, bruk av illegale våpen, bruken av offisielt «demilitariserte soner» til å skjule (fullt væpna) heile hærkorps – kva som helst avskyeleg, vart brukt mot det serbiske folket. Sjølv forsettlege angrep på den elles så ukrenkelege journalistikken var sett på som totalt normalt så lenge journalistane var serbarar. Og serbarane vart sjølvsagt demoniserte. Milosevic vart «den nye Hitler» (saman med Saddam Hussein) og dei serbarane som tok til våpen for å forsvare sitt land sitt og familiane vart folkemyrdande tsjetnik’ar.

Eitt av dei verste aspekta ved krigen var den absolutt skjendige åtferda til muslimske nasjonar og samfunn verda over: dei støtta alle sine ‘brør’ i Bosnia, trass i at desse sistnemnde var 1) nyttige idiotar for Imperiet 2) for det meste sekulære og 3) når dei var religiøse, var dei det av ein importert «saudisk wahhabi»-type (akkurat som i Tsjetsjenia, forøvrig). Heller enn å prøve forstå kva som faktisk skjedde, reagerte den overveldande majoriteten av muslimar verda over automatisk på ein måte eg kallar «gale eller rett – min Ummah!», til og med iranarane gikk i denne anglo-zionistiske fella. Muslimar verda over vart førte bak lyset av Imperiet, berre for å finne seg sjølve i nøyaktig same situasjon som serbarane ti år seinare. Nokre ville seie at dette berre er karmisk rettvise, men det finn eg inga glede i sidan muslimane som ende opp som offer for Imperiet sin politikk i overveldande fleirtal var uskuldige offer, og ikkje dei politikarane som allierte seg med moderne korsfararar og jødar mot sine ortodokse naboar. No for tida blir (det fiktive) «folkemordet» på bosnisk-muslimar av serbarar og spesielt myten om Srebrenica framleis brukt av Imperiet for å prøve å splitte ortodokse kristne og muslimar for å lettare styre over dei alle, eller endå betre: å la dei kjempe mot kvarandre.

Ja, alle dei anti-muslimske GWOT-krigane (krigane mot terror, oms.) etter 9/11 har sine metodologiske røter i Kroatia, Bosnia og Kosovo. Det vil kome ein dag når muslimar vil skjøne dette faktum, og dei vil då revurdere det dei trudde dei visste om krigane i Bosnia og Kosovo.

I folkerøystinga på Krim stemte eit stort flertall for tilslutning til Russland. Av den grunn vert Russland straffa med sanksjonar

I desse dagar gløymer dei same vestlege hyklarane som jamrar seg over «den russiske okkupasjonen av Krim» at det vart organisert ei folkerøysting der 96,77% av folket stemde for å slå seg saman med Russland. Eller når dei nemner det, seier dei at folkerøystinga var illegal fordi folk vart trua til å røyste. Men det som aldri blir nemnt er at det i Kosovo aldri vart halden noka folkerøysting av noko slag, ikkje ein gong etter den fulle etniske reinsinga av Kosovo (den største løgnaren av dei alle, Obama, påstod til og med at Kosovo forlet Serbia først etter eit referendum! (folkerøysting).

[Merknad: Eg innser at eg i setningane over har brukt ord som ikkje normalt blir brukte i politiske analysar. Ord som «hykleri», «forræderi», «feigskap», «skammeleg», «avskyeleg» eller «skjendig» blir vanlegvis oppfatta som for partiske, for emosjonelle og ikkje objektive eller nøytrale nok. Vel, eg erklærer stolt min totalt ikkje-nøytrale posisjon i denne absolutt avskyelege og umoralske krigen mot den serbiske nasjonen. Korleis kan vi håpe på å nokon gong få til ei endring i den avskyelege verda vi lever i, dersom vi ikkje brukar moralske kategoriar, og dersom vi nektar å vise sinne når sinne er berettiga? I saka om den serbiske nasjonen har eg ikkje, og vil heller ikkje ha, nokon «nøytralitet», basta!]

