POSTED IN Terrorisme

Angrepene på North Stream:

Det er Nato-land som angriper andre Nato-land.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Det var aldri nokon Nord Stream «hemmeleg operasjon» – President Bidens “Act of War” mot Europa

Prof. Michel Chossudovsky og Dragan Vujicic: Både Berlin og Brussel visste om sabotasjen før den vart utført

av Prof Michel Chossudovsky og Dragan Vujicic

Global Research, 2. mai, 2023

Michel Chossudovskys intervju med Dragan Vujicic, Serbias National News. (Utdrag og redigering avChossudovsky, Del I)

***

Nord Stream-sabotasjen vart annonsert på ein pressekonferanse i Washington den 7. februar, 2022, av president Biden og Tysklands kanslar Olaf Scholz. Kunngjeringa var einstydande med ei krigserklæring frå USA mot deira europeiske allierte.

Prof. Michel Chossudovsky

Intervju med Prof. Michel Chossudovsky, økonom, professor emeritus ved University of Ottawa og redaktør for den namngjetne, anti-globalistiske nettstaden Global Research.

Ifølge Michel Chossudovsky:

«Nord Stream-gassrøyrleidningane som som vart angripne ligg i den (maritime) territoriale rettskretsen til fire medlemsstatar av EU.

Etter Folkeretten er medviten øydelegging av førnemnde «eigedom» innanfor landets sjøterritorium utført av eller på vegner av ein framand statsaktør, ei krigshandling.»

«Det er NATO mot NATO. Det reiser presedens: ein NATO-medlemsstat er i krig mot eit kollektiv av europeiske NATO-medlemsstatar, «allierte» av USA».

***

Dragan Vujicic (DV): Du seier det ikkje var noko hemmeleg ved Nord Stream-operasjonen?

Prof. Michel Chossudovsky (PMC): Vi bør hugse pressekonferansen i Det kvite hus den 7. februar, 2022, der USAs president og Tysklands kanslar ope uttrykte sine intensjonar om å sprenge Nord Stream. Kanslar Scholz,som var på offisielt besøk i USA, gjekk fullt ut god for president Bidens uttrykte intensjonar om å sprenge Nord Stream-røyrleidninga, «viss russiske tanks går inn i Ukraina».

Olaf Scholz var fullt klar over at sabotasjeaksjonen mot Nord Stream hadde vore planlagt lenge før av USA-administrasjonen, til skade for over 400 millionar europearar.

DV: Har du utvetydige bevis for at kanslar Scholz var involvert?

PMC: La meg lese transkripsjonen frå pressekonferansen den 7. februar 2022. Spørsmåla var adresserte til både president Biden og kanslar Scholz: 

Andrea (Reuters) Spørsmål:    Takk, herr President.  Og takk, kanslar Scholz.  hr. President,  eg har ønska å spørje deg om dette Nord Stream-prosjektet som du lenge har vore imot. Du nemnde det ikkje ved namn nett no, det gjorde heller ikkje kanslar Scholz.  Fekk du forsikringar frå kanslar Scholz i dag om at Tyskland faktisk kjem til å sette ein stoppar for dette prosjektet dersom Russland invaderer Ukraina? Og diskuterte de kva definisjonen av «invasjon» kan vere?

PRESIDENT BIDEN: Første spørsmål først. Viss Tyskland – viss Russland invaderer – det betyr tanks eller troppar som kryssar grensa til Ukraina att – då vil det ikkje lenger vere nokon Nord Stream 2.  Vi vil sette ein stoppar for det.

Spørsmål: Men korleis vil du – korleis nøyaktig vil de gjere det, sidan prosjektet og kontrollen over prosjektet er under Tysklands kontroll?

PRESIDENT BIDEN:  Vi vil – eg lovar deg, vi vil greie å gjere det.

Andreas (Reuters)Spørsmål:  [til kanslar Scholz]  Og vil du forplikte deg i dag – vil du forplikte deg i dag til å skrua av og sette korken på Nord Stream 2? Du nemnde det ikkje, og du har ikkje nemnd det.

