POSTED IN Helse

Å få kontroll over vaksineindustrien var en målsetting

Da Rockefeller kuppet legeutdanninga i USA

9 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Toksikologi vs. virologi: Rockefeller Institute og den kriminelle polio-svindelen

av F. William Engdahl

Eitt av utkoma av det påstått nye SARS Covid-viruset som dukka opp i 2019, er at den medisinske spesialiseringa virologi har blitt opphøga til ei nær Gude-liknande stilling i media. Få skjøner opphavet til virologien og korleis den har stige til ei leiande rolle i dagens medisinske praksis. For ei slik forståing treng vi å gå tilbake til røtene og politikken til USAs første medisinske forskingsinstitutt, Rockefeller Institute for Medical Research, i dag Rockefeller University, og arbeidet deira med det dei hevda var eit polio-virus.

I 1907 gav eit utbrot av sjukdom i New York City direktøren for Rockefeller Institute, Simon Flexner, MD, ein gyllen sjanse til å hevde at dei hadde oppdaga eit usynleg «virus» forårsaka av det dei vilkårleg kalla poliomyelitt. Ordet  poliomyelitt betyr heilt enkelt inflammasjon i beinmargens grå masse. Det var rundt 2500 innbyggarar i New York, for det meste barn, som fekk diagnosen ei eller anna form for  poliomyelitt, inkludert paralyse og død, det året.

Flexners svindel

Det mest slåande aspektet ved heile polio-soga i USA under første halvdel av 1900-talet, var det faktum at kvar nøkkelfase av forretninga var kontrollert av folk som hadde tilknytning til Rockefellers medisinske klikk. Denne svindelen starta med påstandar frå direktøren for Rockefeller Institute, Simon Flexner, om at han og kollegaen Paul A. Lewis hadde “isolert” eit patogen, usynleg for det blotte auge, mindre enn sjølv ein bakterie, som dei påstod forårsaka den paralyserande sjukdommen i ei rekke utbrot i USA. Korleis kom dei fram til denne idéen?

I ein rapport publisert i Journal of the American Medical Association i 1909 hevda Flexner at han og Lewis hadde isolert det ansvarlege poliomyelittviruset. Han rapporterte om at dei med suksess hadde sendt poliomyelitt gjennom fleire aper, frå ape til ape. Dei starta med å injisere sjukt menneskeleg ryggmargsvev frå ein ung gut som hadde døydd av viruset, hevda dei, inn i hjernane på aper. Etter at ei av apene vart sjuk, tok dei eit utdrag av denne apas sjuke ryggmargsvev og injiserte det inn i hjernane på andre aper, som også vart sjuke.

Dei proklamerte at legane ved Rockefeller-instituttet såleis hadde prova poliomyelittvirus-kausalitet for den mystiske sjukdommen. Dei hadde ikkje gjort noko av det slaget. Flexner og Lewis innrømde det til og med: «Vi mislykkast totalt i å oppdage bakteriar, både i film-preparasjonar og i kulturar, som kunne forårsake sjukdommen; og sidan ikkje eit einaste av dyra viste teikn på kokke-bakterien i såra som tidlegare forskarar hadde skildra – sjølv etter lange rekker med formeiring – og vi hadde mislykkast i å finne nokon slik bakterie i det menneskelege materialet vi studerte, så følte vi at den kunne ekskluderast som kandidat.» Det dei så gjorde, var å trekke ei bisarr slutning, eit «leap of faith», ikkje ein vitskapeleg påstand. Dei tok hypotesen sin om eit viralt, eksogent middel, og gjorde det til eit faktum, heilt utan bevis. Dei hevda: «Derfor … høyrer den infiserande agenten ved endemisk poliomyelitt til klassen av ørsmå og filtrerbare virus som så langt ikkje har blitt demonstrerte med sikkerheit under  mikroskop.» Derfor?

Simon Flexner - Wikipedia
Simon Flexner

Simon Flexner påstod heilt enkelt at det «måtte vere» eit poliovirus som tok livet av apene, fordi dei ikkje kunne finne noka forklaring. Faktisk såg han ikkje etter noka anna kjelde til sjukdommane. Dette var ikkje vitskapeleg isolering. Det var vill spekulasjon: «… ikkje så langt blitt demonstrert under mikroskopet.» Dei vedgjekk dette i ein oppfølgingsartikkel i JAMA den 18. desember, 1909, med tittelen THE NATURE OF THE VIRUS OF EPIDEMIC POLIOMYELITIS, naturen til det epidemiske poliomyelittviruset.

Det såkalla «viruset» dei injiserte inn i aper, var neppe reint. Det inneheldt også ei ubestemt mengd ureiningar. Det inkluderte «mosa ryggmarg, hjerne, avføringmasse, til og med fluger var malde opp og injiserte inn i apene for å indusere paralyse.» Før Jonas Salk fekk godkjenning for ein poliovaksine frå USAs styresmakter i april 1955, fanst det ikkje vitskapelege bevis for at det eksisterte eit virus som forårsaka poliomyelitt, eller infantil paralyse, som sjukdommen var kjend som. Slik er stoda til dags dato. Heile den medisinske verda valde å stole på Flexner sin påstand om at det «måtte» vere eit virus.