Det er ei anna hending seinare som i stor grad har blitt gløymd, men som vi no ser var eit vass-skille: den 24. mars 1999 var den russiske statsministeren, Jevgenij Primakov, på veg til Washington DC då han fekk nyhenda om at USA og NATO hadde angripe Jugoslavia. Primakov gav då piloten ordre om å ta ein u-sving over Atlanterhavet og fly attende til Russland. Primakov, som gjekk bort i 2015, var ein høgt respektert statsmann og diplomat, og dette ryet har halde seg til dags dato. U-svingen hans over Atlanterhavet vil gå inn i historia som første teikn på russisk motstand mot Imperiet. Ein kan seie at Primakovs u-sving markerte enden på ein æra då Russland framleis hadde eit visst naivt håp om at deira vestlege partnarar ikkje var gangsterar og skurkar. Ein ting til: Primakov var presis den typen russisk djupstatsaktør som kunne ha spelt ei nøkkelrolle i prosessen med å kome etter Jeltsin. Ein dag kan vi kome til å finne ut at vesten sin lynsjinga av den serbiske nasjonen var ei vesentleg årsak til at Vladimir Putin kom til makta. Det ville også vere karmisk rettvise.

Jevgenij Primakov

Til sist viste USA/NATO-aggresjonen mot Jugoslavia for aller første gong grensene til luftstyrke- og kryssarrakett-angrep mot ein vel forskansa motstandar seg: 78 dagar med rakett- og bombeangrep gjorde skade, lemlesta og drap mange sivile, men den serbiske armeen i Kosovo heldt seg framleis mest uskadd. Det er grunnen til at luftåtaka måtte ‘ekspandere’ til heile Jugoslavia for å terrorisere sivile, akkurat som britane gjorde i Andre verdskrig mot Tyskland, eller israelarane mot Libanon i 2006. Men det som bestemte resultatet var aldri bruken av luftstyrkar, men ein enkel og kynisk avtale gjort mellom Milosevic og Imperiet: om han gjekk med på å overgi Kosovo, skulle han få lov til å behalde makta. Milosevic aksepterte, berre for å seinare bli myrda i Haag. Det er løna for å legge framtida si i hendene på Imperiet.

Lat meg føreslå følgjande tankeeksperiment: Tenk deg i nokre minutt at Imperiet av ein eller annan grunn kollapsa. Ikkje meir NATO, og sannsynlegvis ikkje meir EU. Eller kanskje berre litt NATO og berre litt EU igjen, i trass. Men, viktigare, ikkje noko Camp Bondsteel. Kva trur du ville hende?

Det etnisk reinsa Krajina er truleg ikkje verd å kjempe for [Den Serbiske Republikken Krajina blei danna i 1991 og oppløyst i 1995. Den bestod av eit sjølvproklamert serbisk utbrytarterritorium innanfor grensene til det nyleg sjølvstendige Kroatia, oms.]. Om du var serbar, ville du ønska å ha kroatar som naboar? Kor smart ville det vere å risikere ditt og familien din sine liv ved å leve i nokre få små, i hovudsak uvernelege, enklavar, omgitt av folk som igjen og igjen har bevist at dei, om dei fekk sjansen, ville prøve å konvertere 1/3 av dykk, utvise ein annan 1/3 og myrde den siste 1/3? Sjølvsagt er mange kroatar flotte og snille menneske som ikkje vil ha noko å gjere med den slags Ustasja-politikk, men desse gode kroatane gjorde ingen skilnad, ikkje under Andre verdskrig og ikkje under den seinaste anglo-zionistiske krigen mot den serbiske nasjonen. Om eg var serbar, ville eg aldri vurdert å returnere til Krajina. Risikoen er rett og slett for stor.

Bosnia er ei heilt anna historie. Dei stakkars bosnisk-muslimane vart brukte som ein reiskap, og med tida vil det utan tvil gå opp for dei at dei allierte seg med feil side i krigen. Så der finst framleis håp for Bosnia, trass alt. Vidare er bosnisk-serbarane framleis vinnarane i denne krigen. Ja, dei måtte akseptere ein dårleg avtale fordi dei i praksis var i kamp mot heile planeten åleine, men ein kan også seie at motet deira tvinga anglo-zionistane til å akseptere eksistensen til Republika Srpska inne i Bosnia, noko dei ikkje ønska. Eg har møtt nok bosnisk-serbarar til å seie at dei er ekstremt tøffe og modige folk, og at så snart NATO kollapsar, noko som vil hende, vil dei lett kome i posisjon til å sette vilkåra for sin framtidige sameksistens med bosnisk-muslimar og kroatar. Når det skjer, håpar eg at Russland aktivt vil promotere sitt «tsjetsjenske føredøme» og legge nok press på bosnisk-serbarane slik at dei ter seg høvisk og varleg overfor sine tidlegare fiendar. Med tanke på at det dessverre finst ein kjerne av sanning i skuldingane om at bosnisk-serbarane utførte forferdelege gjerningar mot sivile under krigen, sjølv om det ikkje var i nærleiken av dei tala som anglo-zionistisk propaganda påstod, har eg ei kjensle av at bosnisk-serbarane vil te seg beherska og ærverdig.

