POSTED IN Fagbevegelse, USA

Antirasisme:

Hvordan fungerer den i dag?

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kan antirasisme brukast til å kløyva arbeidarklassen?

Av Hans Olav Brendberg

Ei gamal sanning seier at rasisme blir brukt til å kløyva arbeidarklassen. Det er sant. Men om vi ser litt på historia, vil vi sjå at mange middel har blitt brukt til å kløyva arbeidarklassen. Rasisme er berre eitt av dei. Så spørsmålet er – kan det ikkje også vera motsett? Kan ikkje antirasisme i nokre tilfelle brukast til å kløyva arbeidarklassen?

Her kan det vera greitt å sjå litt bakom forenklingane. Det er USA som har vore hjarta i den vestlege diskusjonen om rase og rasisme, og det var borgarrettsrørslas siger på sekstitalet som både gav oss ein konsensus, ei breid semje, i desse spørsmåla. Men det var også i USA at frøa til notidas kløyving vart sådd. Og USAs arbeidarklasse er svært kløyvd, og i liten grad ei kraft. Trass i mange tiår med borgarrettslover og militant antirasisme. Kva er det som ikkje fungerer?

Bak termen «kvit» i USA finn du minst to ting. Skal vi ta to stereotypiar, kan vi skilja mellom liberale, utdanna kvite i nordaust og vestkyst – utdanningseliten i USA. Ofte protestantisk eller jødisk.

Jim Crow-lovene var en rekke lover som gjaldt i flere delstater i USA mellom 1876 og 1965. Lovene innebar rasemessig segregering gjennom å påby at de offentlige områdene hvor svarte og hvite kunne ferdes skulle holdes adskilt. Dette gjaldt for eksempel skoler, sykehus, offentlig transport, restauranter og hoteller. Wikipedia

På den andre sida har du kvite i sørstatane, det gamle «Jim Crow»-land som vart desegregert av borgarrettslovene.

Om ein skal teikna dei som stereotypiar, kan du seia at dei siste ofte har nære, og ofte hjarteleg tilhøve til svarte på det personlege planet. Men dei har paranoia når det gjeld svarte som gruppe, og når det gjeld svarte og vald. Denne paranoiaen blir ikkje minst stimulert av slike ting som opptøyene og plyndringa denne sommaren.

Utdanningseliten i nordaust og vest har eit positivt, teoretisk tilhøve til svarte som gruppe. Men ofte lite kontakt med svarte sjølve. Og når svarte byrjar flytta inn i nabolaget, har du ikkje same typen hjarteleg og menneskeleg kontakt som kvite i sørstatane ofte utviklar. Tvert imot er denne opplevinga prega av distanse, og frykt for at «there goes my neighbourhood».

Kvite i USA har med andre ord eit fundamentalt uærleg tilhøve til rase og dei historiske konfliktene som har følgt spørsmålet – men dette tek ulike former i nord og sør.

Hillbilly

Sigeren for borgarrettsrørsla i USA var ein siger for svarte alliert med det liberale nord og vest. Den tradisjonelle frykta i sør for svarte som gruppe er difor kopla saman med fiendskapen mot eliten i nordaust: Byråkratar, finansakrobatar og andre som ser ned på den vanlege, arbeidande kvite. Denne forakten for den vanlege kvite er mykje eldre enn borgarrettslovene. Den fattige kvite i sørstatane er «redneck», ein som blir solbrent avdi han står bøygd i arbeid ute på jorda. Han er «country trash», eller «poor white trash». Eller han er «hillbilly» – dei som dyrkar den mest tungvinte jorda oppe i åslandet. Det djupe klassehatet som pregar USA ligg under her. At ein «redneck» kan utdefinerast som «rasist» er berre eit nytt verktøy i verktøykassa for den amerikanske overklassen. Samstundes som det sjølvsagt også har røter i historie og realitetar. Etter sekstitalet har filmidustrien i Hollywood spydd ut den eine stereotypien verre enn den forrige om desse avskyelege menneska.