Rockefeller Institute, Flexner og American Medical Association

Rockefeller Institute vart grunnlagt med Standard Oil-fomuen til John D. Rockefeller i 1901, USAs første biomedisinske institutt. Det vart utforma med modellar som Frankrikes Pasteur Institute (1888) og Tysklands Robert Koch Institute (1891). Den første direktøren for instituttet, Simon Flexner, spelte ei sentral, og svært kriminell, rolle i utviklinga av det som skulle bli godkjend medisinsk praksis for USA. Rockefellers mål var å få full kontroll over USAs medisinske praksis og transformere den til eit instrument, i det minste til å byrje med, for promotering av medisinske droger som var godkjende av Rockefeller-interessene. På dette stadiet var dei ute etter å monopolisere medisin produsert av oljeraffineria deira, slik dei hadde gjort med olje.

Som sjef for Rockefeller Institute publiserte Simon Flexner sine resultatlause, men høgt hylla, studiar på polio. Han arrangerte det slik at broren, Abraham Flexner, ein skulelærar utan medisinsk bakgrunn, vart leiar for ein studie dei gjorde saman med American Medical Association (AMA), Rockefeller General Education Board og Carnegie Foundation, finansiert av Rockefellers nære ven, Andrew Carnegie.

1910-studien fekk tittelen The Flexner Report, og det erklærte føremålet med den var å granske kvaliteten på alle dei medisinske skulane i USA. Men konklusjonane til rapporten var bestemt på førehand. Band mellom det velutrusta Rockefeller Institute og AMA gjekk via den korrupte AMA-sjefen George H. Simmons.

George H. Simmons] - Digital Collections - National Library of Medicine
George H. Simmons

Simmons var også redaktør for det påverknadstunge tidsskriftet Journal of the American Medical Association, ein publikasjon som vart levert til rundt 80 000 doktorar over heile USA. Han skal ha utøvd absolutt makt over doktorane sitt forbund. Han kontrollerte dei stigande annonseinntektene frå farmasiselskap som fekk reklamere for produkta sine til AMA-doktorane som las tidsskriftet hans; ein svært lukrativ business. Han spelte ei nøkkelrolle i Rockefellers medisinske kupp, som gjekk ut på å fullstendig omdefinere akseptabel medisinsk praksis bort frå førebyggande eller remediell behandling til bruk av ofte dødelege medisinar og dyre kirurgiske operasjonar. Som sjef for AMA, gjekk det opp for Simmons at konkurransen frå produktive skular innan medisin, inkludert den gong godkjend kiropraktikk, osteopati, homeopati og naturmedisin, minska inntektene til AMA-doktorane hans, ettersom talet på medisinske skular hadde auka frå rundt 90 i 1880 til over 150 i 1903.

Abraham Flexner, tidlegare rektor ved ein privatskule, turnerte ulike medisinske skular i USA i 1909, og han rekommanderte at heile halvparten av dei 165 medisinske skulane skulle stengast ned fordi dei etter hans definisjon var «sub-standard». Dette reduserte konkurransen frå andre tilnærmingar til lækjing av sjukdommar. Dei retta omsynslause angrep mot den gong vidt spreidde naturopatiske medisinske skular, kiropraktiske skular, osteopatar og uavhengige allopatiske skular som ikkje var villige til å underordne seg AMA-regime. Så gjekk Rockefeller-pengar til dei utvalde skulane, med vilkår om at professorane skulle behandlast av Rockefeller Institute sine legar, og at pensum ved skulane skulle fokusere på farmasøytiske droger og kirurgi som behandling, ikkje førebygging, ernæring eller toksikologi som moglege årsaker og løysingar. Dei laut akseptere Pasteur sin reduksjonistiske mikrobeteori som seier at kvar sjukdom er forårsaka av ein mikrobe. Rockefeller-kontrollerte medium lanserte ei koordinert heksejakt på alle former for alternativ medisin, urteremedier, naturlege vitaminar og kiropraktikk – alt som ikkje var kontrollert av Rockefeller-patenterte droger.

Før 1919 hadde Rockefeller General Education Board og Rockefeller Foundation betalt ut meir enn 5 millionar dollar til dei medisinske skulane Johns Hopkins, Yale og Washington University i St. Louis. I 1919 løyvde John D. Rockefeller nye 20 millionar dollar i verdipapir «for avansementet av medisinsk utdanning i USA». Det kan samanliknast med 340 millionar dollar i dagens dollarverdi, ein gigantisk sum. Kort sagt hadde Rockefellers pengeinteresser kapra USAs medisinske utdanning og medisinske forskning før 1920-talet.