Men Kosovo? Staden der hundretals ortodokse kyrkjer og kloster vart øydelagde og tusentals serbarar myrda (medan NATO såg på og ikkje gjorde noko for å stoppe desse ugjerningane!)?

La oss berre seie at om eg hadde ein albansk ven som budde i Kosovo i dag, så ville eg ha oppmoda han på det kraftigaste til å kome seg til hel* ut derifrå, medan han framleis kan. Kosovo vil bli den første staden i Europa der historias pendel vil svinge attende. Det er berre ikkje eit reelt alternativ for serbarane å akseptere tjuveriet av landet til forfedrene og den spirituelle vogga, og overgi det til ein gjeng som er ein kombinasjon av albanske gangsterar og vestlege luftstyrkar. Og det bør dei heller ikkje. Eit albansk okkupert (også kalla «uavhengig») Kosovo er ein fiksjon som berre kan oppretthaldast av Det anglo-zionistiske imperiet – så snart stridsvognene deira forsvinn, vil Kosovo bli frigjort.

No har den serbiske nasjonen blitt stykka opp i bitar, og slagsordet «berre einskap kan redde det serbiske folket» har vist seg å vere sant. No er det berre så vidt det serbiske folket overlever, og einskapen deira er riven i filler. Til og med den offisielle serbiske kyrkja er kontrollert av pro-vestlege økumeniske biskopar som stoler på at dei sivile styresmaktene vil illegalt forfølge dei biskopane som nektar å la seg kue av den nye verdsordenen, New World Order, som biskop Artemje av Raska og Prizre.

Gjennom si lange og ofte tragiske historie har serbarane overlevd mykje verre ting, og eg har inga tru på at det noverande marerittet vil utrydde den serbiske nasjonale identiteten. Faktisk så trur eg det serbiske folket igjen vil bli sameinte (Montenegro eller Bosnia er, grovt sett, for Serbia det som Ukraina eller Kviterussland ville vere for Russland), og når det skjer vil alle deltakarane i den anglo-zionistiske lynsje-mobben mot Serbia vere altfor skamfulle til å kunne sjå det serbiske folket i auga.

I dag feirar Imperiet den tilsynelatande sigeren til sin kenguru-domstol i Haag. Men dei gløymer at den moderne serbiske nasjonale identiteten vart fødd under eit mykje større nederlag, som forøvrig hende berre nokre kilometer nordvest for den såkalla «hovudstaden» til det «uavhengige» Kosovo: Pristina, på ein plass kalla Kosovo Pole. Ja, det moderne Serbia vart fødd utav eit kolossalt tap! Dei som i dag feirar sigeren over Serbia kan godt tenke over dette faktum.

I mellomtida driv Imperiet framleis på med sine audmjukingsprosjekt, med det siste offeret den russiske olympiske komiteen og, meir relevant, alle dei russiske atletane og, endå meir relevant, heile det russiske folket. Dette er berre som forventa, og det ville vore naivt å vente noko anna frå den typen internasjonal verdsorden som vart fødd den dagen Imperiet angreip Serbia. For det overskodelege framtidige hykleriet vil forræderi og feigskap framleis vere på dagsordenen, sjølv om ingenting godt kan byggast av slike anti-verdiar. Hykleri, forræderi og feigskap er også uendeleg uinspirerande, for dei ber i seg frøa til sin eigen undergang. Såleis vil ikkje frigjeringa av Kosovo berre skje på det politiske planet, men – og viktigare – også på det moralske og spirituelle. I ei verd styrt av – og til og med definert av – hykleri, forræderi, feigskap og, framfor alt løgner, kan ikkje Kosovo bli frigjort. Eg vil seie at ingen av oss fortener eit fritt Kosovo så lenge vi gir vondskapen løyve til å styre verda, slik det skjer i dag. Men eg veit også at hverken løgner eller død kan vinne over sanninga, og at Kosovo vil bli frigjort.

