POSTED IN Media

Assange-saken:

Journalistenes manglende engasjement forteller at demokratiet er døende.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Frå demokrati til standssamfunn

Av Hans Olav Brendberg

Demokratiets atom er statsborgaren. Vi hadde borgarmeistrar lenge før vi fekk demokratiske statar. Men demokratiet i middelalderens byar var eit privilegium, ikkje ein lik rett for alle som budde i staten. Og middelalderbyens borgar forsvarte sine privilegium, ogso mot krav om at bønder og andre undersåttar skulle få dei same rettane som han sjølv hadde. Først når borgarskapet var borgarskap i ein stat, ikkje i ein by, vart statsmakta demokratisk og praktisering av demokrati ein rett, ikkje eit privilegium. 

Ein middelalderborgar ville ikkje forsvart ein bonde som freista praktisera dei same fridomane som han sjølv hadde. Tvert om ville han forsikra fyrsten at han ikkje hadde noko med saka å gjera, og gjeve fyrsten full støtte når den uregjerlege bonden vart sett på plass. Først når borgarskap vart utvida til nasjonen, og borgarrettane var noko som bymann og bonde hadde i lag, stod ein saman mot den utøvande mata når borgarrettar var truga. Borgar og statsborgar er to ulike konsept. Dei gamle stendene vart oppløyst, til fordel for ein ny samfunnstanke bygt på demokratisk likskap.

Det vi ser under rettssaka mot Assange er byrjinga på eit nytt standssamfunn. Dei store nyhendemedia reagerer akkurat slik ein middelalderborgar ville reagert om ein bonde vart forfølgt avdi han hadde freista opptre som fri mann. Ikkje ved å forsvara den frie mannens rettar. Men ved å underdanig signalisera til herskaren at dei set pris på sine privilegie, og ikkje har tenkt å blanda seg inn når uautoriserte praktiserer standsprivilegia.

Når journaliststanden, av ymse grunnar, opptrer slikt når Assange blir utsett for ein rettsfarse for å publisera ekte nyhende, reagerer dei akkurat slik du skal forventa at folk opptrer i eit standssamfunn. Og når folk opptrer som om dei lever i eit standssamfunn, gjer dei truleg det. Demokratiet er ei døyande styreform, sjølv om vi held på formene. Demokratiet er like ekte som monarkiet. Og er i ferd med å bli eit like tomt symbol. Makta har tatt nye former, og gjev oss eit grenselaust standssamfunn.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Mission impossible: Demokrati
    28 februar 2020 12:04

    Problemet er at demokrati simpelten ikke kan kombineres med globalisme. Demokrati og globalisme er to motsatser.

    I globalismens natur blir det nasjonale demokratiet i beste fall en mellomløsning mot globalismen, i verste fall en fiende som må elimineres.

    Og MSM spiller med på globalistenes parti. I dette bildet blir alt som kan oppfattes som systemkritikk feid under teppet. Ingenting må få lov til å slå brister i den blankpolerte fasaden. Kritikk avvises som et sammensurium av utstøtte og spedalske.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USA ut og Nato inn:

Krigene vil fortsette uten US-soldater.

Forrige innlegg

Rettssaken mot Julian Assange, dag 3

Hele prosessen virker helt surrealistisk.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.