John D. Rockefeller – Wikipedia
John D. Rockefeller

Virologien vert skapt

Denne medisinske overtakinga, støtta av den mest påverknadstunge legeorganisasjonen, AMA, og deira korrupte sjef, Simmons, tillet Simon Flexner å bokstaveleg talt skape moderne virologi under Rockefeller sine reglar. Den høgst kontroversielle Thomas Milton Rivers, som direktør for Rockefeller-instituttets virologiske laboratorium, etablerte virologi som eit uavhengig fagfelt, separat frå bakteriologi, under 1920-talet. Dei innsåg at dei kunne manipulere langt enklare når dei kunne påstå at det fanst dødelege patogen som var usynlege mikrobar eller «virus». Ironisk nok kjem ordet virus frå det latinske ordet for gift.

Virologi, ein reduksjonistisk medisinsk svindel, var ein av Rockefeller-klikkens kreasjonar. Denne svært viktige kjensgjerninga er no gravlagt i dei medisinske annalane. Sjukdommar som koppar eller meslingar eller poliomyelitt vart erklært forårsaka av usynlege patogen kalla spesifikke virus. Om vitskapsfolk kunne «isolere» det usynlege viruset, kunne dei teoretisk sett finne vaksinar til å verne folk mot skaden. Det var teorien deira. Det var ei kolossal velsigning for Rockefeller-kartellet av farmasøytiske selskap, som på den tida inkluderte American Home Products, som på falskt grunnlag promoterte droger utan påvist effekt, t.d. Preparation H for hemorrhoidar, eller Advil for smertelindring; Sterling Drug, som tok over dei US-amerikanske tilgangane, inkludert tyske Bayer AG sin Aspirin etter Første verdskrig; Winthrop Chemical; American Cyanamid og deira dotterselskap Lederle Laboratories; Squibb og Monsanto.

Snart hevda virusforskarane ved Rockefeller Institute, i tillegg til å påberope seg oppdaginga av poliomyelitt-viruset, at dei hadde oppdaga virusa som forårsaka koppar, kusma, meslingar og gulfeber. Deretter annonserte dei «oppdaginga» av vaksinar som skulle hindre lungebetennelse og gulfeber. Alle desse «oppdagingane» som instituttet annonserte viste seg å vere falske. Med kontrollen over forskninga innan det nye området virologi kunne Rockefeller Institute, i løynd samforstand med Simmons ved AMA og hans like korrupte etterfølgar, Morris Fishbein, promotere nypatenterte vaksinar eller droge-«remedium» i det påverknadstunge AKA-tidsskriftet som gjekk ut til alle medlemsdoktorane i USA. Legemiddelselskap som nekta å betale for annonsar i AMA sitt tidsskrift, vart bakvaska av AMA.

Kontroll over polio-forskninga

Simon Flexner og det svært mektige Rockefeller Institute lykkast i 1911 i å få symptoma som vart kalla poliomyelitt inn i USAs Folkehelselov som ein «smittsam, infeksiøs sjukdom forårsaka av eit luftbore virus». Men sjølv dei innrømde at dei ikkje hadde bevist korleis sjukdommen entra menneskekroppen. Som éin erfaren lege påpeika i eit medisinsk tidsskrift i 1911: «Kunnskapen vi no har om moglege metodar for smitting er basert nesten utelukkande på det arbeidet som er gjort i denne byen ved Rockefeller Institute.» I 1951 skreiv dr. Ralph Scobey, ein kritikar av Rockefeller-hastverket med å dømme om polio-smitte: «Dette sette sjølvsagt sin lit til dyreeksperiment, heller enn til kliniske undersøkingar…» Scobey peika også på mangelen på bevis for at poliomyelitt var smittsamt: «… barn som er plaga med sjukdommen vart haldne på allmenn-sjukehusavdelingar, og ikkje ein einaste av dei andre på avdelinga var affiserte av sjukdommen.» Den generelle haldninga på den tida vart summert opp i 1911: «Det verkar for oss som at, trass mangelen på absolutt bevis, det beste for samfunnet ville vere om vi såg på sjukdommen frå eit smitte-standpunkt.»

Rockefeller University – Wikipedia
Rockefeller Universitetet

Ved at dei hadde poliomyelitt-symptom klassifiserte som ein svært smittsam sjukdom forårsaka av eit usynleg, påstått eksogent eller eksternt virus, kunne  Rockefeller Institute og AMA avspise all seriøs forskning på alternative forklaringar, som t.d. eksponering for kjemiske pesticidar eller andre gifter, på sesongvise utbrot av sjukdom og paralyse, sjølv død, for det meste i veldig unge barn. Det skulle få fatale konsekvensar, som vi framleis lever med.

Så kjem DDT

Då han i 1952 uttalte seg til US House of Representatives som granska moglege farar ved kjemikaliar i matvarer, sa Ralph R. Scobey, M.D.: «I nesten eit halvt hundreår har poliomyelitt-undersøkingar blitt dirigerte mot eit påstått eksogent virus som entrar menneskekroppen for å forårsake sjukdommen. Den måten det står skrive i Folkehelselova, gjer at berre denne typen gransking kan gjerast. Ingen intensive studiar har blitt gjort, på den andre sida, for å avgjere om det såkalla poliomyelitt-viruset er ein autokton, kjemisk substans som ikkje entrar menneskekroppen i det heile, men heilt enkelt er eit resultat av ein eksogen faktor eller fleire, til dømes ei matgift.» Giftstoff som årsak vart ikkje undersøkt, trass i at det fanst mengder med bevis.

