POSTED IN Coronavaksiner, Krig-fred

Alle kan få fredsprisen hvis de er for krigsmaskinen Nato.

Hva med fredsprisen til Korona-motstandere?

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Dette innlegget fra Saksyndig fortjener oppmerksomhet ikke fordi jeg støtter tanken om fredspris til motstandere av nedstengninger (det er i strid med Nobels testamente og vilkårene for prisen), men fordi det illustrerer den inflasjonen vi har i utdeling av fredspriser til folk som aldri skulle hatt den.

Noen av de verste eksemplene er prisen til krigsforbryteren Kissinger og til den presidenten i USA som har ført flest kriger for USA i sin presidentperiode, Obama.

Barack Hussein Obama II er en amerikansk jurist og politiker som var USAs 44. president fra 2009 til 2017. (Fra Wikipedia). Han førte 7 ulike kriger i sin presidentperiode.

Forslaget er dessuten mer i tråd med Nobels intensjoner enn forslagene om fredspris til Nato-sekretær Jens Stoltenberg som aldri tar ordet fred i sin munn og enda mindre foreslår tiltak for fred eller til den russiske opposisjonspolitikere Navalny som aldri har vært opptatt av fred.

Fredsprisforslag brukes i dag til politiske formål – de er til innvortes bruk og har ingenting med Nobels fredspris å gjøre. De sier dermed noe om de som fremmer dem som kalkulerende politikere, men også om den utglidningen som har funnet sted med Nobelkomiteen i Norge.

I dag deles ikke fredsprisen ut til fredsforkjempere men til de som ikke kritiserer Vestens virkelighetsforståelse, noen ganger til krigshissere. Norge er det landet som pr. innbygger bruker mest til å støtte krigen i Ukraina og som produserer mest våpen pr. innbygger. Vi er helt uegnet til denne prisutdelingen og den skulle for lengst vært overført til et annet land f.eks. Island som ikke har noen væpnete styrker.

Knut Lindtner
Redaktør

Covid-motstanden fortener Nobels fredspris

ein lengre artikkel publisert på Brownstone Institute 16.februar 2024 er Ramesh Thakur inne på ein tanke som ofte har streifa meg: Covid-motstandarane er vår tids heltar, og vi fortener all den heider og ære vi kan få. Thakur nemner spesifikt Nobels fredspris, som med Alfred Nobel sine eigne ord slik det stod i testamentet hans, skal gå til «personen som har gjort mesteparten eller det beste arbeidet for brorskap mellom nasjonar, for avskaffinga eller reduksjonen av ståande hærar og for halding og fremjing av fredskongress» (mi omsetjing).

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Dei som historisk sett har fått fredsprisen har derimot ikkje vore alltid vore mest eigna for den. Mellom anna fekk Mahatma Gandhi aldri fredsprisen, medan den no berykta Henry Kissinger fekk den (saman med nordvietnamesiske Le Duc Tho i 1973). Ironisk nok fekk Barack Obama òg fredsprisen tilbake i 2009, og her skal det seiast at nominasjonskomiteen valde ut han som mottakar før han vart president. Artikkelforfattaren meiner dette gjorde sjølve prisen om til ein vits. Obama nekta til og med å møte Tenzin Gyatso, betre kjent som Dalai Lama – som fekk Nobels fredspris tilbake i 1989.

Ideelt sett har mottakarar av fredsprisen fått den på grunn av sin kamp for menneske-, kvinne- og barnerettar. Som Thakur skriv:

«Få lesarar av denne nettstaden vil seie seg ueinige i påstanden om at nedstengingar, maskepåbod og vaksinepåbod utgjorde dei mest horrible åtaka på menneskerettar, barnerettar, borgarrettar, personlege og føretaksmessige fridommar, og demokratisk praksis, der dei påverka det største talet av menneske i historia.

