POSTED IN USA

Alle imperier kollapser.

4 tegn på USAs kommende kollaps.

9 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Denne artikkelen som jeg flere ganger tidligere har publisert på derimot.no fortjener å hentes frem i tilknytning til det som nå skjer. For det vi er vitne til er en verdensorden som mange trodd var fast og stabil og som nå rystes i sine grunnvoller.

Vi har publisert flere artikler av ulike skribenter som har hevdet at vårt system, kapitalismen i sin imperialistiske (globaliserte) fase ikke er bærekraftig. De bruker ikke slik ord som jeg, men innholdet er det samme. Dette kan ikke fortsette og Koronaen er bare et påskudd til det som så langt ser ut til å være en fullstendig omstrukturering av økonomien og samfunnet.

Knut Lindtner

4 teikn på USAs kollaps, som også fanst i Sovjetunionen

av Dmitry Orlov

Dmitry Orlov

 

Dimity Orlov er en blogger i USA, bosatt i Boston.

Når ein tenker gjennom den (for tida) gradvist openberra kollapsen til det amerikanske imperiet, så er kollapsen til Samveldet av Sovjetrepublikkar, som hende for nær tre tiår sidan, ei gullgruve av nyttige døme og analogiar. Visse hendingar under Sovjets kollaps kan tene som nyttige signal under USA sin, og dei lar oss formulere betre gjettingar om tidfesting av hendingar som raskt kan gjere ein gradvis kollaps om til ein brå ein.

Då den sovjetiske kollapsen skjedde, var den universelle reaksjonen «Kven kunne ha visst det?» Vel, eg visste. Eg hugsar spesielt ein samtale eg hadde med ein kirurg sommaren 1990, rett før eg skulle under kniven for å få fjerna blindtarmen, medan eg venta på at anestesien skulle slå inn. Han spurte meg om kva som ville skje med Sovjet-republikkane, spesielt Armenia. Eg fortalde han at dei ville vere uavhengige om under eit år.

Han såg heilt sjokkert ut. Eg feila med eit par månadar. Eg håpar eg vil klare å varsle USAs kollaps med same presisjonsgrad.

Sovjetunionens kollaps kom overraskande på mange

Eg var nok i ein god posisjon til å vite, og eg er freista til å våge gjette på korleis eg oppnådde det. Ekspertiseområdet mitt på den tida var elektronikk for måling og datainnhenting ved fysikkeksperiment med høg energi, ikkje sovjetologi. Men eg hadde tilbragt sommaren før i Leningrad, der eg vekste opp, og hadde ein klar ide om kva som var på gang i SSSR.

I mellomtida hadde heile flokken av faktisk betalte, profesjonelle Russlandsekspertar som var forskansa i ulike regjeringskontor i Washington eller som konsumerte oksygen i ulike stiftingar og universitet i USA, absolutt inga aning om kva ein kunne vente.

Eg mistenker at her er eit prinsipp involvert: dersom karrieren din er avhengig av at X held fram med å eksistere, og dersom X er i ferd med å slutte å eksistere, så vil du ikkje vere svært motivert for å presist føreseie den hendinga. I motsett fall, dersom du skulle klare å presis føreseie den spontane eksistensmangelen til X, så ville du også vore smart nok til å skifte karriere på førehand, dermed ville du ikkje lenger ha vore ein ekspert på X, og meininga di om saka ville ikkje blitt tatt omsyn til. Folk ville tenke at du føkka deg sjølv bort frå ein heilt grei jobb, og no er blitt bitter.

Akkurat no observerer eg same fenomen i sving blant russiske ekspertar på USA: dei kan ikkje førestille seg at dei ulike tinga som dei har brukt livet sitt på å studere, raskt svinn bort til irrelevans. Eller kanskje kan dei, men vel å halde oppfatninga for seg sjølve av frykt for å ikkje lenger bli inviterte til talk show’a.

Vil ein kollaps i USA komme like overraskande som i Sovjetunionen?