Under 1930-talet, med økonomisk depresjon og deretter krig, vart det registrert få nye, større utbrot av poliomyelitt. Men straks etter at Andre verdskrig slutta(!) eksploderte eit polio-drama av dimensjonar. Med start i 1945, fekk kvar sommar fleire og fleire barn over heile USA diagnosen poliomyelitt og vart lagt inn på sjukehus. Færre enn 1% av tilfella vart testa med blod- eller urintestar. Rundt 99% vart diagnostiserte berre på grunnlag av symptom som akutte smerter i ekstremitetane, feber, magetrøbbel, diaré.

I 1938, med støtte frå det antatte polioofferet Franklin D. Roosevelt, vart National Foundation for Infantile Paralysis (March of Dimes) grunnlagt for å be om skattefritatte donasjonar til finansiering av polio-forskning. Ein tysk doktor og forskar, dr. Henry Kumm, kom til USA og byrja ved Rockefeller Institute i 1928, der han blei inntil han byrja ved National Foundation i 1951 som direktør for polioforskninga. Kumm fekk snart selskap ved National Foundation av ein annan sentral veteran frå Rockefeller Institute, den såkalla «virologiens far», Thomas M. Rivers, som leia stiftinga sin rådgivande komite for vaksineforskning som hadde oppsyn med forskinga til Jonas Salk. Desse to nøkkelfigurane frå Rockefeller Institute kontrollerte såleis fond for polio-forskning, inkludert vaksine-utvikling.

Jonas Salk – Wikipedia
Jonas Salk

Under Andre verdskrig, medan han framleis var ved Rockefeller Institute, var Henry Kumm konsulent for US Army, der han hadde oppsyn med feltstudiar i Italia. Der styrte Kumm feltstudiar for bruk av DDT mot tyfus og malaria-mygg i sumpområde nær Roma og Napoli. DDT hadde blitt patentert som insekticid av det sveitsiske legemiddelfirmaet Geigy og deira grein i USA i 1940, og middelet vart først autorisert for bruk på soldatar i USAs hær i 1943, som eit generelt desinfeksjonsmiddel mot hovudlus, mygg og mange andre insekt. Fram til slutten av krigen gjekk nesten all DDT-produksjon i USA til militæret. I 1945 såg dei kjemiske selskapa seg ivrig om etter nye marknadar. Dei fann dei.

Tidleg i 1944 kunne US-amerikanske aviser triumferande fortelle at tyfus, «den frykta pesten som har følgd kvar større krig i historia», ikkje lenger var nokon trussel mot USAs troppar og deira allierte, takka vere hærens nye «luse-drepande» pudder, DDT. I eit eksperiment i Napoli strødde US-amerikanske soldatar DDT oppløyst i parafin over fleire enn ein million italienarar(!), og tok livet av lusene som spreidde tyfus. Rockefeller-instituttets Henry Kumm og US Army visste at, som ein forskar uttrykte det, «DDT var ei gift, men den var trygg nok for krig. Alle som vart skadde av DDT, ville bli registrert som krigsskadde.» Styresmaktene i USA la ned «restriksjonar» på ein rapport om insekticidar utgitt av Office of Scientific Research and Development i 1944, som åtvara mot dei kumulative toksiske effektane som DDT hadde på menneske og dyr. Dr. Morris Biskind skreiv i ein artikkel i 1949: «Ettersom DDT er ei kumulativ gift, vil det uunngåeleg skje ei forgifting av det amerikanske folket i stor skala.» I 1944 skreiv Smith og Stohlman ved National Institutes of Health, etter at dei hadde gjort ein omfattande studie på DDTs kumulative toksisitet: «Toksisiteten til DDT, kombinert med stoffets kumulative aksjon og absorbabilitet frå huden, plasserer ein definitiv helserisiko på bruken av det.» Åtvaringane deira vart ignorerte av høgare tenestemenn.

I staden vart DDT etter 1945 over heile USA promotert som den mirakuløse, nye, «trygge» pesticiden, mykje likt Monsanto sin Roundup med glyfosat tre tiår seinare. DDT var sagt å vere harmlaus for menneske. Men ingen av dei styrande testa nokon gong den påstanden seriøst og vitskapeleg. Eit år seinare, då krigen slutta i 1945, hylla avisene det nye DDT som ein «magisk» substans, eit «mirakel». Time kalla DDT for «ei av dei store vitskapelege oppdagingane til Andre verdskrig».

