POSTED IN Virkelighetsforståelse

Åtaket på historia

– flya som ikkje kom att.

0
Print Friendly, PDF & Email

Av Hans Olav Brendberg

Der dei riv statuar, vil dei brenna bøker. «Den mest effektive måten å øydeleggja folk på er å nekta dei tilgang til eller viska ut forståinga deira av historia si.», skreiv George Orwell.

Vi lever i ei tid der dette viskelæret arbeider jamnt og systematisk.

Denne prosessen er vi inne i no – og det går fortare enn mange legg merke til.

Det er over seksti år sidan John Foster Dulles døydde. Dulles var ein av dei mektigaste utanriksministrane i amerikansk historie. Posten som sjef for diplomatiet har vore ein utsett post i amerikansk historie: Viktige presidentar, som td. Franklin Roosevelt, ønskte å vera sin eigen utanriksminister. Etter krigen har ulike byråkrati, og det nasjonale tryggleiksrådet, slåss om tilgang til State Departments territorium.

Eisenhower var ikkje ein president som dikterte sin eigen utariksminister. Som Trump prioriterte Eisenhower høgt å få skikkelege sesongar på golfbanen, og i lange periodar hadde Dulles vide fullmakter i utmeislinga av amerikansk utanrikspolitikk.

Boka om brødrene Dulles.

Dette vart forsterka av at bror til John Foster – Allen Dulles – var sjef for CIA. Det gav ein ekstra spake for å styra det utanrikspolitiske spelet. I ettertid er brørne Dulles kjent for statskuppa i Iran og Guatemala, der dette veggspelet mellom utanriksminister og CIA-sjef styrta demokratisk valde regjeringar.

Men Dulles gjorde meir enn dette. Hovudmålet for utanrikspolitikken i Dulles periode var å innringa Sovjetunionen med antikommunistiske alliansar, med NATO som modell. Den viktigaste slike alliansen var SEATO – «Southeast Asia Treaty Organization». Men Dulles freista også å få på plass ein liknande allianse i Midt-Austen – av vittige tunger døypt «me too». På grunn av konflikten mellom Israel og dei arabiske landa måtte Dulles gje opp å få med alle viktige statar i området i alliansen sin. Løysinga hans vart «Baghdadpakta», der Tyrkia, Storbritannia, Irak, Iran (etter kuppet mot Mossadeq) og Pakistan gjekk saman i ein anti-sovjetisk allianse.

Men Baghdad-pakta levde aldri opp til det Dulles hadde vona på, og alliansen greidde so vidt å halta i veg til den til slutt vart oppløsyt i 1979. Forsøket på å byggja kaldkrigsallianse i Midtausten var også i sentrum av nokre av dei mest dramatiske hendingane i Dulles periode i State Department.

Kvifor halta denne alliansen slik? Ein av grunnane var sjølvsagt at USA sjølv ikkje vart med i dette prestisjeprosjektet til Dulles. Kvifor vart ikkje USA med? Selwyn Loyd, britisk utanriksminister i 1956 skreiv i «Suez 1956 – a personal account» at Dulles hadde forklart dette opplagte problemet med at Israellobbyen stod i vegen, og at han difor ikkje kunne forventa godkjenning i Kongressen.

En del av konflikten (krigen) i 1956 om kontrollen av Suez-kanalen var å blokkere den med å senke skip der. Dette gjorde Egypt som et av tiltakene for å få kontroll over den.

Då Dulles allianse var eitt år gamal, byrja korthuset hans å ramla i hop. Storbritannia, Frankrike og Israel gjekk til åtak på Egypt etter at Egypt nasjonaliserte Suez-kanalen. Ein rasande Dulles sytte frå sjukesenga for at dei tre musketerane audmjukt måtte trekka seg tilbake. Men skaden var skjedd. Suezinvasjonen førde til ei dominorekke av hendingar som kulminerte i revolusjonen i Irak i 1958. Baghdad var ute av Baghdadpakta. Dulles politikk låg i ruinar.

Denne historia er viktig å forstå, om ein vil forstå dagens Midt-Austen. For Dulles var ikkje den einaste stormaktsstrategen i USA som havarerte på grunn av israellobbyens innverknad i Washington. Ti år tidlegare hadde ein rasande George Marshall gjort alt han kunne, unntatt å gå offentleg ut mot Truman, for å hindra Trumans forserte godkjenning av den nye staten Israel. Både utanriksminister Marshall og forsvarsminister Forrestall var forbitra motstandarar av denne politikken, men Trumans valkampstrateg Clark Clifford og Trumans stabsarbeidar med ansvar for minoritetar,  David K Niles, meinte støtten til den jødiske staten var naudsynt for å vinna valet i 1948. Niles leverte jamnt posisjonspapir til presidenten som vart produsert av nøkkelmenn i den sionistiske lobbyen i Washington.

