POSTED IN Imperialismen, Norge, USA

Australia:

Når USA truer bøyer de ryggen.

0
Print Friendly, PDF & Email

Caitlin Johnstone: USA har ingen allierte, berre gislar

25. oktober, 2020 12:27

av Caitlin Johnstone, ein uavhengig journalist med base i Melbourne, Australia. Nettsida hennar er her og du kan følge ho på Twitter @caitoz

Det USA-sentrerte imperiet fungerer som ei gigantisk blære som absorberer nasjonar og vender dei om til klientstatar for imperiet. Når eit land først har blitt absorbert, skjer det sjeldan at det flyktar og atter slår seg saman med andre suverene nasjonar.


Luis Arce feirar med støttespelarar under ein pressekonferanse etter valsigeren til MAS (Rørsla for sosialisme) den 19. oktober, 2020 i La Paz, Bolivia

Den nyvalde presidenten av Bolivia, Luis Arce, har sagt til det spanske internasjonale nyheitsbyrået EFE at han aktar gjenopprette nasjonen sine relasjonar med Cuba, Venezuela og Iran. Dette reverserer politikken til det USA-støtta kuppregimet, som med det same dei på illegalt vis hadde gripe makta i fjor byrja stenge ambassadar, sparke ut legar og skade relasjonane med desse nasjonane.

Arco talar også for varme relasjonar med Russland og Kina.

«Vi vil gjenetablere alle relasjonar,» fortalde han EFE. «Denne regjeringa har handla svært ideologisk og hindra det bolivianske folket tilgang til kubanske medisinar, til russiske medisinar, til framsteg i Kina. Av reint ideologiske grunnar har dei utsett folket på ein måte som er unødvendig og skadeleg.»

Arce uttrykte vilje til å «opne døra for alle land, einaste krav er at dei respekterer oss og respekterer suvereniteten vår, ingenting anna. Alle land, uansett storleik, som ønsker ein relasjon med Bolivia, det einaste kravet er at vi respekterer kvarandre som likeverdige. I så fall har vi ingen problem.»

Om du kan noko om US-amerikansk imperialisme og global politikk, vil du gjenkjenne den siste biten her som frekt kjetteri imot imperialistisk doktrine.

Er valget i Bolivia et vendepunkt for utviklingen i Latin-Amerika?

Den uoffisielle doktrina til den imperieliknande klynga av internasjonale allierte som er laust sentrerte rundt USA anerkjenner ikkje suvereniteten til andre nasjonar, endå mykje mindre respekterer dei dei som likeverdige. Dette imperiet tar det for gitt at det har all rett til å bestemme kva kvar nasjon i verda skal gjere, kven som skal vere leiarane deira, kor ressursane deira skal ta vegen, og kva for militær rolle dei skal spele på verdsscena. 

Dersom ei regjering nektar å akseptere imperiet sin rett til å bestemme desse tinga, blir den målskive, sabotert, angripen og til sist erstatta med eit marionettregime.

Imperiet med USA i sentrum fungerer som ei gigantisk blære som sakte strevar etter å absorbere nasjonar som enno ikkje har blitt konverterte til imperieklientstatar. Det hender sjeldan at ein nasjon greier å flykte frå den blæra og igjen gå i hop med uabsorberte nasjonar som Kina, Russland, Iran, Venezuela og Cuba i kampen for sjølv-suverenitet, og det er gledeleg at Bolivia greidde det.

Vi fekk tydeleg demonstrert dynamikken til den imperialistiske blæra i fjor av den amerikanske politiske analytikaren John Mearsheimer, i ein debatt som den australske tenketanken Center for Independent Studies var vertskap for. Mearsheimer fortalde publikum at USA kjem til å gjere alt dei kan for å stagge Kina sin framgang og hindre dei i å bli den regionale hegemonen på den austlege hemisfæren, og at Australia bør slå seg saman med USA i den kampen om dei vil unngå Washingtons vrede.

John Joseph Mearsheimer er en amerikansk statsviter. Han studerte ved United States Military Academy 1966–1970, og tjenestegjorde deretter i fem år som offiser i United States Air Force. Wikipedia

«Spørsmålet er ‘kva slags utanrikspolitikk bør Australia føre med omsyn til det stadig sterkare Kina’,» sa Mearsheimer. «Eg skal fortelle dykk kva eg ville føreslått dersom eg hadde vore ein australiar.»