DDT exposure and Alzheimers - experts respond - Science Media Centre

Trass isolerte åtvaringar om utesta biverknadar, at det var eit persistent, giftig kjemikalium som lett blir akkumulert i matkjeden, så godkjende styresmaktene DDT til generell bruk i 1945. Mat- og legemiddeltilsynet i USA, Food and Drug Administration (FDA), kontrollert av Rockefeller/AMA-legemiddelinteresser, etablerte ei grense på 7 delar per million (ppm), og sa at eit DDT-innhald under dette nivået i mat var «trygt», sjølv om ingen hadde bevist det. DDT-kjemiselskapa fora pressa med fotografi og anekdotar. Avisene rapporterte entusiastisk om korleis det nye mirakelkjemikaliet DDT vart testa i USA mot mygg i sør som ein trudde bar med seg malaria, og at stoffet «reddar vingardar i Arizona, frukthagar i West Virginia, potetåkrar i Oregano, maisåkrar i Illinois og meieri i Iowa.» DDT fanst overalt i USA på slutten av 1940-talet.

USAs politiske styresmakter hevda at DDT, i motsetning til arsenikk og andre insekticidar dei brukte før krigen, var harmlaust for menneske, sjølv barn, og kunne brukast liberalt. I 1945 byrja byar som Chicago å spraye offentlege strender, parkar, symjebasseng. Husmødre kjøpte sprayflasker med DDT til å spraye kjøkenet og særleg barneromma med, sjølv madrassane deira. Bøndene fekk beskjed om å spraye avlingane og dyra sine, særleg mjølkekyrne, med DDT. I etterkrigstidas USA vart DDT promotert, framfor alt av Rockefeller-legemiddelselskap som American Home Products (med sin DDT-spray Black Flag) og Monsanto. Mellom 1945 og 1952 auka produksjonen av DDT i USA ti gongar.

Medan antatte tilfelle av polio eksploderte i USA etter 1945, avanserte dei teorien, utan bevis, til at den forkrøplande poliosjukdommen vart overført, ikkje frå giftige pesticid-kjemikaliar som DDT, men frå mygg eller fluger til menneske, særleg yngre barn eller spedbarn. Bodskapen var at DDT trygt kan verne familien din mot den lemlestande polioen. Talet på offisielt registrerte poliotilfelle gjekk frå 25 000 i 1943, før sivile i USA byrja bruke DDT, til over 280 000 tilfelle på toppen i 1952, ein auke på over ti gongar.

I oktober 1945 vart DDT, som hadde blitt brukt av US Army under Rockefeller Institutes Henry Kumm sitt overoppsyn, autorisert av US Government for generell bruk som insekticid mot mygg og fluger. Kritiske vitskapsfolk som åtvara om giftige effektar av DDT i menneske og dyr, fekk munnkorg. Familiar vart fortalde at DDT kunne redde barna deira frå den frykta polioen, sidan den drepte dei frykta insekta.

US Department of Agriculture tilrådde bøndene å vaske mjølkekyrne sine med ei løysing av DDT for å bekjempe mygg og fluger. Dei spraya maisårkrar og frukthagar med DDT frå fly. Men stoffet var utruleg persistent (uthaldande, varig), og den toksiske effekten det hadde på plantar og grønsaker, var av ein slik art at den ikkje kunne vaskast bort. År for år mellom 1945 og 1952 auka mengda DDT som vart spraya utover USA. Ein kan merke seg at det same gjorde talet på tilfelle av poliomyelitt i menneske.

Verste polio-epidemien

Fram til starten av 1950-talet auka merksemda om dei moglege farane av slik tung pesticid-bruk – ikkje berre DDT, men også det endå giftigare BHC (benzen- hexaklorid) – både i US Congress og blant bøndene. I 1951 vitna Morton Biskind, ein lege som med suksess hadde behandla fleire hundre pasientar med DDT-forgifting, framfor US House of Representatives om den moglege koplinga mellom paralytisk polio og toksinar, særleg DDT og BHC. Han sa: 

«Introduksjonen av insekticidet ’DDT’ (diklordifenyltrikloretan) til generell, offentleg bruk og den rekka av endå dødelegare substansar som følgde, liknar ikkje noko vi nokon gong før har sett. Utan tvil har ingen annan substans som mennesket kjenner til blitt utvikla så raskt og spreidd ukritisk over ein så stor del av planeten på så kort tid. Dette er desto meir overraskande ettersom det allereie då var tilgjengeleg ei stor mengd data i den medisinske litteraturen som viste at denne agenten var ekstremt giftig for mange ulike artar dyr, at den vart lagra kumulativt i kroppsfett, og at den dukka opp i mjølka. På denne tida hadde det også blitt rapportert om nokre tilfelle av DDT-forgiftning i menneske. Desse observasjonane vart nesten fullstendig ignorerte eller mistolka

Dr. Morton Biskind (1906-1981)

Biskind vitna igjen framfor Kongressen seint på 1950-talet: «I fjor publiserte eg ei rekke observasjonar om DDT-forgiftning i menneske. Sidan kort etter siste krig har eit stort tal tilfelle blitt observerte av legar over heile landet, der ei gruppe symptom viste seg. Mest framtredande var gastroenteritt [infeksjon i slimhinnene i tarmkanalen, mrk.], persistent gjentakande nevrale symptom og ekstrem muskulær svakheit…» Han skildra fleire døme på pasientar der alvorlege symptom, som inkluderte paralyse, forsvann når eksponeringa for DDT og liknande toksinar vart eliminert: «Mi erfaring med meir enn 200 tilfelle som eg rapporterte om tidleg i fjor, har etter det auka betrakteleg. Dei observasjonane eg seinare har gjort, har ikkje berre stadfesta synspunktet at DDT har skulda for ein stor del av elles uforklarleg menneskele vanføre…» Han nemnde også det faktum at polio-tilfella nesten alltid oppstod om sommaren, når DDT-sprayinga mot insekt var på sitt høgaste.