Omsett og noko forkorta av Monica Sortland

Noen Bilder/tekst: Knut Lindtner

http://thesaker.is/kosovo-will-be-liberated/

Artikkelen er hentet fra derimot.no sitt rikholdige arkiv

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

8 kommentarer. Leave new

  • Det MSM fortalte om Jugoslavia i 1990 åra var ensrettet, jeg trodde på vår vestlige allianse helt til 1999. Da vi (NATO) angrep Serbia forsto jeg at noe var galt. Jeg er også rasende på våre vestlige kriminelle statsledere som gjorde dette, tillater meg litt ønsketenking, jeg håper at de blir ført til galgen.
    Tilfeldighetene ville at jeg kom en tur til Kosovo høsten 1999 og fikk se på ødeleggelsene.

    Svar
  • Ola Henriksen
    18 august 2018 12:06

    «Men eg veit også at hverken løgner eller død kan vinne over sanninga…»

    «Jeg er også rasende på våre vestlige kriminelle statsledere som gjorde dette, tillater meg litt ønsketenking, jeg håper at de blir ført til galgen.»

    De har mange drap de skal svare for, som de har gjemt bak begrepet «politikk».

    Svar
  • Det er langt igjen til man kan begynne med noen straffeutmåling. Hva man begynner å se i dag er at det har vært ett miljø som har klart å opprettholde sin fiendtlighet og dermed krig mot resten av verden i årtusener. Det holder ikke med ett straffeoppgjør med de nålevende gangsterene.

    Uansett, mens Sverige har Sverigedemokratene som har klart å komme opp over 20 % så har Norge ett havarert Norgesdemokratene. Jeg ønsker meg derfor mere fokus på parti politikken, den alternative siden.

    Svar
  • Bondevik regjeringen var aktiv med i bombingen av Serbia i 1999. Resultatet Kosovo ble etnisk renset for kristne. Hundretalls kirker og klostre ble ødelagt. Og Europa fikk et nytt muslimsk land fullstendig renset for kristne.
    Hvorfor denne frykt eller underkastelse for en kulturvandalist og krigsforbryter. Bondevik har fått millionpensjon og over hundre millioner til sitt senter.

    Svar
    • Ola Henriksen
      18 august 2018 21:48

      «Hvorfor denne frykt eller underkastelse for en kulturvandalist og krigsforbryter. Bondevik har fått millionpensjon og over hundre millioner til sitt senter»

      Og Stoltenber ble sekretær-puddel med sikkert samme betaling, med mulighet for å bombe enda mer, – for å ha bombet i stykker Libya som ikke truet noen. ( Bortsett fra de som ble skremt over at det afrikanske kontinentet skulle få egen valuta.)
      Drone-Obama fikk Nobels Fredspris av Norge, – for å være mørk i huden?

      Hurra for Norge & 17 mai & fred & frihet & dobbeltmoral.

      Svar
  • Bondevik er et svin, men han er vårt svin. Dette er nok grunnen til at urettferdigheten og meningsløsheten aksepteres.

    Svar
    • Olav Sæther
      20 august 2018 22:08

      Bondevik-svinet er liksom en religiøs og from person, sånne skal man ikke stole på. Jeg tror han og mange andre lever i sin egen verden og ikke evner å se noe utenfor sitt verdensbilde.

      Svar
  • «»En helt annen historie»

    Vi trenger en helt annen historie.
    En SANN Historie.
    – Ikke vinnernes historie-fortellinnger & løgner de siste hundre år. Fra de som har kontrollert media w.w.

    De som ikke lærer av historien blir utsatt for samme overgrep på ny.
    Av de samme overgriperne.
    Det viser også ovegrepene i Gaza i 2024. ( Og i Irak, Syria, Libya og Afghanistan. )

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Brasils Lula sier rett ut det vi alle ser:

Israel opptrer nå som de som laget konsentrasjonsleirer for jøder.

Previous Post

Norge forbereder seg på krig med Russland.

For å få den norske befolkningen i den rette krigs-stemningen anbefales nå angiveri.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.