Ei gruppe foreldre sende ansiktsmaskene til barna sine til eit laboratorium for analyse. Her er det dei fann:
«Halvparten av maskene var ureina med ein eller fleire stammar av bakteriar som forårsakar lungebetennelse»
I godt over eit år har vi blitt fortalde at omfattande, tvungen bruk av maskering bør implementerast, fordi – sjølv om det berre har moderat eller minimal effekt på hindring av spreiinga av Covid-19 – det har NULL ulemper.
«Kva skade gjer det?» spør dei.
«Det er berre pittelitt ubekvemt,» brekar dei.
«Viss det reddar EITT LIV, er det verdt det!» tryglar dei.
I mellomtida har vi på Team Reality ikkje berre halde fram med å peike på faktiske data som viser at maskering er totalt ineffektivt, vi har også vore faste på at tvungen maskering av folket, særleg på lang sikt, har negative samfunnsmessige og sjølv helsemessige forgreiningar som dei ved makta berre så altfor villig ignorerer, underdanige som dei er mot sin nyfunne fjesmaskegud.
Det følger logisk at ei av desse helseforgreiningane vil vere det faktum at millionar av menneske, særleg barn, har blitt tvinga til å ha på seg og bere rundt på tøystykke som dei kontinuerleg har pusta gjennom i fleire timar i strekk. Kva slags patogenar (sjukdomsframkallande organismar eller virus) kan det ligge på lur i desse avskyelege innretningane som uopphøyrleg blir fingra med, putta i lommer, tankelaust slengde på bøker, bord og pultar? Vel, ei gruppe Forida-foreldre sende eit sett masker som barna deira hadde brukt av garde til laboratoriet for å finne det ut. Og jau då, du bør kanskje forsikre deg om at du ikkje skal ete middag i nær framtid før du fordøyer DESSE resultata.
Via ei pressemelding:Gainesville, FL (16. juni, 2021) – Ei gruppe foreldre i Gainesville, Florida, som var uroa over potensielle skadar frå maskebruk, sende inn seks ansiktsmasker til eit laboratorium for analyse. Den resulterande rapporten fann at fem masker var ureina med bakteriar, parasittar og sopp, inkludert tre med farlege, patogene og lungebetennelsesforårsakande bakteriar. Ingen virus vart funne på maskene, sjølv om testen var i stand til å oppdage virus.Analysen påviste følgande 11 alarmerande farlege patogen på maskene:• Streptococcus pneumoniae (lungebetennelse)• Mycobacterium tuberculosis (tuberkulose)• Neisseria meningitidis (meningitt, sepsis)• Acanthamoeba polyphaga (amøbe som kan føre til hornhinnebetennelse og granulomatøs amebisk encefalitt)• Acinetobacter baumanni (lungebetennelse, blodinfeksjonar, meningitt, urinvegsinfeksjonar – antibiotikaresistente)• Escherichia coli (matforgiftning)• Borrelia burgdorferi (forårsakar Lyme disease)• Corynebacterium diphtheriae (difteri)• Legionella pneumophila (Legionærsjuka)• Staphylococcus pyogenes serotype M3 (alvorlege infeksjonar – høge dødstal)• Staphylococcus aureus (meningitt, sepsis)

Halvparten av maskene var besmitta med ein eller fleire stammar av lungebetennelsesframkallande bakteriar. Ein tredel var besmitta med ein eller fleire stammar av meningittframkallande bakteriar. Ein tredel var besmitta med farlege, antibiotikaresistente bakterielle patogenar. I tillegg vart det identifisert fleire mindre farlege patogenar, inkludert patogenar som kan forårsake feber, magesår, akne, soppinfeksjonar, streptokokk- halsbetennelse, tannkjøtssjukdommar med meir.
Ansiktsmaskene som vart analyserte var nye eller nyvaska før bruk og hadde vore på i 5 til 8 timar, dei fleste på skulen og av barn i alderen 6 til 11 år. Ei av dei var brukt av ein vaksen. Ei T-skjorte som eitt av barna hadde hatt på seg på skulen og ubrukte masker vart testa som kontroll. Ingen patogenar vart funne i kontroll-«gruppa». Proteinar funne på T-skjorta, til dømes, er ikkje patogene for menneske, og er vanlege å finne i hår, hud og jord.
Ein forelder som deltok i studien, frk Amanda Donoho, kommenterte at denne vesle stikkprøva peikar på eit behov for meir forskning: «Vi treng å vite kva vi puttar på ansikta til ungane våre kvar dag. Masker gir eit varmt, fuktig miljø for bakteriane å vekse i.»
Desse lokale foreldra engasjerte laboratoriet fordi dei var bekymra over potensielle smittestoff på maskene som barna deira var tvinga til å gå med heile dagen på skulen, der dei tok dei av og på, la dei på ulike overflater, hadde dei på på do osv. Dette fekk dei til å sende maskene til Universitetet i Florida sitt forsknings- og utdanningssenter for massespektometri for analyse.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Taylor Brandon
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 485 ganger.
3 kommentarer. Leave new
[…] av Monica Sortland for Derimot.no. Originalen: A Group Of Parents Sent Their Kids’ Face Masks to a Lab for Analysis. Here’s What […]
Vi med hjerne har vist om dette leeenge. Det å gå med det tøystykke klistret i ansiktet dagen lang et ikke sunt.
Bare de masker som gjør at du ikke kan lukte en fjert vil kunne hjelpe mot virus. En sykepleier jeg kjenner brukte sykehusets maske da hun kostet kjelleren etter murarbeid. Etterpå snøt hun seg i hvitt kjøkkenpapir og kunne konstatere at snørret var misfarget av murpuss. Så lite er de beste maskene verd.
Men trådene i alt dette tullet kan samles tilbake til Christan Drosten; den tyske prisbelønnede virologen som etter sigende i løpet av to dager i begynnelsen av 2020 utviklet en PCR test basert på maskinell analyse av prøver tatt inne i munnhulen. Testen ble øyeblikkelig, uten flere studier eller uten at Drosten selv hadde sett viruset, antatt av hele verden som så ble samlet til ett folk, ett Koronarike og under en fører. Føreren må være PCR testen som så grundig har blitt kritisert av en mengde forskere, Michael Yeadon, anerkjent virolog og tidligere visepresident for Pfizer en av dem, og han peker på Drosten som medskyldig i et komplott. https://www.bitchute.com/video/eqzgyTMssFvn/
Men en sak har begynt å komme meg i sinn; spørsmålet om hvorvidt de av laboratoriene anvendte maskinene for analyse er mulige å hacke eller om de kan programmeres regionalt, eksempelvis ved anvendelse av GPS eller IPS adresse. Kan maskinene ha tilgang til internett? Hvis stemmemaskiner kan hackes, og det er konkret og rettslig bevist at de kan, så kan alt elektronisk utstyr gjøres hackbart og/eller programmeres. Jeg påstår ikke, jeg postulerer en hypotese, og hvorfor ser man ikke denne undringen noen steder?