Mearsheimer sa at Kina vil halde fram med å vekse økonomisk og kjem til å konvertere den økonomiske makta til militær makt for å dominere Asia «på same vis som USA dominerer den vestlege hemisfæren,» og han forklarte korfor han trur USA og deira allierte har kapasiteten til å hindre det i å skje.

«No er spørsmålet ‘kva betyr alt dette for Australia?’» sa Mearsheimer. «Vel, de er i ei knipe. Det er sikkert. Alle veit kva knipa går ut på. Og forresten er de ikkje det einaste landet i aust-Asia som er i denne knipa. De handlar mykje med Kina, og den handelen er svært viktig for velstanden dykkar, utan tvil. Sikkerheitsmessig vil de verkeleg gå med oss. 

Det er berre mykje fornuftigare, ikkje sant? Og de skjønar at sikkerheit er viktigare enn velstand, for dersom de ikkje overlever får de ingen framgang.»

«No finst det dei som seier det finst eit alternativ: de kan gå med Kina,» sa Mearsheimer. «Visst, de har eit val her: de kan gå med Kina heller enn med USA. Det er to ting eg vil seie om det. Nummer ein: om de går med Kina, må de forstå at de er fienden vår. De bestemmer dykk då for å bli ein fiende av USA. For igjen: vi talar om ein intens sikkerheitskonkurranse.»

«De er enten med oss eller imot oss,» heldt han fram. «Og dersom de driv omfattande handel med Kina, og de er venlege mot Kina, så underminerer de USA i denne sikkerheitskonkurransen. De matar beistet, slik vi ser det. Og det vil ikkje gjere oss blide. Og når vi ikkje er blide, har de ikkje lyst til å undervurdere kor uhyggelege vi kan vere. Berre spør Fidel Castro.»

Fidel Castro, opprinnelig Fidel Alejandro Castro Ruz var en cubansk kommunistisk politiker og revolusjonær. Han var statsminister fra 1959 til 1976 og president fra 1976 til 2008. Wikipedia

Nervøs latter frå det australske tenketank-publikumet poengterte Mearsheimer sine opprørske observasjonar. CIA er kjent for å ha gjort tallause forsøk på å ta livet av Castro.

Viss du nokon gong har lurt på korleis USA har lykkast så godt med å få andre land rundt om i verda til å rette seg etter USA sine interesser, så er dette måten. Det er ikkje det at USA er ein god aktør på verdsscena eller ein snill ven med sine alllierte, nei, det er det at dei vil øydelegge deg om du ikkje er lydig mot dei.

Australia har ikkje innretta seg etter USA for å verne seg mot Kina. Australia har innretta seg etter USA for å verne seg mot USA. Som ein Twitter-følgar nyleg observerte: USA har ikkje allierte, berre gislar.

Som dei nyleg frislepptePalace Letters  illustrerte, så iscenesette CIA eit kupp for å styrte Australias statsminister Gough Whitlam fordi han prioriterte nasjonen sin sjølv-suverenitet. Journalisten John Pilger skreiv i 2014, etter Whitlams død:

«Australia vart ein kort periode, under Whitlam-åra 1972-75, ein uavhengig stat. Ein US-amerikansk kommentator skreiv at ikkje noko anna land hadde ‘reversert stillinga si i internasjonale saker så totalt utan å gå igjennom ein revolusjon.’ Whitlam gjorde slutt på nasjonen sin koloniale servilitet. Han avskaffa den rojale proteksjonen, flytta Australia over til Non-Aligned Movement, støtta ‘fredssoner’ og gjekk imot testing av kjernefysiske våpen.»

Den primære skilnaden mellom kuppet i Australia og det i Bolivia, var at bolivianarane nekta å godta det, medan vi drog på skuldrane og sa ‘No worries mate.’ Vi hadde alle sjansar til å bli ein verkeleg nasjon og insistere på vår eigen sjølv-suverenitet, men til skilnad frå bolivianarane var vi altfor grundig propagandiserte og rolege. Nokre gislar flyktar, andre ikkje.

Gough Whitlam

Imperiet USA kvitta seg med Whitlam, og då vi i 2007 valde ein statsminister som vart oppfatta som altfor venlegsinna mot Kina, gjorde dei det igjen; for å forenkle Obama-administrasjonen sin «pivot» mot Beijing, vart pro-Kina Kevin Rudd erstatta av den medgjerlege Julia Gillard. World Socialist Website  skriv:

«Hemmeleg US-amerikansk diplomatisk kommunikasjon publisert av WikiLeaks i desember 2010 avslørte at ‘beskytta kjelder’ ved den amerikanske ambassaden var sentrale figurar i opphøginga av Gillard. I fleire månadar forsynte i løynd nokre kupp-komplottdeltakarar, inkludert senatorane Mark Arbib og David Feeney, og sjefen for Australian Workers Union (AWU), Paul Howes, den amerikanske ambassaden med regelmessige oppdateringar på interne regjeringsdiskusjonar og skiljelinjer innan leiarskapen…

Rudd hadde føreslått eit Asia-Stillehavssamband i eit forsøk på mekling i den eskalerande rivaliseringa mellom USA og Kina, og gjekk imot formasjonen av ein kvadrupel militærallianse mellom USA, India, Japan og Australia, imot Kina.