Medarbeidarar ved Rockefeller Institute og AMA, via deira agentar i US Government, skapte helsekrisa i USA i 1946-1952 som dei kalla polio. Det gjorde dei ved å med viten og vilje promotere det svært giftige DDT som ein trygg metode for kontroll med dei mytiske insekta som spreidde den frykta sjukdommen. Propagandakampanjen deira overbeviste folket i USA om at DDT var nøkkelen til å stoppe spreiinga av poliomyelitt.

Brå tilbakegang for polio

Under leiarskapen til dei to Rockefeller Institute-doktorane Henry Kumm og Thomas Rivers, avviste National Foundation for Infantile Paralysis (NFIP) kritikarar som Biskind og Scobey. Naturmedisinsk behandling, som t.d. bruk av intravenøs vitamin C for infantile paralyse, vart blankt avvist som «kvakksalveri». I april 1953 vart den førande DDT-konsulenten til Rockefeller Institute, dr. Henry Kumm, direktør for NFIPs polioforskningsprogram. Han finansierte polio-vaksineforskinga til Jonas Salk.

Ein modig doktor i North Carolina, dr. Fred R. Klenner, som også hadde studert kjemi og fysiologi, hadde idéen om å bruke store dosar intravenøs askorbinsyre – vitamin C – etter ein hypotese om at pasientane hans var offer for toksisk forgiftning, og at vitamin C var ein kraftig avgiftar. Dette var lenge før dr. Linus Pauling fekk Nobelprisen for forskinga si på vitamin C. Klenner hadde oppsiktsvekkande suksess berre etter få dagars behandling av over 200 pasientar under sommarepidemiane i åra 1949 til 1951. Rockefeller Institute og AMA  hadde null interesse av dei remedielle utsiktene. Dei og det Rockefeller-kontrollerte National Foundation for Infantile Paralysis finansierte berre utviklinga av ein poliovaksine, basert på den ubeviste påstanden til Flexner om at polio var eit smittsamt virus, ikkje eit resultat av miljøgifter.

Så byrja det skje noko uventa kring 1951-1952, medan talet på polio-tilfelle var rekordhøgt. Talet på tilfelle med diagnosen polio ’USA byrja gå tilbake. Nedgangen i talet på polio-offer var dramatisk, år for år fram til 1955, godt før National Foundation og Jonas Salk sin polio-vaksine vart godkjend til allmenn bruk og spreidd vidt.

Omlag eit år før den brå nedgangen i talet på poliotilfelle, fekk bønder med mjølkekyr som hadde alvorlege skadeverknadar av DDT ei tilråding av landbruksdepartementet i USA om å redusere DDT-bruken. Aukande bekymringar om kor trygt DDT var for menneske, og publiserte Senatshøyringar om DDT og polio i 1951, førte også til ein signifikant nedgang i eksponeringa for DDT fram til 1955, sjølv om DDT ikkje vart offisielt forbode i USA før i 1972.

Talet på såkalla «polio»-tilfelle sokk med rundt to tredelar mellom 1952 og 1956, i oppsiktsvekkande parallel med nedgangen i DDT-bruk. Det var godt etter denne nedgangen, seint i 1955 og 1956, at den Rockefeller-utvikla poliovaksinen først vart delt ut blant svære delar av befolkninga. Salk og AMA gav all æra til vaksinen. Død og paralyse som resultat av vaksinen, vart bortforklart. Styresmaktene endra definisjonen av polio for å senke dei offisielle tala endå meir. Samtidig steig talet på liknande, polio-liknande ryggmargsnervesjukdommar – akutt slapp paralyse, kronisk utmattingssyndrom, encefalitt, meningitt, Guillain-Barré-syndromet, muskelsklerose – markant.

Korfor det er viktig

For over eit hundreår sidan sette verdas rikaste mann, oljebaronen John D. Rockefeller, og hans sirkel av rådgivarar seg føre å fullstendig omorganisere korleis medisin skulle praktiserast i USA og resten av verda. Rockefeller Institute og figurar som Simon Flexner hadde bokstaveleg talt tilsynet med oppfinninga av ein kolossal medisinsk svindel rundt påstandar om at ein usynleg, smittsam, framand mikrobe, polioviruset, forårsaka akutt paralyse og til og med døden for unge menneske. Dei forbaud politisk alle forsøk på å kople sjukdommen til toksisk forgiftning, enten det var frå DDT eller arsenikk-pesticidar, eller til og med frå kontaminerte vaksinar. Det kriminelle prosjektet deira inkluderte intimt samarbeid med leiarskapen i AMA og kontroll over den framveksande legemiddelindustrien, så vel som med medisin-utdanningsvesenet. Den same Rockefeller-gruppa finansierte både nazi-eugenikken ved Kaiser Wilhelm-institutta i Tyskland seint på 1930-talet og American Eugenics Society. På 1970-talet finansierte dei danninga av patenterte genmodifiserte såkorn, som alle vart utvikla av Rockefeller-gruppa av kjemiske pesticid-selskap – Monsanto, DuPont, Dow.

