POSTED IN Media

Assangesaken:

Mediene logrer for makten gjennom sin taushet.

0
Print Friendly, PDF & Email

Inga bjeffing i mediemørket

Av Hans Olav Brendberg

Hans Olav Brendberg

Gregory: Er det noko anna punkt du ønskjer eg skal leggja merke til?

Holmes: Den merkelege hendinga med hunden den natta.

Gregory: Men hunden gjorde ingenting den natta.

Holmes: Det var den merkelege hendinga.


Slik peikte Sherlock Holmes i «the adventure of Silver Blaze» på ein av dei viktige detaljane som etter kvart fører til at brotsverket vart oppklart. For hunden bjeffa ikkje, hunden gjorde ikkje noko. Og det kunne berre tyda ein ting: Hunden kjende forbrytaren, og difor vart ikkje vaktinstinkta utløyst. Hundar har sterke vaktinnstinkt, og vil alltid verja heimeterritoriet med å bjeffa mot inntrengarar. Men husets herre og meister er ingen inntrengar – når herren kjem, vil hunden logra. Ikkje bjeffa.

______________________________________________________________________________
…at USA berre treng stempla «hemmeleg» på dokumentasjon av krigsbrotsverk – eit slikt stempel vil i prinsippet gjera publisering ulovleg. Han som avslører forbrytarane blir straffa, medan forbrytarane går fri.
______________________________________________________________________________

Difor er pressedekninga av Assange-saka svært viktig. Dei som har sett seg inn i kva som skjedde i rettssalen i Belmarsh veit at det skjedde svært viktige ting her, og at saka har enorm prinsippiell interesse. Aktoratet prosederer på at alle utanfor USA som publiserer hemmelegstempla opplysningar om det amerikanske militære gjer, kan tiltalast etter den amerikanske spionlova. Dei prosederer på at vernet mot utlevering for politiske brotsverk som finst i internasjonale traktatar er verdilaust papir. Dei prosederer på at lovvernet for politiske brotsverk berre vil vera aktuelt når ein publiserer i USA, og at vi andre ikkje vil ha same vern. Og dei prosederer på at det ikkje er «politisk» å ønskja å eksponera amerikanske krigsbrotsverk for dagslys, for å endra USAs krigføring. Og ei logisk følgje av alt dette er at USA berre treng stempla «hemmeleg» på dokumentasjon av krigsbrotsverk – eit slikt stempel vil i prinsippet gjera publisering ulovleg. Han som avslører forbrytarane blir straffa, medan forbrytarane går fri.

Alt dette skjer i ein prosess der domaren heilt openlyst er partisk og freistar trakassera forsvaret, og der Assange ikkje får kommunisera normalt med sine forsvararar. Og ikkje minst: Dette skjer etter at vestlege medie i lang tid har formidla ugrunna myter om det som skjedde med Assange – myter som forsvaret plukkar frå kvarandre i rettslokalet.



Kva gjer so MSM i denne situasjonen? Det første som skjedde var at aktor heldt eit opningsforedrag retta mot media, der han sa at saka ikkje hadde noko med pressefridom å gjera. Han delte ogso ut argumentasjonen sin på miljøvenleg papir. Dei hovudstraumsmedia som var til stades klypte og limte «takeaways» frå denne orienteringa. Ingen av dei rapporterte når same mann seinare på dagen sjølv motsa alt han hadde hevda i opningsforedraget.


Ingen av dei viktige, prinsippielle spørsmåla som kom opp i tre dagar med rettsforhandlingar vart drøfta eller opplyst i MSM.

Den største mediaorganisasjonen i Noreg, NRK, dekte ikkje saka i det heile. Den viktigaste dekninga i MSM i Noreg var ikkje journalistisk. Det er ikkje-journalistar som Fredrik Heffermehl, Gisle Selnes og Bjørnar Moxnes som syter for at saka til ein viss grad blir opplyst i viktige medie som Aftenposten, Bergens Tidende og NRK. Dette handlar om eksterne kommentarar, ikkje nyhendedekning.

Dette er ikke en bjeff-hund. Den har heller nesten ikke hale å logre med.



Når MSM lograr i staden for å bjeffa i ei sak som handlar om livsvarig fengsel for publisering av krigsbrotsverk er det svært god grunn til å leggja merke til dette – for det er ei viktig hending, sjølv om ho er like lydlaus som hunden som gjorde ingenting.

Det er ei hending som reiser viktige spørsmål. Bør varslarar lita på medie som lograr i ei slik sak? Bør vi motstå svertinga av «konspirasjonsteoriar», og diskutera ope dei delane av vestleg tryggleikspolitikk som blir mørklagt av MSM? Er det ikkje på tide å diskutera maktmekanismane som gjer at journalistar ikkje tør å utfordra når det gjeld nyhende av dette slaget? Kva er det som har endra seg sidan slike avsløringar var grunnlag for journalistisk karriere – som den gongen John Pilger og Seymour Hersh byrja i bransjen? Korleis kan vi sikra betre kvalitetssikring i dei alternative nettverka som formidlar slike nyhende, slik at vi har eit alternativ til mørkleggjing i MSM?

Det er ei mengd spørsmål å diskutera her. Og vi kjem ikkje utanom – for det er ingen tvil. Hunden bjeffa ikkje.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Koker jordkloden?

Kloden drukner i snø!

Forrige innlegg

Også en historie som få kjenner til:

Den politiske mordbrannen i Nordbotten i 1940.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.