POSTED IN Virkelighetsforståelse

Å handle før ein tenkar?

God politikk handlar om å sjå forbi neste sving.

0

Kva er politisk naivitet?

Av Hans Olav Brendberg

Eg brukar eit døme frå historia for å illustrera eit poeng. Mot slutten av andre verdskrig visste leiinga i USA at dei hadde utvikla eit våpen som forandra krigføring for all framtid. Det amerikanske Manhattan-prosjektet hadde undervegs samarbeid tett med det britiske atomprosjektet, «Tube alloys». Men Sovjetunionen var ikkje del av dette samarbeidet.

Manhatten prosjektet. Verdens første atombombe.

Skulle USA dela løyndomane med Sovjetunionen? Eller skulle landet halda korta tett til brystet, og ta vare på det atomvåpenmonopolet dei hadde skaffa seg. Nøkkelfolk i Roosevelts regjering, som krigsminister Stimson, gjekk inn for å dela løyndomar med Sovjet. Men til slutt vann lina med hemmeleghald gjennom.

Dette blir ofte tolka som ein siger for ein meir hardkokt realisme. Men dette er å undervurdera korleis Stimson og andre tenkte. For USA greidde jo ikkje halda på desse løyndomane. Mykje av den kunnskapen USA hadde skaffa seg under Manhattan-prosjektet kom til Sovjetunionen med spionasje. Det krigsskadde Sovjetunionen hadde si første atombombe klar allereide fire år etter at krigen slutta – trass i at hovuddelen av økonomien måtte innrettast på gjenoppbyggjing etter dei enorme øydeleggjingane.

Så amerikansk deling av teknologi med Sovjetunionen i 1945 ville truleg ikkje forandra mykje når det gjeld utviklinga av ei sovjetisk bombe. Derimot ville det hatt svært mykje å seia for tilliten mellom dei to stormaktene – og for den moralske statusen til den amerikanske leiinga i åra etter krigen. 

Utanriksminister Byrnes freista bruka bomba som diplomatisk pressmiddel – utan å oppnå stort. I åra etter krigen konsolidertete leiinga i Moskva rekkene kring motstand mot «amerikansk imperialisme». I byrjinga var dette vanskeleg – etter at McCarthy og andre fekk vind i segla gjekk det lettare.

Historia vart som ho vart. Men det er godt mogleg at Stimsons kurs var sluare enn kursen som vart valt, og at USA sine aukande problem har røter i ei naiv tru på at makt åleine kan avgjera.

Då Jan Myrdal reiste i Afghanistan på femtitalet, reiste han uvæpna. Eingong traff han ein amerikanar som fnyste av dette, og som hadde med seg revolver for å vera på den sikre sida. Amerikanaren vart ikkje gamal – Afghanistan er fullt av våpen, og du treng meir enn ein revolver for å vera trygg i landet. Men våpen påverkar både korleis du sjølv og andre opptrer. Og naivitet handlar ofte om å ikkje sjå korleis eigne val påverkar deg sjølv – og andre.

Innlegget har tidligere vært publisert på derimot.no



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 332 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Den nye alliansen mellom Australia, USA og Storbritannia:

Et første skritt mot en atomkrig mot Kina.

Previous Post

Avgifter er flat skatt.

Flere avgifter betyr at de rikeste slipper lettest.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.