I dag er denn kontrollen med folkehelsa og det medisinindustrielle komplekset utøvd av David Rockefellers protegé og eugenikk-forkjempar Bill Gates, sjølvutnemnd tsar over Verdshelseorganisasjonen WHO og verdas vaksinar. Dr. Toni Fauci, sjefen for NIAID, dikterer obligatoriske vaksinar utan bevis. Svindelen bak poliovirus-skandalen etter Andre verdskrig har no blitt foredla med bruk av datamodellar og andre knep, for å forfremme det eine påstått dødelege viruset etter det andre, frå Covid-19 til Apekoppar til HIV. Som med polio, har ingen av desse blitt vitskapeleg isolerte og påvist vere årsak til sjukdommane dei påstår. Ingen. Den same skattefrie Rockefeller Foundation i dag, poserande som  filantropisk velgjerar, er i hjartet til det globale medisinske tyranniet bak covid-19 og eugenikk-agendaen til Verdsøkonomisk forums store nullstilling, «Great Reset». Deira poliomyelitt-virusmodell hjalp dei å skape dette dytopiske medisinske tyranniet. Vi får beskjeden «stol på vitskapen».

F. William Engdahl

12. juli, 2022

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

9 kommentarer. Leave new

  • Mange takk! Dette er stoff som burde stå i alle legetidsskrifter, og være obligatorisk lesning for alle som er sertifiserte til å sette sprøyter.
    I tiden vi lever i er jeg glad for at min tillit til «autoriteter» forsvant tidlig i livet. Jeg fikk masse sprøyter som barn, og jeg har ikke anelse hva de inneholdt. Som ungdom ble jeg proppet full av psykofarmaka, eller «apedop» om du vil, kjemisk lobotomi, horrible bivirkninger. Som voksen ble jeg anbefalt antidepressiva som viste seg å ha helt andre egenskaper enn det som ble lovet. Siden nittitallet har jeg ikke tillatt leger særlig tilgang til min kropp annet enn for å fjerne føflekker.
    Nå får jeg gåsehud bare ved synet av en sprøyte, og vurderer det som tryggest å takke nei til lokalbedøvelse med lidokain, for hva annet det inneholder er umulig å vite. Så får tannlegen heller borre tennene mine uten bedøvelse. Farmasien er beviselig i hendene på massemordere, og går over lik for å ha monopolet på «helse».
    Nettopp p.g.a. null tillit til farmasien vil jeg at salg av cannabis ikke skal tilfalle makthaverne, siden de er langt mindre pålitelige enn det illegale markedet. Og jeg unner ikke staten skatteinntektene av salget.
    Det mest ironiske er at herskere som kaller seg filantroper snakker om å redde kloden er menneskeheten og naturens verste fiende. Og det med fullt overlegg, siden Rockefeller selv aldri brukte sine egne medisiner, men homøopati, og levde til han var nesten hundre.

    Svar
  • Min far ble i 1952 varig lam i begge beina og fikk diagnosen polio. Han hadde deltatt i saniteten i Tysklandsbrigaden på slutten av 40-tallet, og hadde der blant annet som oppgave å sprøyte kasernene og soldatene DDT.

    Svar
    • Ja, er selv av eldre årgang fra siste verdenskrig, og husker flere jevnaldrende som ble uforklarlig alvorlig syke etter poliovaksinering på 1950-tallet, av grunner vi ikke forstod den gang, da vi hadde ubegrenset tiltro til norske helsemyndigheter, bla pirque som da var et godt tiltak mot TBC.
      I ettertid leser vi om Spanskesyken, som oppstod i amerikanske militærleire under 1ste verdenskrig i Kansas og fulgte amerikanske soldater på troppeskip til Europa , der sykdommen spredte seg raskt. Uten at jeg kan belegge det, så sies/ryktes det at soldatene ble injisert av en vaksine utviklet ved Rockcefeller Inc, som skal ha resultert i en epidemi av hjernehinnebetennelse blant soldatene, som syke soldater siden brakte med seg og som resulterte i en pandemisk spanskesyke i Europa og videre. Hjernehinnebetennelse er slående lik spanskesyken på flere punkter angående smitte og sykdomsforløp. Alt dette som et resultat av Rockefellers forskning og utvikling av en dødelig «vaksine». Parallellen til Covid 19 er skremmende lik idag. Vi får håpe det forskes mer på disse årsakssammenhenger i dag, selv om Erna Solberg ba om 100 års lokk på covid -19 vaksineres bivirkninger mm og kun fikk 60. Hva visste Erna om dette?