KANSLAR SCHOLZ: Som eg allereie har sagt, vi handlar saman, vi er absolutt sameinte, og vi vil ikkje ta ulike steg. Vi vil gjere dei same stega, og dei vil bli veldig, veldig harde for Russland, og dei bør forstå. (White House Press Conference mine uthevingar)

Video Below: Reuters Journalist: 10’15”

PMC: Scholz sitt svar er utvetydig. Han slutta seg til Biden si avgjerd om å bombe Nord Stream, samstundes som han unngår å kome inn på substansen i Reuter-journalistens spørsmål: dvs. «under kontrollen til Tyskland» som han er regjeringssjef for.

DV: Så utifrå desse orda til den tyske kanslaren konkluderer du med at Tyskland visste?

PMC: Sjølvsagt visste han. Det betyr ikkje at folk i Tyskland og EU visste.

Utsegnene hans er utvetydige. Han støtta Biden si avgjerd om å bombe Nord Stream. Scholz sine utsegner på pressekonferansen stadfestar at dette var ei felles avgjerd.Faktisk var det eit «forræderi» av den tyske kanslaren, som også hadde tilslutning frå Europa-kommisjonens president,Ursula von der Leyen. 

DV: Trur du denne typen bevis ville vere tilrekkeleg grunn for Den internasjonale straffedomstolen (ICC) til å ta tak i saka?

PMC: Internasjonal lov (Folkeretten) er eksplisitt på dette området. Nord Stream-røyrleidningane, som var gjenstand for angrepa, er lokaliserte innanfor den (maritime) territoriale rettskretsen til fire medlemsstatar av EU. I Folkeretten strekk «den territoriale integriteten» seg til «eigedom» lokaliset innanfor sjøterritoriet til nasjonsstaten. Ei overlagt øydelegging av slik «eigedom» innanfor eit lands sjøterritorium av eller på vegner av ein utlandsk statsaktør, er ei krigshandling.

Basert på Folkeretten burde Den internasjonale straffedomstolen (ICC) – for ikkje å snakke om  EU-domstolen (ECJ) – ha vore i stand til å stadfeste at det var ei krigsgjerning. Men ICC er korrupt. I Washington gjorde det kjent då han sa: «Vi vil gjere det, og vi har ein plan for å gjere det». Og det var ingenting hemmeleg med Bidens erklæring for ope kamera.

Eg hugsar bruken av våpenmakt mot Den tidlegare republikken Jugoslavia (FRY), i 1999. Landet ditt vart gjenstand for ei NATO-krigsgjerning, og det var ei illegal og kriminell gjerning basert på fabrikerte bevis som gjorde at dei kunne gi seg ut for å vere redningsmenn for det Kosovo-albanske folket. Frå eit juridisk standpunkt vart det gjort omfattande brotsverk av eit NATO som agerte kollektivt mot eit suverent land.

Her har vi ein annan situasjon. Ei krigshandling mot EU, som peikar mot brotsverk mot menneskeslekta. Det utløyser også ei djupt rota krise innanfor Atlanterhavsalliansen, som eg kunne skildre slik: Eit NATO-land, nemleg Amerikas foreinte statar, USA, har gjennom ei illegal sabotasjehandling (frå eit juridisk standpunkt) angripe sine europeiske allierte, som for det meste er NATO-medlemsstatar.

Det er ironisk at ingen av EU/NATO-medlemsstatane etter angrepet på Nord Stream i september 2022 har reist saka om at det var eit angrep frå ein NATO-medlemsstat mot alle EU/NATO-medlemsstatar.

Vi hugsar kanskje saka med Artikkel 5 i Atlanterhavsalliansens Washington-traktat, som vart brukt i oktober 2001 som påskot til å rettferdiggjere invasjonen av Afghanistan, nemleg at eit angrep frå ei framand makt mot ein eller fleire NATO-medlemsstatar er eit angrep mot alle medlemsstatar av Atlanterhavsalliansen under doktrinen ’kollektiv sikkerheit’.