Det er vel slik at sidan ekspertise handlar om å vite svært mykje om svært lite, så blir det å vite alt om ingenting – ein ting som ikkje eksisterer – det logiske endepunktet. Det får gå som det vil. Men eg trur at vi ikkje-ekspertar, væpna med etterpåklokskapen som blei gitt oss etter Sovjets kollaps, kan unngå å bli like sjokkerte og lamslegne av den amerikanske.

Dette er ikkje eit akademisk spørsmål: dei med presis peiling vil kunne kome seg til h* ut i tide, medan lysa framleis for det meste er på, medan ikkje alle traskar rundt i ei droge-indusert mental tåke, og massenedskytingar og andre typar ragnarok framleis blir rekna som nyheitsverdige.

Denne etterpåklokskapen gjer at vi kan få auge på visse markørar som viste seg den gongen, og som viser seg no. Dei fire eg vil ta føre meg, er følgande:

Allierte blir framandgjorte
Fiendskap spreier seg
Ideologi blir irrelevant
Militære haldningar blir slappe

Alt dette kan ein tydeleg sjå allereie i den amerikanske kollapsen. Som med den sovjetiske kollapsen, er det ei viss inkubasjonstid for kvar av desse trendane, som varer kanskje eit år eller to, og der det ser ut til å ikkje hende så mykje, men når perioden er over brakar alt laus på ein gong.

1. Alliansar

Då den sovjetiske kollapsen utfalda seg forvitra tidlegare venskap, først til irrelevans, deretter til direkte fiendskap. Før kollapsen gjekk jernteppet mellom austre og vestre Europa; tre tiår seinare går det mellom Russland og dei baltiske statane, Polen og Ukraina.

Medan Warszawapaktlanda i etterkrigstida fekk mange føremoner ved si tilknytning til Russland og deira industrielle makt, vart medlemskapen deira i den sovjetiske leiren mot slutten meir og meir til hinder for utvikling; det hindra integrasjon med dei rikare og mindre plaga landa lenger vest og resten av verda.

På liknande vis med USA og EU no; denne partnarskapen viser også tydelege teikn på påkjenning, med Washington som prøver å hindre Europa i å integrere med resten av Eurasia. Den spesielle trusselen som unilaterale økonomiske sanksjonar – som del av eit fåfengt forsøk på å blokkere nye russiske gassrøyrleidningar inn i Europa, og tvinge europearane til å kjøpe usikker og overprisa amerikansk flytande naturgass – har openberra det faktum at forholdet ikkje lenger er til gjensidig nytte. Og når Storbritannia distanserer seg frå Europa og klamrar seg nærare til USA, blir eit nytt jernteppe gradvis bygd opp, men denne gongen vil det gå gjennom Den engelske kanalen og separere den engelskpråklege verda frå Eurasia.

Ei liknande utvikling er på gang i austen, der det påverkar Sør-Korea og Japan. Trump si vingling mellom stormfulle Twitter-meldingar og forsonande retorikk vis-à-vis Nord-Korea har openberra kor tomme dei amerikanske sikkerheitsgarantiane er. Begge desse landa ser no behovet for å lage sine eigne sikkerheitsopplegg og byrje å igjen kreve suverenitet i militære saker. I mellomtida er den våsete haldninga til USA berre ein mellompost på vegen mot å bli irrelevant.

2. Fiendskap

Under heile Den kalde krigen var USA Sovjetunionen sin erkefiende, og eitkvart forsøk frå Washington si side på å gi råd eller diktere vilkår vart møtt med høglydt, synkronisert, ideologisk forsterka bjeffing frå Moskva: den imperialistiske aggressoren er på ‘an igjen; oversjå han. Denne sjølrettferdige støyen verka ganske bra i ei overraskande lang tid, og heldt fram med å verke medan Sovjetunionen gjorde imponerande nye erobringar – i verdsrommet, innan teknologi, vitskap og medisin, i internasjonale humanitære prosjekt og så bortetter, men då dette dabba av byrja den få ein hul klang.

Etter den sovjetiske kollapsen forsvann denne immuniteten mot amerikansk smitte. Vestlege «ekspertar» og «rådgjevarar» fløymde inn og føreslo «reformar» som t.d. oppstykking av SSSR til 15 separate land (der dei fanga millionar av menneske på feil side av ei nyoppfunne grense), sjokkterapi (som utarma nesten heile det russiske folket), privatisering (som overførte svære felleseigedommar til hendene på nokre få, for det meste jødiske oligarkar, med politiske tilknytningar) og diverse andre prosjekt utforma for å øydelegge Russland og utslette det russiske folket.