På femtitalet passa rett og slett ikkje Israel inn i USAs strategi for regionen, og resultatet vart ustabilitet og rot i amerikansk politikk. Dulles hadde makt nok til å be Israel, Storbritannia og Frankrike om å reisa heim med halen mellom beina etter den ulovlege krigen mot Egypt. Men han hadde ikkje makt nok til å gje liv til sin eigen allianse. Han kunne diktera Frankrike og Storbritannia, men ikkje Kongressen. Og i Kongressen fanst ein annan aktør som var godt informert, og kunne utmanøvrera Dulles.

Time er et ukentlig amerikansk nyhetsmagasin. Det ble grunnlagt i 1923 og i mange tiår var det dominert av Henry Luce, som utga en rekke kommersielt vellykte magasiner. Det er verdens største ukentlige nyhetsmagasin, med et opplag på ca. 3 millioner Wikipedia

Det finst ei utbreidd mistyding om at det er stormaktsinteressene til USA som har forma politikken landet fører i Midt-Austen. Det er ei av mange myter som lever sitt eige liv. Ein av dei som trudde på desse mytene, og som støtta staten Israel, var stjernejournalisten og historikaren Donald Neff. Neff hadde dekt Vietnamkrigen frå Saigon for «Time». Etterpå hadde han vore sentral i teamet frå Time som dekte månelandinga. Med denne bakgrunnen kom han til Jerusalem som Times korrespondent i 1975.

Som mange før han opplevde han å få røyndomen midt i fleisen. Fire år etter at han kom til Jerusalem sa han opp jobben i «Time». Resten av livet nytta han til å freista få ut den informasjonen som var totalt ukjent for han då han kom til Midtausten i 1975. Han skreiv ei rad artiklar i «Washington Report on Middle Eastern Affairs».  Han gav ut ein serie på tre bøker – «Warriors»-serien – om krigane i 1956, 1967 og 1973. Og han gav ut ei svært informativ bok om dei lange linene i amerikansk politikk i området, «Fallen Pillars».

Neff døydde for fem år sidan.

For å korrigera nokre av dei vanlege mistydingane om perioden, la eg ut eit sitat frå John Foster Dulles, slik Donald Neff gjev det att i «Fallen Pillars» (s. 99):

«I am avare how almost impossible it is in this country to carry out å foreign policy (in the middle east) not approved by the jews…. terrific control the jews have over the news media and the barrage the jews built up on congressmen…. I am very much conserned over the fact that jewish here is completely dominating the scene and making it almost impossible to get congress to do anything they don’t  approve of. The israeli embassy is practically dictating to the congress through influential jewish people in the country. «

Dette er nett same poeng som den britiske utanriksministeren Selwyn Loyd skreiv i si bok om Suezkrigen.

Eit slikt sitat frå ein sentral, amerikansk utanriksminister på femtitalet er i følgje sensuristane på Facebook i strid med deira «community standards», og gjev 24 timar karantene frå FB. Det er ikkje noko stort problem. Men det er ein indikasjon på at dette er viktig informasjon, og det fortel litt om korleis vi blir nekta tilgang til å diskutera vår eiga historie, og om korleis denne historia har vorte viska ut.

Abraham Wald var en matematiker som kom med viktige bidrag innen statistikk, økonometri, beslutningsteori og geometri. (Fra Wikipedia)

Under andre verdskrig fekk matematikaren Abraham Wald i oppgåve å kartleggja kvar returnerande bombefly hadde vorte treft, slik at ein kunne prioritera pansring på dei viktigaste delane. Medan han arbeidde med denne oppgåva, kom Wald fram til ein konklusjon som strir med den vi intuitivt landar på først. Når ein studerer treffmønster frå hundrevis av fly og plottar desse på omrisset av eit bombefly, er det lett å tenkja at ein skal pansra dei delane som blir treft oftast.

Men det plottomrisset ikkje syner, er dei flya som vart treft slik at dei styrta. So Wald foreslo å pansra dei delane av flyet som aldri hadde vorte treft på returnerande fly. Dette var dei vitale delane – fly som vart treft her kom aldri tilbake.

Dulles hadde grunn til å vera frustrert – politikken som han hadde freista sett ut i live hadde havarert. Difor fortalde han til dei som ville høyra, mellom anna sin britiske kollega, kvifor politikken hadde havarert.

Donald Neff hadde opplevd at mange av tinga han hadde trudd rett og slett ikkje stemte. Difor freista han få orden på informasjonen – og gjekk frå ein svært synleg posisjon i «Time» til å publisera artiklar og bøker i små opplag.

Dette er «flya som ikkje vende tilbake», den informasjonen eit fiendtleg mediesystem freistar hindra distribusjon av. 24 timar FB-fengsel for korrekt sitat av ein viktig, amerikansk utanriksminister fortel om kor tett sperreelden frå fiendtlege media er nett her.

Bilder m/tekst er lagt til av Knut Lindtner

Tidligere publisert på derimot.no

Forsidebilde: Annie Spratt

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Drivkraften bak ønske om Iran-krig:

Den jødiske lobbyen i USA.

Forrige innlegg

Iran og Venezuela er begge sanksjonert fra USA.

Nå handler de med hverandre.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.