POSTED IN Norge

83-årig britisk kvinne om koronatiltakene:

Dreper fremtidsutsiktene til ungdommen.

0
Print Friendly, PDF & Email

Gamal britisk kone sparkar ut mot virus-sengevætarar

«Vi vart bomba under blitzen, og vi gav ikkje opp. Vi drog til bomberomma, og deretter gjekk vi tilbake til jobben. Det er det vi må gjere no og.»

av Hayley Dixon

anti-empire 25. oktober, 2020

Maureen Eames, 83, som vart kjendis etter at ho uttrykte sinnet sitt over følgene av regjeringa sine restriksjonar, seier Storbritannia var meint å vere «eit fritt land» og «livet må gå vidare».

Frå heimen sin i South Yorkshire, rett før delar av regionen entrar fase-tre-restriksjonar, åtvarar ho om at det er dei komande generasjonane som vil måtte betale prisen for nedstenginga. Til Boris Johnson seier ho: «Framtida til dei unge er i dine hender.»

Blitzen var den vedvarende tyske flybombingen av Storbritannia under andre verdenskrig, fra 7. september 1940 til 10. mai 1941.(Fra Wikipedia)

Fru Eames seier i eit intervju med avisa the Telegraph: «Vi vart bomba under blitzen, og vi gav ikkje opp. Eg var hos tanta mi i Lincolnshire, rett ved ein småflyplass, og dei slapp ved eit uhell ei bombe, og den blåste ut vindauga våre.»

«Vi overgav oss ikkje då, og det bør vi heller ikkje no. Vi drog til bomberommene, og deretter gjekk vi tilbake til arbeidet. Det er det vi no må gjere.»

Fru Eames har fått ein veksande hærskare av tilhengarar etter at ho vart intervjua av BBC då ho på onsdag var ute på handletur i Barnsley. Nokre av dei seier ho burde bli den neste statsministeren.

Ho fortalde kringkastaren at det var «latterleg» at byen skulle bli den neste delen av England som skulle slyngast ut i «svært høgt» alarmnivå.

«Vi burde aldri ha vore under nedstenging. Alle dei som var sårbare burde ha fått hjelp og blitt haldne trygt heime. Og alle resten av oss, eg er 83, eg bryr meg ikkje,» seier ho.

«Eg ser det på denne måten: eg har ikkje så mange år igjen, og eg vil ikkje bli innesperra i eit hus når regjeringa tar heilt feil.»

Maureen Eames

Åttiåringen, som i 50 år var medlem av sognerådet i heimstaden Notton, åtvara om at restriksjonane vil gjere millionar arbeidslause, og dei som må betale for det blir «alle dei unge. Ikkje eg, for eg kjem til å vere daud.»

Fru Eams, som har tre barnebarn og to oldebarn, seier ho har blitt overvelda av støtte sidan intervjuet. Ho samanliknar seg med ‘Brenda from Bristol’, som gjekk viralt på Twitter etter reaksjonen sin på at det var utlyst val i 2017.

Ho fekk førstehands kjennskap med viruset då mannen hennar, Michael på 82, vart alvorleg sjuk av koronaviruset i slutten av februar. Han hosta blod og friskna ikkje til før i mai. Sjølv fekk ho viruset i slutten av mai og fekk brystsmerter, men var restituert ti dagar seinare.

Den pensjonerte doktoren si husmor har avslørt at ho heilt frå starten av har vore imot nedstengingane og halde fram med handleturane sine tre gongar i veka. Ho seier: «Det dei skulle ha gjort, var å sikre at alle dei gamle og dei med helseproblem vart beskytta, og dersom dei trengde noko så fanst det nokon der som kunne bringe det heim til dei. Så kunne dei la resten av oss halde fram med liva våre.»

Koronatiltakene ødelegger fremtidsutsiktene til mange ungdommer.

«All denne pengebruken, og når året er omme vil det vere så mange barn, unge og gamle som er arbeidslause. Det finst inga framtid for dei unge om ting held fram som no.»

Tory-velgaren seier ho legg skulda for responsen på Matt Hancock, og trur at hr. Johnson har blitt svinebunden av sine vitskapelege konsulentar.

«Framtida til dei unge er i dine hender, Boris. Og for Guds skuld, skaff deg nokre folk rundt deg som veit kva som må gjerast,» seier ho.

«Eg ville ha sparka heile gjengen, spesielt Matt Hancock. Skaff fram folk som vil fortelle deg at du skal opne opp alt att og beskytte dei sårbare.»

Ein av helseministeren sine feil, trur fru Eames, var å be legane møte pasientane sine på Zoom [eit dataprogram for videokonferanse, mrk.], noko som har gjort det lettare å hamne i fengsel enn på operasjonsbordet.

«Det bekymrar meg verkeleg korleis mange i starten av utbrotet var diagnostiserte med kreft, og no døyr,» seier ho. «Dei har inga framtid på grunn av denne politikken, dei døyr.»

Barnsley, Doncaster, Rotherham og Sheffield går inn i dei strengaste nivå 3-restriksjonane laurdag ved midnatt, og følger då Manchester, Lancashire og Liverpool.

Ikkje berre folk i dei sosiale media støtta dei openhjartige synspunkta. Herr Eames, ein pensjonert kolgruve-elektroingeniør, avslører at han er stolt av kona si. «Vi såg det på TV, og eg sa ‘du kjem til å gå viralt med det der’, og ho sa ‘Å, gi deg!’ Men eg hadde rett,» seier han. «Eg kallar ho Min Hyacinth, min eigen fru Bouquet.»

Kjelde: The Telegraph

Fritt omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland

Forsidebilde: Jude Beck

Originalen finn du på: https://www.anti-empire.com/british-covid-hero-grandmother-rips-into-virus-bed-wetters-some-more/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Havet:

Hvordan påvirkes havnivået?

Forrige innlegg

Oslo-valget

Nær annen hver Oslo-velger vil øke innvandringa og si ja til muslimske særkrav

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.