På førti- og femtitalet kunne du på tivoli i USA kjøpa kasteballar som du kasta på bilete av negergutar. Etter sekstitalet har den dumme, tannlause rednecken vore den einaste etniske pappfiguren att på tivoliet som det har vore lov å kasta på. Medan den politiske innverknaden til kvite i sørstatane har minka, har dei til gjengjeld vore attraktive som uorganisert, billig arbeidskraft etter kvart som industrien har flytta sør og vest, og den gamle tungindustrien har forfalle i rustbeltet.

Lyndon Baines Johnson, også kalt LBJ, var en amerikansk politiker og representerte det demokratiske partiet. Han var visepresident i USA under John F. Kennedy fra 20. januar 1961 til 22. november 1963. Han ble USAs 36. president etter mordet på Kennedy. Han ble valgt inn i Kongressen i 1937. Wikipedia

Dei kvite i sørstatane har alltid møtt diktat, etter at dei tapte borgarkrigen. Og dei har 150 års røynsle med å smila og bøyga etter – medan dei i løynd undergrev og motarbeider. Den som ønskjer å forandra mentalitetar i det amerikanske sør, oppnår lite med å preika og fordøma. Derimot er det neppe tvil om at folk som Lyndon B. Johnson nådde fram, avdi han kombinerte overtyding og samtale med insistering på lov og orden. Og dette gjorde han som demokrat frå sørstatane.

I nord har ein etter borgarrettsrørsla utvikla ei venstreside i storbyane med utagerande livsstilar som blir oppfatta som kulturframande i andre delar av landet. Transar med blått hår, veganarar og andre livsstilar i middelklassen lever i si eige boble, utan mykje kontakt med «middle America». I desse alternativmiljøa finn du også folk som trur på valdsbruk, og som ivrig deltek når det går av skaftet – som i Minneapolis i sommar. Desse er sjeldan ute etter å koma i dialog med det andre USA – dei vil heller vera emisærar og moralske domarar. Også dette er for så vidt gamal, amerikansk tradisjon. Dei som legg dette bak seg som ungdomssynder rekrutterer gjerne vidare til den skravleklassen som rår over kva som kan seiast i USA. Her er det streng kontroll, og ein balanserer på ein knivsegg – som Trent Lott oppdaga då han heldt tale på hundreårsdagen til tidlegare presidentkandidat Strom Thurmond. Det strengt kontrollerte spekteret av tillatne utsegner og meiningar er forsovidt eit resultat av borgarrettsrørsla. Men det som blir sagt offentleg samsvarar lite med det som skjer i landet. Kulturmøtet mellom svarte og kvite handlar framleis om venskap, synergi og mangfaldt i toppen. Armod, konflikter og utryggleik i botnen av det amerikanske klassesamfunnet. Og mange av dei verkelege problema, som burde vore rydda opp i, bør ein unngå å nemna om ein skal ha ei offentleg karriere.

Framtidsutsiktene til svarte i USA, særleg svarte menn, har ikkje vorte betre dei siste femti åra. Etter borgarrettsrørsla stoppa den positive utviklinga opp, medan reallønene vart ståande i ro eit halvt hundreår. Veldig mange svarte menn er fanga i ein jungel av vald, kriminalitet, fengselsopphald, oppløyste familiar og negative forventningar. Og trua på at politiske tiltak – desegregering, bussing og alt det andre som er forsøkt – skal hjelpa er lita. Korkje politisk korrekt antirasisme eller gangstarap bidreg stort til å redusera den smuldringa av tillit og naboskap som følgjer i kjølvatnet av dette. Tvert imot er det grunn til å tru at kontrasten mellom røynlege problem, og måten desse blir omtalt på, berre bidreg til å undergrava tillit til politikken. Då Johnson tidleg på syttitalet snakka om desse tinga, hevda han at ein tidlegare hadde sett på rasespørsmålet som eit problem i sørstatane – men at ein no ofte snakka om det som eit storbyproblem. Men Johnson meinte begge delar var feil: Dette var eit nasjonalt problem. Det hadde han truleg rett i – men USA greidde ikkje handtera dette som eit nasjonalt problem.