Dei hadde sannsynlegvis lykkast med det om dei ikkje hadde blitt stoppa i tide.

Symmetrisk såg Washingtonarane på SSSR som sin erkefiende. Etter at samveldet forsvann, herska det ein del forvirring. Pentagon prøvde å snakke opp «russisk mafia» til ein svær trussel mot verdsfreden, men det verka latterleg. Deretter – ved hjelp av sprenging av eit par skyskraparar i New York, kanskje ved å plassere små atomladningar i grunnfjellet under fundamenta (slik var sprengingsplanane på papiret) – tok dei gladeleg til seg omgrepet «krig mot terror» tok til å bombe ulike land som ikkje hadde hatt noko terrorisme-problem før då, men visseleg har det no.

Så, då denne stupide planen hadde gått sin gang, gjekk Washingtonarane tilbake til å overfuse og plage Russland.

Men no er der ei merkeleg lukt i vinden i Washington; lukta av nederlag. Lufta lek ut av kampanjen for å gjere Russland til skurken, og den er roten. Samtidig held Trump fram med å ymte frampå om at ei tilnærming til Russland er ønskverd, og at eit toppmøte mellom leiarane burde finne stad. Trump låner også nokre sider frå den russiske regelboka: slik Russland svara på vestlege sanksjonar med motsanksjonar, startar Trump å svare på vestlege tollsatsar med mot-tollsatsar. Vi bør kunne forvente at amerikansk fiendskap mot Russland løyser seg opp ei stund før amerikanske haldningar mot Russland (og mykje anna) blir irrelevante.

Vi bør også kunne forvente at USA, så snart skiferoljebobla sprekk, vil bli avhengige av russisk olje og flytande naturgass som dei vil måtte betale for med gull. (Skiferoljeutvinning involverer ein to-fasa forbrenningsprosess: første fase brenn lånte pengar til å produsere olje og gass; den andre brenn oljen og gassen.)

Annan fiendskap er også avtakande. Trump har nett signert eit interessant stykke papir med Nord-Koreas Kim Jong Un. Avtalen (om vi kan kalle den det) er ein uuttalt kapitulasjon. Den var arrangert av Russland og Kina. Den stadfestar noko Nord- og Sør-Korea allereie var samse om: ei målsetning om denuklearisering av den koreanske halvøya.

På same måte som Gorbatsjov innvilga gjenforeininga av Tyskland og tilbaketrekkinga av sovjetiske troppar frå Aust-Tyskland, gjer Trump seg klar til å innvilge gjenforeininga av Korea og tilbaketrekking av amerikanske troppar frå Sør-Korea. Nett slik Berlin-murens fall spådde slutten på det sovjetiske imperiet, vil demonteringa av den koreanske demilitariserte sona spå slutten på det amerikanske.

Demilitarisert sone i Korea

3. Ideologi

Sjølv om USA aldri har hatt noko så rigorøst som Sovjetunionens kommunistiske dogme, var samansuriet deira av pro-demokrati-propaganda, laissez-faire-kapitalisme, frihandel og militær dominans kraftfullt ei stund. Så snart USA slutta å vere verdas største industrielle maktbase, etter først å ha avstått grunn til Tyskland og Japan, deretter til Kina, gjekk dei vidare med å akkumulere uhyrlege mengder gjeld, konfiskere og bruke opp verdas oppsparte ressursar, og samtidig forsvare US-dollaren med truslar om vald. Det var ei stund underforstått at det ublu privilegiet som endelaus pengetrykking er, treng å forsvarast med blodet til amerkanske soldatar.

USA såg seg sjølv, og posisjonerte seg sjølv, som det uunnværlege landet, i stand til å kontrollere og diktere vilkåra for heile planeten, terrorisere eller blokkere andre land etter behov. No er alle desse ideologiske kjennemerka heilt i uorden.

