NATO imploderer sakte, for dei manglar truverdige fiendar: seriøse folk i Paris og Berlin veit at Russland ikkje er nokon verkeleg trussel
av Bryan MacDonald, RT 16. juni, 2020
Du veit NATO er i trøbbel når sjølv Atlanterhavsrådet (Atlantic Council) sin øvste sjef innser at spelet er over. Det er no rikeleg tydeleg at USA vender sitt hovudfokus mot Asia, og at Europa blir stadig meir irrelevant for Washington.
Atlanterhavsrådet sine bekymringar er forståelege, for tenketanken sine årlege inntekter steig frå 2 til 21 millionar dollar mellom 2006 og 2016 – etter NATO sin ekspansjon inn i Aust-Europa. Dei rakar visseleg ihop mykje meir pengar no.

Hovuddrivkrafta bak pressgruppa sin finansielle suksess var god taiming. Etablissementet i USA hadde bestemt seg for å gjeninstallere Moskva som «hovudfienden» i post-Osama- og -Saddam-æraen, og pro-NATO-gruppa sin smidige anti-russiske bodskap var nyttig. Den kultiverte også dusintals høgprofilerte ‘fellows’ – sameinte i sin fiendskap til alt russisk – og den hoppa raskt på «desinformasjon»-bølga. Ja, dei ende opp med å forsyne Facebook med sensuristar på høgda av «Trump/Russland»-skrøna.
Men no er dei gode tidene over. Kina er den nye busemannen i Washington, og Russland blir gamalt nytt. Myten er utsliten.
Det demokratiske partiet har snudd frå å nemne Russland utan stans til å knapt snakke om dei i det heile. I mellomtida prøver Emmanuel Macron å hale Moskva «tilbake» til Europa, og Angela Merkel, den ‘atlantistiske’ tyske kansleren, har gått inn i si siste tid bak roret.
Dessutan herskar det ikkje ein gong i Aust-Europa samforstand om at Russland er den store stygge ulven. Polens president er meir interessert i å terge opp LGBT-rørsla [annleis seksuelt orienterte, mrk.] – han meiner at ideologien deira er «verre enn kommunisme» – og Ungarns Viktor Orban sa sist fredag at «regjeringa [hans]ser på relasjonane med Russland som spesielt viktige.»

Tydelegvis er pusten i ferd med å forsvinne frå NATO sitt kves. Slik det er no, er det berre organisasjonen sine tusentals tilsette, og våpenindustrien, som har interesse av at den skal lykkast. Sjølvsagt var hovuddrivkrafta til all NATO-utvidinga, slik avisa New York Times rapporterte i 1998, å tilby «[amerikanske] våpenprodusentar ein ny og kolossalt lukrativ marknad.» Men ikkje gråt for dei, for Kina er ein mykje saftigare ‘bad guy’ (slem gutt), sett frå deira finansielle perspektiv.
Atlanterhavsrådet er heilt klare over, og tydeleg redde for, kva det betyr for botnlinja deira. Det veit vi fordi deira administrerande direktør og president Fred Kempe i grunnen innrømte det i ein avisartikkel publisert på sundag. Kempe snakka om «transatlantisk fråkopling» og sludra vidare om «demokrati, opne marknadar og personlege rettar.»

«Skaden [frå redusert US-amerikansk påverknad] ville bli langtrekkande for Amerikas verdsomfemnande interesser, for europeisk einskap og påverknad, og for den viktigaste gruppa av demokrati og ope marknad-økonomiar som verda nokon gong har sett,» skreiv Kempe.
Den grunnlause myten om at «NATO spreier demokrati» overstig parodi på dette punktet. Sjølv «Freedom House», ein offentleg finansiert organisasjon i USA som jobbar for ‘regimeskifte’, innrømmer at fem av NATO sine 30 medlemmar ikkje er demokrati: Albania, Ungarn, Montenegro, Makedonia og Tyrkia. Men slapp av! Alle med litt hjerne veit at NATO handlar om USAs geopolitiske makt, og ikkje ‘verdiar’.
Ved vegs ende
Kempes hovudpåstand handlar om noko kalla “NATO 2030,” utforma for å «sikre at alliansen, samstundes som den held seg militært sterk, også blir sterkare politisk, og globalt sikre sin relevans i møte med eit meir sjølvhevdande Kina og ein global pandemi.» Han legg til at «utan slik innsats kan NATOs relevans dale raskare enn tilhengarane skjøner.»
Etter å ha lese dette stykket, står éin ting heilt klart: Kempe veit at spelet er over. Dessverre for Atlanterhavsrådet går det mot slutten for tida då ein kunne tene raske, lette pengar.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 340 ganger.
1 Comment
USA har såvidt jeg forstår kjempet innbitt mot at EU skulle samles om en egen styrke og bli en motvekt til amerikansk «virksomhet» verden over. Det kan se ut som at tiden for «splitt og hersk» er over, og at EU kommer til å videreføre dette arbeidet uten USA eller med en løsere tilknytning til USA. EU kan ikke leve med et NATO som i praksis er en lekegrind for USA.