POSTED IN Klima

Advarsel!

Vær forsiktig med spådommer om fremtiden.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Klimaspådomane har feila

Av Halvor Øygarden, sivilagronom, Vinje 

Det har ikkje mangla på til dels katastrofale spådomar om korleis verden kom til å bli råka av den globale oppvarminga, som skuldast livsgassen CO2. Utan CO2 ville det no ikkje vori liv på jorda. Det har fleire gonger blitt spådd at no er det berre ti år att, så går verden under. Men som kjent «kloden står han av», som dei seier i nord.
_________________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Klimarealistene
_________________________________________________________________________ 

I Vest Telemark blad 20. januar kunne ein lesa nye spådomar om korleis det blir i Rauland og Høydalsmo om 100 år. Dette er uinteressant, for andre spådomar er verre: Me har berre 10 år på oss for å redde kloden frå kollaps, om me ikkje klarar å stoppe temperaturstigninga før 1,5 grader. Då blir temperaturen nesten som i vikingetida. Men dette var ei svært god og rik tid for Norden. 

Vinje kommune har no sett skrifta på veggen. Saman med fylkeskommunen skal dei minke «klimautsleppa» med 60 % reikna frå 2009 og fram til 2030, og dei har også som mål å bli fossilfrie innan 2030. 

Naturlovene som me lærde om på gymnaset i 1950 og 1960 åra er ukjent for dagens klimaforskarar. Henrys lov og Gullberg-Våge lova, som syner korleis det er balanse mellom CO2 i lufta og CO2 i havet for dei såkalla klimagassane, Lamberts Beers lov om absorbsjon av varme som syner at det ikkje blir absorbera meir varme sjølv om CO2 innhaldet i lufta blir fordobla. 

Hardangervidda har tidligere vært dekket av furuskog

Naturen har styrt dette gjennom millionar av år, og det er heilt nytteslaust og forferdeleg dyrt å prøve å regulere dette. Hugs månelandinga av Jens på Mongstad. 10 milliardar til ingen nytte. Det er svært energikrevande også. Det er sløsing med fossil energi. Havet gjer dette gratis.

Det er 30 år sidan det vart politisk slått fast at CO2 er skuld i global oppvarming. Det var og er ingen vitenskap som stadfestar dette. Klimautvalet IPCC i FN vart sett ned for å finne bevis. Det er omvendt vitenskap, fyrst bestemme resultatet, deretter skal dei finne bevisa.

Al Gore, fredsprisvinnar, kom med mange spådomar. Ingen har slått til.

Arktis (Nordpolområdet) skulle bli isfritt innan 2014.Feil. Isen er på nesten normalnivå i dag.

Susan Crockford fikk ikke fornyet jobben

Isbjørnanekom til å svelte i hel. Feil. Isbjørnstamma har auka frå om lag 8 000 på 1950 talet, til om lag 30.000 velfødde dyr. Ein canadisk isbjørnforskar som kunne bevise det, fekk ikkje fornya si prof-II stilling. Det var ikkje politisk korrekt.

Maldivene og andre tropiske øyar skulle no ha lege under vatn. Feil. Flesteparten av dei har tvert i mot auka i storleik. Det er ingen unormal havstigning.

Plantelivetskulle få store problem. Feil. Kloden har blitt grønare, serleg omkring ørkenar og i høgfjellet. Dette er ein naturleg konsekvens  av varmare ver og høgare CO2.

Matproduksjonenskulle gå ned. Feil.  FN sin organisasjon for mat og landbruk, FAO, har statistikk som syner at matproduksjonen har auka. Med høgare temperatur og meir CO2, så veks det betre. Veksthusproduksjonen aukar 3-4 gonger når dei gjødslar lufta med CO2.

Ifølge spådommene skulle denne nå ha ligget under vann.

Snøen skulle forsvinne. Komande generasjonar ville ikkje veta kva snø er. Feil. Det har vori rikeleg med snø og kulde. Tilmed snøfall i Sahara, Spania, Jerusalem  m.m.

50 millionar klimaflyktningar spådde FN. Feil. Dei einaste klimaflyktningane er dei som flyt til varmen i Spania eller Florida.

Klimapanelet, IPCC, har spådd at varmen samlar seg oppe i atmosfæra, det så- kalla Hot spot, veksthuseffekten. Feil. Det har ikkje vori nokon temperaturstigning i atmosfæra på 22 år. 

Professor i klima ved MIT, USA, Dr Richard Lindzen har sagt at å tru at klimaendringane skuldast CO2,er som å tru på magi. 

Professor i fysikk, Dr Hal Lewis, skriv at verdas største vitenskapelege bløff og skandale er å tru på at klimaendringar og global oppvarming er menneskjeskapte.

Det har gjennom alle tider vori klimaendringar, større før enn no. Det har vori varmeperiodar. For nokre tusen år sidan var Hardangervidda og andre høgfjellsplatå dekt av grov furuskog. Vikingetida var varmare enn i dag og varmekjære treslag voks langt inn i landet. Så kom den såkalla Vesle istida med svær svolt og avfolking. Fyrst langt utpå 1800 talet vart klimaet meir leveleg.

Artikkelen har stått i Vest Telemark blad.

Tidligere publisert på derimot.no

Forsidebilde: Damir Spanic



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 840 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Så kan man undres over hvorfor ikke flere reagerer på løgner og propaganda i media.

    Svar
    • Litt på siden?:
      Om psykologi og klima.
      Men artikkelen under handler vel egentlig om alle som reagerer på noe de synes er løgn og/eller overgrep i media. Da er det vel naturlig å bli opphisset?
      «Hvorfor benekter noen fakta?»
      Spørsmålet burde være: ‘Hvorfor er det så få som engasjerer seg mot politisk propaganda.’ ( Nå også pakket inn i»psykologi». 😉 )
      For dette er vel heller kvasi-psykologi eller politikk? Og handler om at «de som ikke skjønner SANNHETEN er dumme/konspirasjonsteoretikere.»
      Men det er kanskje noen som frykter meninger som ikke er «sannheten»?
      https://forskning.no/klima-psykologi/hvorfor-blir-noen-sa-sinte-av-klima/1899466

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hvor mange dør i USA etter vaksinering?

Analyse av dødsfallene etter vaksinering i USA.

Previous Post

Du skal høre mye…

Tidligere Guantanamo-fange nå sjef i Afghanistan.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.