Pro-demokrati-retorikken blir framleis lydig deklamert av politikarar via massemedia-mikrofonstativ, men i praksis er ikkje USA lenger eit demokrati. Landet har blitt til eit lobbyistisk paradis der lobbyistane ikkje lenger er forviste til lobbyen, men har installert seg i Kongress-kontor og lagar utkast til uhyrlege mengder lovforslag som passar dei private interessene til korporasjonar og oligarkar. Heller ikkje er den amerikanske hangen til demokrati sporbar i støtten som USA rundhanda ødslar ut på diktatur rundt om i verda, eller i sin aukande tendens til å utøve og påtvinge lover utanfor eigne grenser og utan internasjonalt samtykke.

Offentleg avretting i eit av USA næraste venskaps-land, Saudi-Arabia.

La det skure-kapitalismen er også veldig daud, borttrengt av ein busse-kapitalisme som henter næring frå ei gjennomgripande samansmelting av Washington- og Wall Street-elitar. Privat entreprise er ikkje lenger fritt, men konsentrert hos ei handfull gigant-korporasjonar, medan omlag ein tredel av USAs tilsette arbeider i offentleg sektor. USAs Forsvarsdepartement er den største arbeidsgivaren både i landet og i resten av verda. Kring 100 millionar arbeidsføre amerikanarar i arbeidsdyktig alder står utan arbeid. Dei fleste blant resten jobbar i service-yrke, der dei ikkje produserer noko varig.

Eit aukande tal menneske klamrar seg til eit utrygt levebrød, der dei tar sporadiske oppdrag. Heile systemet blir drive av – inkludert delar av systemet som faktisk produserer drivstoff, slik som skiferolje-industrien – gjeld. Ingen sinnsfrisk person ville, dersom han vart spurt om å gi ein fungerande definisjon på kapitalisme, legge fram eit slikt ruin-system.

Frihandel vart framsnakka til heilt nyleg, om ikkje faktisk innført. Uhindra handel over store avstandar er sine qua non (noke ein ikkje kan klare seg uten, oms.) for alle imperier, inkludert det US-amerikanske imperiet. Før i tida vart krigsskip og truslar om okkupasjon brukt til å tvinge land, som Japan, til å opne opp for internasjonal handel.

Ganske nyleg var Obama-administrasjonen svært aktiv i sitt forsøk på å presse igjennom ulike transoseaniske partnarskap, men ingen av dei lykkast. Og no har Trump sett i gang med å vraklegge den frihandelen som var, med ein kombinasjon av sanksjonar og tollsatsar, i eit feilretta forsøk på gjenopplive Amerikas tapte storheit ved å vende seg innover. Samtidig akselererer sanksjonar mot bruken av US-dollar i internasjonal handel, spesielt med viktige energieksporterande land som Iran og Venezuela, prosessen der US-dollaren mistar trona som verdas leiande handelsvaluta, og legg i grus USAs overdrivne privilegium med endelaus pengetrykking.

 

4. Militarisme

Den sovjetiske kollapsen var til ein viss grad spådd av den sovjetiske tilbaketrekkinga frå Afghanistan. Før dette punktet kunne ein framleis tale om Den raude arméen si «internasjonale plikt» til å gjere verda (eller i det minste dei frigjorte delane av den) trygg for sosialismen. Etter dette punktet var sjølve tanken på militær dominans tapt, og intervensjonar som før hadde vore mulege, slik som i Ungarn i 1956 og Tsjekkoslovakia i 1968, var ikkje ein gong til å tenke på lenger. Då aust-Europa reiste seg i opprør i 1989, gav det sovjetiske militære imperiet rett og slett opp; dei forlot sine basar og sitt militære utstyr og trekte seg ut.

Når det gjeld USA, er dei enno i stand til å gjere ein heil del ugagn, men det har blitt tydeleg at dei ikkje lenger klarer å militært dominere heile planeten. USAs militær er framleis kolossalt stort, men det er ganske så slapt. Dei klarer ikkje lenger å utplassere ein bakkestyrke av nokon storleik, og avgrensar seg til å luftbombardement, trening og væpning av «moderate terroristar» og leigesoldatar, og meiningslaus damping rundt på hava.