      Svar
      • Wow! Det er interessant. Det har jeg ikke hørt før.
        Og mye mer sannsynlig enn en versjon som går ut på at franske skyttergraver ble gravd ut av importerte slaver fra Fransk Indokina, og de skal ha bragt det til Europa, og epidemien fikk navnet fordi Spania var der det først ble omtalt. Det hadde ikke noe med Spania å gjøre annet enn at media der meldte det først.
        Big Pharma gjør det igjen og igjen, legger skylden for sine udåder på uskyldige, helst fattige og forvarsløse, gjerne fra en nasjon de vil ondt. Eventuelt en stigmatisert gruppe som sprøytenarkomane, horer eller homser.
        Historien gjentar seg. Til det kjedsommelige.

  • Apedop ;) er vel den riktige riktige betegnelsen slik e beskriver det når det gjelder både Corona vaksiner og andre suspekte behandlinger som har ødelagt livet til utallige mennesker !

    Etter min mening er både helsetilsynet og FHI uegnet til å utføre sine oppgaver som
    helseforebyggende institusjoner! – De er rett og slett uegnet for oppgaven da de rett og slett mangler kunnskap !

    Er det mulig å påvise at SARS-CoV-2 faktisk forårsaker denne sykdommen vi kaller Covid-19 ?
    Nei ! – Det er det faktisk ikke !
    Det å forstå den genetiske sekvensen til noe som aldri har blitt funnet er heller vanskelig, ikke sant ? , det samme gjelder sammensetningen og strukturen til disse hypotetiske piggene til viruset!

    Når vi blir fortalt at vi må injiseres med en kunstig vaksine for at kroppen vår skal produsere syntetiske piggproteiner og deretter produsere antistoffer som skal angripe disse, vet vi da egentlig da hva vi skaper i kroppen vår ?
    Nei ! – Det vet vi så absolutt ikke !

    Vil de genetiske instruksjonene vi tilfører kroppen for å skape dette piggproteinet være med på å skape tilsvarende proteiner vi allerede har i kroppen vår ?
    Ja ! – Det er det ingen tvil om !

    Vil disse såkalte produserte antistoffene detektere mengder av proteinvev i absolutt alle deler av kroppen vår som matcher disse kunstig genererte piggproteinene ?
    Ja ! – Det er det ingen tvil om !

    Vil disse antistoffene i større eller mindre grad angripe både proteiner og vev i kroppen som er like eller til og med identisk med disse produserte piggproteinene ?
    Ja ! – Det er det heller ingen tvil om !

    Vil kroppen til mennesker som har et godt opparbeidet immunforsvar stort sett kunne forsvare seg mot dette manipulerte viruset ?
    Ja ! – Det er det er det heller ingen tvil om !

    Spørsmålet vi alle nå må stille oss:
    Hvorfor fortsetter FHI og myndighetene denne fryktpornoen !
    Har De kunnskap til å kunne forstå følgene av hva de promoterer ?
    Nei ! – Det har de faktisk ikke !
    Er dette kriminelt? Selvfølgelig !, –

    God sommer

    Svar
  • Et litt morsomt «skråblikk» på Covid – Vaksiner og effektiviteten av disse fra Jimmy Dore ;)
    https://rumble.com/v1e02g3-politicians-saying-you-wont-get-covid-if-youre-vaxxed-hilarious-mashup.html

    Svar
  • En utrolig historie. Takk.
    Det skumle er hva vi tror & blir med på bare autoriteter/myndigheter skremmer oss nok til å slutte å tenke.

    Denne artikkelen fortjener å bli spredt på alle lege-venteværelser. Vi har en tiltro til den etablerte lege’vitenskapen ‘ som ikke er sunn.

    Svar
    • Litt på siden. Men når noen utgir seg for å være autoriteter i vår underlige lege-‘vitenskaps’- kultur…..
      ‘System-svikt’ ? ( Våre politiske Covid-‘autoriteter ‘ i mente) :

      ‘Dette er den andre legen som det siste året har vært under etterforskning for feilbehandling på Sørlandet sykehus.
      Tidligere i år ble lege Jerlan Omarchanov tiltalt. Han jobbet som overlege i ortopedi i Flekkefjord, uten å være ortoped.’
      nrk.no/sorlandet/ny-flekkefjord-lege-siktet-etter-feilbehandling-1.16055376

      Svar
  • Rockefeller Foundation og ­etableringen av Statens institutt for folkehelsen –
    Sunniva Engh, Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH),Universitetet i Oslo
    https://www.michaeljournal.no/article/2019/04/Rockefeller-Foundation-og-etableringen-av-Statens-institutt-for-folkehelsen

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Undertrykkelse og sensur: Latvia:

En havn for fascistiske holdninger i Baltikum?

Forrige innlegg

Medier og ytringer

«Jens Stoltenberg — terrorbomber og krigshisser»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.