POSTED IN Intervju, Ytringsfrihet

Årelange medie-løgner fører til informasjons-sult.

Derfor blir Putin-intervjuet en «top hit».

0
Print Friendly, PDF & Email

Scott Ritter: Tucker-Putin-intervjuet viser at amerikanarar «svelt etter informasjon» frå Russland

Til trass for at det nylege intervjuet Tucker Carlson hadde med president Vladimir Putin vart fordømt i hovudstraumsmedia, har fleire hundre millionar no sett det via sosiale media. Dette meiner forfattar Scott Ritter, tidlegare etterretningsoffiser i den amerikanske marinen, kan kome av at amerikanarar «svelt etter informasjon om kva Russland tenkjer». Han sa dette i eit intervju på medieformidlaren Sputnik sitt program The Critical Hour måndag 12.februar.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Sputnik rapporterer (mi omsetjing):

«‘Dei er bekymra for konsekvensane av det å tankelaust fordømme Russland, og det å haste i veg mot ein krig basert på ord som Russland ikkje får lov å seie slik at vi kan ta vurdering,’ la han [Ritter] til.

Tidlegare snakka Ritter om forsøk på å straffe Tucker for å halde intervjuet, inkludert tidlegare statsminister i Belgia, noverande medlem av Europa-parlamentet, som antyda at Carlson burde bli påført sanksjonar for å gje intervjuet.

‘For kva slags synd?’ spurde Ritter. ‘For den synda det er å late ein russisk president snakke?’

Intervjuet har blitt sett meir enn 198 millionar gonger på X, meir enn 15 millionar gonger på YouTube, pluss eit ukjent tal andre gonger på andre plattformer inkludert Carlson si eiga nettside.

Ritter sa at intervjuet til Tucker er beskytta av ytringsfridommen, som ‘ikkje automatisk er det same som klok tale,’ argumenterte han.

‘Men greia med ytringsfridom er at motgifta til dårleg tale er betre fri tale,’ forklarte Ritter. ‘Det tydar at dersom du har eit problem med det noko seier […], finn på betre idear og offentleggjer dei.’

Medan Ritter kalla Tucker ein ‘idiot’ for å ikkje vere betre førebudd på intervjuet, sa han at det viktigaste er at Putin fekk snakke til det amerikanske folket gjennom deira eiga linse.

‘[Putins] ord resonnerer fordi [amerikanarar] seier ‘Vent no litt. Eg vart fortalt at denne fyren er personifiseringa av vondskap. Eg vart fortalt at han ikkje vil ha ein framforhandla avtale. Eg vart fortalt at han med vilje invaderte, at han ønskjer å invadere NATO’’, forklarte Ritter. ‘Og [Putin] seier at han meir enn gjerne ønskjer å setje seg ved bordet og snakke dersom nokon vil snakke, at problemet her ikkje er Putin, men USA […] og lyset blir sløkt rundt om i USA.’

Tidlegare, trass kritikken hans, sa Ritter at han håper at ein framtidig president vil anerkjenne tenesta han [Tucker Carlson] gjorde for verda og ‘[føre] han til Det kvite huset og leggje presidentens fridomsmedalje rundt halsen på han.’»

Redaksjonen har lagt til bilde.

Forsidebilde: charlesdeluvio

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Når NATO er gud og USA er Jesus.

I Norge har vi en venstreside som er kjemisk renset for selvkritikk.

Forrige innlegg

Ikke på leirføtter:

Hvordan vi gjentar en historie med å undervurdere Russland.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.