Ingen av dei siste militære eventyra har resultert i noko som liknar fred på vilkår som dei amerikanske planleggarane opprinneleg såg føre seg eller nokon gong hadde sett på som ønskverdt: Afghanistan har blitt til ein terroristinkubator og heroinfabrikk; Irak har blitt absorbert inn i ein samanhengande sjia-månesigd som no strekk seg frå Det indiske havet til Middelhavet.

USA sine militærbasar finst framleis rundt om i verda. Dei var tenkte til å projisere amerikansk makt over begge halvkulene til kloden, men dei har blitt svært nøytraliserte ved tilkomsten av nye langtrekkande presisjonsvåpen, kraftig luftforsvarsteknologi og elektronisk krigstrolldom. Desse talrike «vassliljeblada», som dei i blant blir kalla, er det motsette av militære tilgangar: dei er ubrukelege, men dyre, mål som er lokaliserte på plassar som er vanskelege å forsvare, men lette for potensielle motstandarar å angripe.

Disse er i ferd med å bli utdaterte på grunn av nye russiske og kinesiske våpen

Dei kan berre brukast til liksom-kampar, og den endelause rekka av militærøvingar, som dei i dei baltiske småstatane rett ved den russiske grensa, eller dei i Sør-Korea, er meint å vere provoserande, men dei er mønster på meiningsløyse, ettersom eit angrep på Russland eller Nord-Korea hadde vore eit suisidalt trekk. Dei er hovudsakleg tillitsbyggande øvingar, og deira aukande intensitet vitnar om ein uttalt og veksande mangel på tillit.

Folk blir aldri trøytte av å peike på den kolossale storleiken på USAs militærbudsjett, men dei forsømmer nesten alltid å nemne at det som USA får tilbake i forhold til pengane dei legg ut, er berre ein tiandedel av det som t.d. Russland får. Det er eit oppblåst og ineffektivt system som produserer store mengder «kvite elefantar», prosjekt som er meir imponerande enn nyttige – ein uendeleg tørst offentleg pengesvamp.

Ein hvit elefant er et heilag dyr. Det gjer inga nytte for seg men brukar mykje ressursar.

Uansett kor mykje pengar den syg opp, vil den aldri løyse det fundamentale problemet med å vere ute av stand til å gå til krig mot nokon adekvat væpna opponent utan å li uakseptabelt stor skade. Rundt om i verda er USA framleis forakta, men dei blir mindre og mindre frykta: ein fatal trend for eit imperium. Men USA har gjort det ganske godt i militariseringa av sine lokale politistasjonar, så når den tid kjem, vil dei vere klare til å gå til krig … mot seg sjølve.


Denne analysen kan sjåast som ei historisk undersøking lausrive frå praktiske, kvardagslege omsyn. Men eg trur den har praktisk nytte. Dersom folket i SSSR hadde vore informerte før hendingane i 1990, om kva som var i ferd med å skje med dei, så ville dei ha tedd seg ganske forskjellig, og ein heil del personlege tragediar kunne ha vore unngått.

Det kan vere svært nyttig å skille mellom kollaps-unngåing (som er nyttelaust; alle imperier kollapsar) og unngåing av verste tilfelle-scenarier, som vil bli – når kollapsen aukar farten – det viktigaste du bør bekymre deg om. Tilnærminga di kan involvere flukt til tryggare stad, eller å førebu ei overleving der du er. Du kan velge dine eigne kollaps-markørar, og gjere dine eigne spådommar om kortid dei kjem til syne, heller enn å stole på mine.

Men etter å ha vore vitne til éin kollaps, og no opplever ein annan, er det i alle fall éi tilnærming eg ikkje vil rekommendere: å gjere ingenting mens du håpar på det beste.

Kjelde: Russia Insider som har hentet det fra Club Orlov
Omsett av Monica Sortland

Bilder m/tekst: Knut Lindtner

Artikkelen er hentet fra derimot.no sitt rikholdige arkiv.

Publisert på https://russia-insider.com/en/politics/4-signposts-american-collapse-which-also-occurred-ussr/ri23855

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

9 kommentarer. Leave new

  • Ola Henriksen
    23 juni 2018 11:45

    En god artikkel/analyse.