Julia Eileen Gillard er en australsk politiker som fra 2010 til 2013 var statsminister i Australia. Hun var i samme periode også leder av Australian Labor Party. Wikipedia

Gillard, som hadde dyrka fram sine pro-USA-kreditiv gjennom Australia-USA- og Australia-Israel-leiarskapsforum, vart bokstaveleg talt utvald av USAs ambassade som ein påliteleg erstatning for Rudd. Då ho for første gong steig fram for ålmenta, etter knivstikkinga av Rudd, demonstrerte ho sine sympatiar med Washington då ho stilte opp på foto med den amerikanske ambassadøren, flankert av USAs og Australias flagg. Det varte ikkje lenge før ho fekk ein telefon frå Obama, som tidlegare to gongar hadde utsett eit planlagt besøk til Australia under Rudd.

Australi si sentrale plassering i høve til USA sine førebuingar til krig mot Kina, vart openlys i november 2011, då Obama annonserte sitt «pivot to Asia» i det australske parlamentet, heller enn i Det kvite hus. Under besøket signerte Gillard og Obama ein avtale om utstasjonering av amerikanske marinesoldatar i Darwin og å gi USA tilgang til andre militærbasar, og plasserte med det heile det australske folket i frontlinja for ein potensiell konflikt med Kina.

Gillard si regjering godkjente også ei utviding av den sentrale US-amerikanske militærbasen for overvaking og avlytting i Pine Gap, gjekk med på at USAs militære skulle auke bruken sin av australske hamner og flybasar, og oppgraderte Australia si rolle i det USA-leidde globale overvakingsnettverket «Five Eyes», som overvakar kommunikasjonen og internett-aktiviteten til millionar av menneske verda rundt.

Fjerninga av Rudd markerte eit vendepunkt. US-amerikansk imperialisme, via Obama-administrasjonen, sendte ei klar melding: det var ikkje lenger rom for tvetydig tale frå den australske herskande eliten.Uansett kva for parti som sat i regjering, ville dei utan vilkår måtte stille seg bak USAs konflikt med Kina, utan omsyn til konsekvensane av tapet av sine massive eksportmarknader i Kina.»

Det er dette vi ser over heile verda no: ein tredje verdskrig i sakte film, ført av USAs maktallianse mot dei nasjonane som til no har stått imot å bli absorberte inn i den. Som den klart mektigaste av dei uabsorberte nasjonane, er Kina det ultimate målet for denne krigen. Dersom imperiet lykkast i sitt ultimate mål, å stoppe Kina, vil dei de facto ha oppnådd ei global regjering som ikkje noko folk vil kunne opponere eller kome med dissens mot.

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men sjølv har eg aldri samtykka i ei verd der mektige styrkar rusta med atomvåpen viftar med dommedagsvåpen mot kvarandre medan dei kjempar for dominans over planeten og bryt ned mindre mektige nasjonar viss dei ikkje speler på lag i Kald Krigsleikane deira. Avspenning og fred må søkast og oppnåast, og vi må alle arbeide for eit liv saman på denne planeten, i samarbeid med kvarandre og med økosystemet vårt.

Den altøydeleggande, økofiendtlege livsstilen som det oligarkiske imperiet har gitt oss, passar ikkje for arten vår, og den vil drive oss til utrydding saman med Gud veit kor mange andre artar dersom vi ikkje finn ein måte å sette stopp for det på. Historisk sett gir ikkje herskarar frå seg makta frivillig, så vi vanlege menneske må kollektivt finne ein måte til å øydelegge propagandamaskina deira, tvinge fram ein slutt på imperialismen, og bygge ei sunn verd.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Karsten Winegeart

https://www.rt.com/op-ed/504263-caitlin-johnstone-america-allies/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Havet:

Hvordan påvirkes havnivået?

Forrige innlegg

Oslo-valget

Nær annen hver Oslo-velger vil øke innvandringa og si ja til muslimske særkrav

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.