Grensa mellom liberalt demokrati og drakonisk diktatur forsvann raskt. Retten til fredelege protestar, eit kjennemerke i eit demokrati, vart kriminalisert. I Cambridge Freshfields Law-førelesinga 27.oktober 2020 sa Lord Jonathan Sumption, den nyleg pensjonerte britiske høgsterettsdommaren:

‘Under covid-19-pandemien har den britiske staten utøvd makt og tvang på sine borgarar i ein skala dei aldri tidlegare har prøvd… Det har funne stad det mest betydelege inngrepet i personleg fridom i historia til dette landet. Vi har aldri prøvd å gjere noko slikt tidlegare, sjølv ikkje i krigstid, og sjølv ikkje når vi stod overfor helsekriser langt meir alvorlege enn denne.’»

Dette fann med særs få unntak stad i alle vestlege land, der det vart lagt strenge føringar på alt frå når folk kunne handle, kor stor avstand dei kunne ha til andre, kva dei kunne kjøpe, og til og med kva retning dei kunne gå inne i lokala.

Hyggelig tid med masker?

«Vi opplevde ein generell husarrest av friske menneske; brot på kroppsleg integritet, ‘min kropp, mitt val’, og prinsippet om informert samtykke; spreiinga av overvaking, administrasjons- og biotryggleiksstaten; behandlinga av menneske som basill-infiserte sjukdomsberarar; den regelrette umenneskeleggjeringa av folk som berre ville vere i fred; vondskapen i å nekte eit siste farvel med døyande foreldre og besteforeldre og den emosjonelle stenginga av skikkelege gravferdsseremoniar; gledelege feiringar av bryllaup og bursdagar; statlege diktat om kven vi kunne møte (og ha sex med), kor mange, kor og kor lenge; kva vi kunne kjøpe, når og kor; og tjuveriet av barna si utdanning og økonomiske tryggleik ved å tynge dei med gjeld fleire tiår inn i framtida.

Alle institusjonelle kontrollorgan som kunne ha sett ein stoppar for denne overstyringa og maktmisbruken, frå lovverk til rettssystemet, menneskerettsmaskineriet, profesjonelle foreiningar, fagforeiningar, kyrkja og media, viste seg å ikkje vere skikka til dette føremålet og la seg på rygg når vi trong dei mest.»

Artikkelforfattaren skriv at i Storbritannia valde enkelte eldre å ikkje late seg leggje inn på sjuke- og aldersheimar. Dei ville heller døy i smerte omringa av familien enn å stå overfor ein einsam død på institusjon. Med tanke på Midazolam-regimet som rådde i landet i 2020, hadde dei eldre truleg langt større overlevingssjanse i sine eigne heimar enn på desse dødsfabrikkane.

I Australia utvikla det seg raskt ein politistat med overvaking og vilkårlege straffar. Det var i praksis krigslover som var forkledde som helsekriselover.

Det var farlig å leke ute.

«Ei fullvaksinert bestemor i Sydney vart nekta løyve til å reise til Melbourne for å passe på barnebarna sine medan dottera kjempa mot framskriden brystkreft. I ein landsby vart ei gravid kvinne som la ut eit innlegg på Facebook som støtta ein fredeleg demonstrasjon mot nedstengingane i delstaten Victoria, lagt i handjarn og arrestert heime hjå seg tidleg om morgonen, framleis i pysjamas, medan familien såg på. Ei mor i New South Wales miste babyen sin etter å ha blitt nekta behandling i Brisbane fordi sjukehusa i Queensland berre var for queenslanderar.

Som eg [Thakur] sa, har tidlegare mottakarar av fredsprisen typisk betalt ein høg personleg pris for sitt forsvar av rettane til menneske, kvinner og barn. Dei fleste av dei utviste eksepsjonelt mot i kampane sine, overtyda om at dei gjorde det rette. Eg var sopass heldig at eg ikkje måtte betale nokon personleg pris for min opposisjon mot covid-edikta, men eg kjenner mange som leid, men som modig heldt seg til sin prinsippfaste opposisjon mot den største statssponsa kampanjen mot veletablerte rettar og fridommar.