Heile greia var ei stor løgn. Det fanst ikkje bevis for at Afghanistan hadde angripe Amerika den 11. september, 2001. 

Når det gjeld USAs bombing av Nord Stream, er det openlyst at Artikkel 5 ikkje gjeld, ettersom den «framande makta», nemleg USA, er ein NATO-medlemsstat. Det vi har å gjere med, er ei USA-sponsa krigshandling mot EU – eit EU der dei fleste landa er medlemmar av NATO.

«Det er NATO mot NATO».  Dette reiser presedens: Ein NATO-medlemsstat er i krig mot eit kollektiv av NATO-medlemsstatar.

Spørsmålet som burde stillast er om NATO framleis eksisterer som «allianse» når USA brukar sitt suverene herredømme over Den europeiske unionen, erklærer krig mot EU/NATO-medlemsstatane som er «allierte av Amerika».

DV: Korleis ser du på den europeiske økonomien i dag?

PMC. Vi har også å gjere med ei økonomisk krigsgjerning mot EU.

EU-økonomien, som har vore avhengig av billig energi frå Russland, er i kaos, merka av forstyrringar i heile strukturen til den industrielle produksjonen, transport og varehandel.

Ei rekke konkursar for storselskap som har resultert i oppseiingar og arbeidsløyse, faldar seg utover heile EU. Ein ventar at små og mellomstore verksemder vil bli feia ut av det økonomiske landskapet.

DV: Amerikansk gass i Europa er no sju gongar dyrare, og leverandørar frå USA ber europearane om 20-års-kontraktar for å garantere forsyningsregularitet til gjengjeld?

PMC: På lang sikt vil det ikkje fungere. I ein global økonomi er det slik at om du vil kjøpe gass, så ser du etter den beste prisen. Diu kan kjøpe russisk gass via eit tredjeland, til dømes India.

Eg bør nemne at Euro er ein dollarisert valuta. Medlemsstatane er finansielt avhengige av Den europeiske sentralbanken (ECB), som har som president Christine Lagarde, ein av IMF sine tidlegare sjefar.

ECB er kontrollert av mektige bankinstitusjonar, inkludert Wall Street og USAs sentralbank (U.S. Federal Reserve). 

Denne sosiale og økonomiske øydelegginga av både Europa og verda elles har pågått sidan starten av koronakrisa tidleg i 2020, som råka fleire enn 190 land. Nedstenginga den 11. mars 2020 handla om å innesperre arbeidsstyrken og fryse arbeidsplassane, noko som resulterte konkursar og fattigdom. Forsyningskjedane i realøkonomien vart brotne.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Philippa Rose-Tite

Copyright © Prof Michel Chossudovsky and Dragan Vujicic, Global Research, 2023



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 473 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Basert på Folkeretten burde Den internasjonale straffedomstolen (ICC) – for ikkje å snakke om EU-domstolen (ECJ) – ha vore i stand til å stadfeste at det var ei krigsgjerning. Men ICC er korrupt. I Washington gjorde det kjent då han sa: «Vi vil gjere det, og vi har ein plan for å gjere det». Og det var ingenting hemmeleg med Bidens erklæring for ope kamera.»

    Og:
    » Eg bør nemne at Euro er ein dollarisert valuta. Medlemsstatane er finansielt avhengige av Den europeiske sentralbanken (ECB), som har som president Christine Lagarde, ein av IMF sine tidlegare sjefar.
    ECB er kontrollert av mektige bankinstitusjonar, inkludert Wall Street og USAs sentralbank (U.S. Federal Reserve). »

    Det er vel ikke noe vits i å si noe mer.
    Annet enn at våre politikere i Norge er trojanske hester.
    – Og at vi hverken har noen fri politisk opossisjon eller fritt media lengre i Norge.
    Vi er okkupert.
    Tenn varder.
    Gjerne med møbler fra Løvebakken.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

En trenger ikke brenne bøker.

«Bokbrenning» på norsk.

Previous Post

I Italia er antallet covid-døde redusert fra 130 000 til under 4000.

Var Korona-trusselen en bløff?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.