    «USA såg seg sjølv, og posisjonerte seg sjølv, som det uunnværlege landet, i stand til å kontrollere og diktere vilkåra for heile planeten, terrorisere eller blokkere andre land etter behov. No er alle desse ideologiske kjennemerka heilt i uorden.»

    Og Trump, som oppfører seg som en løs kanon på dekk, er derfor fryktet av de som sitter med makten i USA. Han er ikke politiker, spiller ikke det sedvanlige politiske spillet eller bruker deres media, og kan ikke styres på samme måte som de fleste tidligere presidenter.
    Sjansen for at USA overlever er nok større med nasjonalistenTrump enn med H. Clinton, som ville drevet krigspillet til et nytt nivå.
    Hvis/når bakmennene i USA/Israel skifter base (igjen) (må gudene tilse at det ikke blir China), kan det både bli skummelt og langdrygt.

    Svar
  • Interessant, og troverdig fra en kar som har opplevd en kollaps tidligere.
    Men jeg kan ikke helt fri meg fra at dette blir litt pynt oppå en kake det har vært skrevet om før.
    Edward Gibbons monumentale verk ‘The decline and fall of the Roman Empire’ forklarer de underliggende strømningene. Orlovs analyse her er mer en beskrivelse av konsekvensene av disse, selv om han selvfølgelig gjør det med en en skarp observasjonsevne.

    En av de tingene Gibbons påpekte var romernes etter hvert mindre vilje til å gjøre ‘drittjobbene’ selv. Ærlig og nødvendig arbeid, som tømming av søppel. De hadde ‘folk til slikt’.

    I dag har vi også i USA og Europa ‘folk til slikt’.

    De kalles innvandrere, brukt på samme måte som under romertiden.

    Og venstresiden og kapitalismen velsigner bruk av ‘folk til slikt’.

    Ikke eneste årsak, selvfølgelig, men en helt nødvendig del av årsaksbildet.

    Orlovs beskrivelse er kollaps av et skall, men innholdet har råtnet over lengre tid.

    Svar
  • Noe som er pussig er at midt oppe i dette har vært aldri vært så amerikanisert som nå. Ikke bare vasallstater som Norge, men Russland og Kinas økonomiske framgang etter årtusenskiftet har også vært preget av en amerikanisering av kulturen. Men kanskje amerikanisering er eneste måten å være moderne på i dag.
    Jeg vil ikke avskrive USA helt ennå. De kan ennå stelle i stand mye bråk med militærstyrkene sine.

    Svar
  • Kaspar Gram
    23 juni 2018 17:05

    Ola Hendriksen: «Hvis/når bakmennene i USA/Israel skifter base (igjen) (må gudene tilse at det ikke blir China), kan det både bli skummelt og langdrygt.»

    Globalist-planene omfatter desimering – utskiftning av europeisk og amerikansk befolkning. Under Davos-møtet for 2 år siden skal president Xi Jiping ha sagt rett ut, i følge avisreferater, at det er Kina som skal overta implementeringen av globalismen – NWO. I følge J. Corbett i https://www.corbettreport.com/ syntes BRICS- landenes ledere ved møtet senhøstes2017 i Peking, i henhold til offentlige referater, å ha vært helt fokusert på hvordan de raskest mulig kunne bidra til implementering av globalisme-målene. Det er analytikere som mener at BRICS er konstruksjon med røtter i Wall Street. Jfr parallellene til Anotony Suttons forskningsresultater.
    Det er skummelt og meget langdrygt kan det bli!

    Ole: «Jeg vil ikke avskrive USA helt ennå. De kan ennå stelle i stand mye bråk med militærstyrkene sine.»

    Svært viktig kommentar. Det er lett å undervurdere hva et såret villdyr kan sette i gang. På den annen side må man eksakt kjenne NWO-målene / globalist-elitens planer for USA for å få en holdbar prognose. Det er et par aspekter analytikere helt glemmer:

    I USA og i Europa finnes det minst flere titalls slitne gamle atomkraftverk som burde vært tatt kontrollert ned og forseglet for 100 000 år. I USA skal endog store mengder brukt kjernebrensel være lagret utenfor det enkelte atomanlegg. Pengene og viljen til å rydde opp, sikre og fornye er der ikke. Ved partielle eller totale sivilisatoriske kollaps vil disse i seg selv bli svært dødbringende mausoleer – Europa og deler av USA kan bli helt ubeboelige. Ved en borgerkrig i Frankrike eller England kan vi få et stort antall Tsjernobyl- katastrofer med på kjøpet.