Enkelte oppretta nettstader for alternative nyheiter og kommentarar som voks og skapte nye samfunn der ein kunne dele funn og tankar og kome over kjensla av isolasjon. Andre snakka ut trass trugslar, som ofte vart utførde, om alvorlege konsekvensar for jobben og livet. Nye organisasjonar vart oppretta for å motverke den gjennomsyrande propagandaen og sensuren gjennom samarbeidet mellom staten, farmasiindustrien, etablerte og sosiale media og teknologiplattformer. Kanadiske lastebilsjåførar organiserte ein fridomskonvoi til Ottawa som fanga merksemda til verda, men som fekk Justin Trudeau til å setje i verk hjarterå, autoritære mottiltak.

Der burde ikkje vere nokon mangel på potensielle kandidatar for fredsprisen som ei anerkjenning av deira tapre innsats for å halde fridomens flamme brennande i desse mørke tider.»

Saksyndig vart oppretta under verste «pandemien» som ein motreaksjon på stoda i samfunnet. Sjølv miste eg jobben etter 15 år hjå same arbeidsgjevar, og opplevde at so godt som alle mine venner, tidlegare kollegaer og kjenningar vende meg ryggen. Innsatsen min vart utsett for eit «minnehòl» (memory hole på engelsk), det var som om eg ikkje hadde jobba der i det heile. Situasjonen min liknar den til Charter-Svein, som miste alt over natta etter at han brende eit munnbind i Oslo. Om nokon nordmenn skal få fredsprisen, vil eg utnemne han til ein av kandidatane, i lag med Margrethe Salvesen og Barbro Paulsen – berre for å nemne dei mest prominente.

Alle som har sett liv og karriere i fare for å gjere ein innsats til det beste for menneskeheita, er i mine auge heltar og heltinner. Og dei bør alle få si lønn.

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Så lenge «folk» lar seg terrorisere vil vi ha tyranner. Så lenge vi har «folk» som er villig til på ordre skyte for å drepe mot betaling, vil det være krig. Så lenge det finnes folk som lystrer og lar seg kue, vil vi bli styrt av despoter og psykopater. Er det noe de siste fire år har gjort med oss, så er det at de virkelige fiender av menneskeheten har trådt fram i lyset og blitt eksponert for alle som vil se. Det fryktlige er at disse psykopatene har tydelig sagt at det vi har opplevd til nå bare er en «forrett» til hva de akter å utsette oss for neste gang. De har forberedt et mye værre biologisk våpen som vil ta livet av uendelig mange flere enn sist. Det er sagt og skrevet i FN ‘s agendaer. Så hva faen gjør vi for å forsvare oss? Mot nye kriger, legalisering av pedofili, et totalt korrupt rettsvesen, fredspris til krigsforbrytere, tvangsmedesinering, renteøkning, tyveri av alle våre felles ressurser, politikere som er på fullstendig kollisjonskurs og hater befolkningen de er valgt til å hjelpe. Må dette skje for at vi skal skjønne at vi er så ufattelig avhengig av hverandre? Vi er på besøk en stakket stund. Det er nok til alle. Det er plass til alle. Men vil vi dele med hverandre?

    Svar
    • Veldig bra, Olav B!
      Videoer fra Madrid i går er groteske; politi i krigsmundur, visir og køller denger løs på bondeopprørerne som forlangte å få demonstrere slik det var blitt gitt løyve til.
      Min nominasjon går til Sør-Afrikas forkjempere for våpenhvile.

      Svar
      • MEDISINprisen til anti-vaxerne, levende og døde, for «plandemic death count», de pharma har avlivet hvis de stod i veien for massemordet, de er ganske mange. Rainer Fuellmich tas ut av fangenskap for å motta prisen.

  • Torfinn Slettebø
    22 februar 2024 12:29

    Einig med «e». Medisinprisen må vera eit betre val enn fredsprisen.

    Fin innleiing frå Lindtner!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Den store tenketanken i USA, RAND, har tenkt:

«Få i stand våpenhvile og fredsforhandlinger mellom Russland og Ukraina.

Forrige innlegg

Åpner vi døren for barneporno og pedofili?

Endetidstegn for Vesten: EU legaliserer barneporno, etter WEF-agendaen for å normalisere pedofili intensiveres

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.