Fører hærverk og plyndring til økt oppslutning for republikanerne

Når folk protesterer godt organisert og fredeleg, aukar oppslutninga om demokratane i val. Når folk protesterer valdeleg, med plyndring og øydeleggjing, aukar oppslutninga om republikanarane. Dei store borgarrettsmarsjane var ikke-valdelege – det var dei gamle dixiekratane som møtte dette med vald. Og Kennedy og Johnson sette hard mot hardt – føderalstatens makt vart sett inn mot raseskiljet, for lov og orden. I dag er dette snudd på hovudet, og «lov-og-orden-kortet», alltid viktig i amerikansk politikk, verkar no mot demokratane og dei svarte. Og USA har neppe evne til å gjera noko til eit nasjonalt problem, når dei ikkje greier å gjennomføra ein ærleg, nasjonal samtale.

I denne stoda er eg ikkje sikker på at nulltoleranse for «rasisme», slik den utdanna eliten i USA tolkar ordet, er produktivt. Som alle konfliktar, er rasespørsmålet i USA ei konflikt med to sider. Ingen er i tvil om at svarte har vorte utsett for ein historisk urett. Men ein samtale vil aldri bli til noko, om ikkje folk kan snakka frå hjarta, og uttrykka den verda dei opplever. Dette handlar ikkje om å sleppa laus KKK, og det handlar ikkje om å underslå korkje slaveriet eller Jim Crow. Men det handlar om å freista finna kva hindringar som finst i dag – i staden for å skråsikkert hevda eit fastlåst verdsbilete som heilt tydeleg byrjar gå ut på dato. I staden for å snakka til, bør ein kanskje snakka med?

Og ikkje minst handlar det om å byggje bruer der det er djupe kløfter. For i dette kaoset er det dei rikaste 1% i USA – pene i tøyet og politisk korrekte og opptekne av «diversitet» – som er vinnarane. Og som har greidd å gjera både rasisme og antirasisme til reidskap for å kløyva arbeidarklassen.

Forsidebilde: Joan Villalon

Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Antifa brukes av voldsvenstre til å å starte en evig og alltid krig mot dem de ikke liker. Antifa er en motkraft til «Krigen mot terror » som har rammet venstresida sine allierte Islam og muslimene. Antifa har fordelen med å kunne bruke klassiske «gladio-style» operasjoner og falske flagg hendelser til å angripe dem de ønsker. Et eksempel er det voldelige angrepet på SIAN som ikke er facister. Antifa formålet er å ta oppmerksomheten vekk fra Krigen mot Terror og og deres mål og over på brunbeising av sine egne motstandere.

    Svar
  • Duverden. Dette er jo en beskrivelse av norsk ventreside:
    «I desse alternativmiljøa finn du også folk som trur på valdsbruk, og som ivrig deltek når det går av skaftet ……..– dei vil heller vera emisærar og moralske domarar.»

    «Veldig mange svarte menn er fanga i ein jungel av vald, kriminalitet, fengselsopphald, oppløyste familiar og negative forventningar. »

    Hverken i USA eller i Oslo er man fanget. Man utøver eller velger å ikke utøve;
    annet er rasisme å si.

    Svar
  • Kristensosialistene, Islam, antirasistene og voldsvenstre har kun det til felles og det er hatet mot innvandrings skeptiske, nasjonalister og antiglobalister. Allikevel allierer de seg i krigen mot de de hater. Og følgelig bruker de antifa som gatekrigere og statsstøttet politisk korrekt media som krigspropaganda.

    Svar
  • Legg merke til at Regjeringen vil ikke fordømme volden mot Sian. Regjeringen bruker antifa og voldspøbler som soldater for å tilintetgjøre SIAN. I denne krigen har Regjeringen og Islam urettferdige fordeler som de bruker ofte.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Julian Assange-saken fortsetter.

Hvor er den kritiske pressen?

Forrige innlegg

Avslørende video:

Jimmy Dore avkler Obama som en hykler.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.