    Industrielt jordbruk har utarmet og forgiftet jordsmonnet i ekstrem grad. Det er eksperter som hevder at så mye som 90 % av mineralforekomstene og vitalstoffene i landbruksjorden i USA er forsvunnet. I tillegg kommer ekstreme grad av toksiske sprøytemidler som svekker vitalitet i natur og hos mennesker i ekstrem grad……

    USA står inne i en ekstrem autisme-utvikling. Vitenskapelige prognoser (fra bl.a. MIT ) indikerer at hvis veksttakten fortsetter som i dag, vil 50% av amerikanske barn være autister i 2032 og i 2035 alle som en!. Det store elefanten i rommet er vaksiners sannsynlig store medvirkning til denne katastrofale utviklingen. Sprøytemidler i landbruket er også assosiert med autismefare og en rekke andre toksiner må vi anta. Selv om det kommer mer og mer dokumentasjon som viser nevnte sammenhenger, lar man heller amerikanske barn gå en holocoust-skjebne i møte. Trump kjenner til dette, lovet å gjøre noe med dette i valgkampen. Men her er mektige interesser inne. Det fortelles at det finnes flere lobbyister fra farmaindustrien i Washington enn parlamentarikere.

    En venn som har bodd 10-15 år i USA presiserer at man ikke må undervurdere dynamikken i USA og at man må ta forbehold mhp prognosene.

    Faktor x som man må ha med i analysene, er hvilke våpen av høyteknologisk karakter – strålevåpen, elektromagnetiske våpen o.a. – Tesla-inspirert teknologi – som holdes skjult – og som kan ha helt avgjørende betydning ved åpen konflikt. Til dette hører også biologiske våpen med patogene mikrober, ikke minst mhp luftveier. Jfr. Haarp og «full spectrum dominance» – hvor full kontroll av været er innen kort rekkevidde….

    Uansett har USA alle kjennetegn på å segle på et isfjell der fremme. Vi ledes av verdenskynikere med alle kjennetegn på velutviklet personlighetsforstyrrelser – svært mange Strangelover….så vi får håpe på de gode overraskelsene som kommer uventet inn fra sidelinjen.

    Svar
  • Nej inga imperier består det är en naturlag. Stora elefanter har vi haft många av i historien. Den spanska armadan som besegrades av Englands små fiskebåtar.

    Vilken faller först? Sverige, Kina, USA eller EU?

    Människor har en tendens att blunda och sticka huvudet i sanden. Det händer inte mig utan bara alla andra. Eller «det är inte så farligt som det ser ut». Det ordnar sig.

    Och så gör man ingenting medan man hoppas på det bästa. Och frågan är VEM kommer då att göra det bästa? Ja inte kommer de «där uppe» att göra något för dig eller mig. Tar inte folket över makten själva så får de står där med långa näsor när katastrofen kommer och de styrande sticker med statskassan.

    Det som hände när Sovjet föll sönder var förfärligt. Där stod de stackars bedragna människorna och hade inget att leva på medan de där uppe försåg sig och lämnade landet. Nu är de stenrika oligarker. Det hade inte behövt gå så.

    I Sverige har vi val i september jag hoppas och tror att svenskarna tar sitt förnuft till fånga och kör ut etablissemanget och tar över makten själva.

    Svar
  • Fredsforskar Johan Galtung gav USA 20 år til kollaps da han ble intervjuet etter 9/11. «The clock is ticking!»

    Svar
  • Mange takk for denne reprisen!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Ikke alle er like konsekvente i Italia:

Nærkontakt med kinesere fra Wuhan midt under krisen.

Forrige innlegg

Nominasjonen i USA:

Løpet er kjørt, Sanders! Støtter du Biden er det fullbrakt!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.