Beistet og bombingane: tankar om Dresden, februar 1945
Bombinga av Dresden sjokkerte verda
Global Research, 12. februar, 2020



Dei allierte si øydelegging av Dresden var ikkje det største eller mest dødelege bombardementet av ein tysk by under Andre verdskrig. Men det var det klart mest berykta, mykje på grunn av Kurt Vonnegut sitt antikrigsmeisterstykke Slaughterhouse-Five. Den 13. februar markerer vi 76-årsdagen for det som Vonnegut, som sjølv overlevde bombinga som krigsfange, kalla «eit botnlaust blodbad».
Slaktar Harris og britisk terrorbombing
Tidleg i 1945 var den ein gong så ustoppelege tyske hæren på retrett på alle frontar. Dei siste desperate forsøka på motoffensiv mot dei raskt framrykkande allierte styrkane i vest – Bulge-slaget og Operasjon Baseplate – hadde mislykkast, samstundes som Den raude armé frå aust rulla inn på tysk territorium i den første Schlesien-offensiven. Tidspunktet var gunstig, meinte britiske kommandantar, for storskala-angrep på byar i austre Tyskland som kunne støtte den sovjetiske offensiven og knuse moralen til tyskarane.
Lenge før dette hadde britane implementert ein framgangsmåte for det dei kalla «terrorbombing», eller den medvitne totale øydelegginga av tyske byar, som ein metode til å bryte ned det tyske folket sin vilje til å kjempe vidare. Bølger av krigsfly frå Royal Air Force (RAF) teppebomba tett befolka byar på nattetid, utan å gi skin av presisjonsbombing, og forårsaka omsynslaust omfattande død og øydelegging. Sjefen for Bombeflykommandoen i RAF, Arthur «Bomber» Harris, erklærte sitt ønske om å heimsøke det tyske folket med «redslane ved brann». Ein gong vart Harris stoppa av ein britisk polititenestemann då han hadde køyrt for fort med sin svarte Bentley. «Du kunne ha drepe nokon,» åtvara konstabelen han. «Unge mann,» svarte kommandanten, «eg drep tusentals menneske kvar natt.»



Han laug ikkje. Sjølv om den britiske regjeringa insisterte på at dei aldri hadde hatt som politiske retningslinjer å drepe sivile, var sanninga heilt noko anna. Som Harris sa etter at tyske Luftwaffe-bombefly hadde blitz-bomba britiske byar: sidan tyskarane hadde «sådd vind», skulle dei få «hauste virvelvind». I 1943 skreiv Harris at «målet er destruksjon av tyske byar, drap på tyske arbeidarar og forstyrring av sivilisert liv over heile Tyskland» samstundes med ei «nedtoning av utslettinga av tyske byar og innbyggarane der.»
«Bomber» var verkeleg eit passande klengenamn for Harris, men mennene hans hadde eit anna på han: «Butcher» (Slaktaren). Han levde opp til tilnamnet. Rundt 50 tyske byar vart utsette for grufult luftbombardement, ofte med brannbomber designa for å tenne massive eldstormar og maksimere dødstal, destruksjon og terror. I juli 1943 døydde omlag 45 000 sivile, inkludert 21 000 kvinner og 8 000 barn, under over ei veke med ustoppeleg bombing i Hamburg. I februar 1945 jamna eit hundretals Lancaster-bombefly Pforzheim med jorda og drap nesten win tredel av befolkninga. Lista blei lengre og lengre.
«Brann, berre brann»
Harris og andre RAF-kommandantar føreslo simultane angrep på Berlin, Chemnitz, Dresden og Leipzig vinteren 1945. Dresden, Tysklands sjuande største by, var det største urbane området i Det tredje riket som ikkje enno hadde blitt bomba. Byen hadde blitt spart for allierte angrep fordi den var ein viktig kulturby – kjend som Smykkeskrinet for sin fantastiske arkitektur – med relativt få militære mål. Det var ein tilfluktsstad, med 19 sjukehus og over ein million flyktningar som hadde flykta frå framrykkingane til Den raude arméen. Dei trekte dit på grunn av Dresden sitt rykte som trygg hamn midt i krigsflammane som herja det meste av resten av Tyskland, eit rykte forsterka av at 25 000 allierte krigsfangar vart haldne i og utanfor byen.



Dei første krigsflya frå RAF entra byen etter klokka 21:30 den 13. februar. Det vart slept kring 200 000 brannbomber og 500 tonn høgeksplosiv, inkludert to-tonns «blockbuster»-bomber, under dei første raida. Desse sette fyr på tusentals brannar som var synlege frå lufta 800 kilometer unna. Varmen som vart generert av infernoet smelta menneskehud og gjorde ei mengd offer om til dungar av smelta masse. Menn, kvinner, barn, sjuke, eldre, flyktningar og allierte krigsfangar, og til og med dyra i dyrehagane – dei vart alle sette i brann saman. Eldstormen på 1500 oC saug alt oksygen frå lufta; mange tusen døydde kvelingsdøden. Lothar Metzger, som var ni år gamal på den tida, minnast seinare:
«Rundt klokka halv ti på kvelden gjekk alarmen. Vi barna kjende den lyden og .. hasta ned i kjellaren. […] Den eldre systera mi og eg bar dei små tvillingsystrene mine, mor mi bar ein liten koffert og mjølkeflaskene til dei minste. På radio høyrde vi med gru på nyhenda: «Høyr etter! Eit stort luftangrep vil kome over byen vår!» … Nokre minutt seinare høyrde vi eit forferdeleg bråk – bombeflya. Det kom ustanseleg med eksplosjonar. Kjellaren vår var fylt med flammar og røyk og vart skadd, lysa gjekk og skadde folk skreik hjarteskjerande. Med stor frykt kjempa vi oss ut av kjellaren.



Vi kjende oss ikkje att i gata vår lenger. Brann, berre brann overalt, kor vi enn såg […] Det var ikkje til å tru, verre enn det svartaste mareritt. Så mange folk var skrekkeleg brende og skadde. Det blei meir og meir vanskeleg å puste […] utenkeleg panikk. Døde og døyande folk vart nedtrampa […] kremerte vaksne var skrumpa inn til små barns storleik, delar av armar og bein, døde menneske, heile familiar brende i hjel, brennande menneske sprang til og frå, brennande vogner med sivile flyktningar, døde redningsarbeidarar og soldatar, mange ropte på og leita etter barna og familiane sine, og brann overalt, alle stadar brann, og heile tida kasta den glovarme vinden frå eldstormen folk tilbake inn i dei brennande husa dei hadde prøvd å flykte frå […] Tvillingane hadde forsvunne .. vi fekk aldri meir sjå mine to småsystrer att.»
På morgonen kom det ei bølge på over 300 flygande fort, bombefly av typen Boeing B-17 frå United States Army Air Force, og banka laus på overlevarane med over 700 tonn eksplosiv. Den 15. februar bomba US-amerikanske krigsfly byens søraustre forstadar og dei næliggande landsbyane Meissen og Prina. Når det heile var over var kring 25 000 menn, kvinner og barn daude, og nesten 90 prosent av heimane i sentrale Dresden var utsletta. Mange av måla som kunne ha vore av militær interesse – nokre fabrikkar, jernbanesystemet – var relativt uskadde. Nazistane sine militære tog tøffa gjennom bygatene igjen innan tre dagar etter bombinga.



«Er vi dyr?»
Britiske og amerikanske tenestemenn insisterte på at Dresden skulle velgast som mål på grunn av sin infrastruktur innan industri og transport. Dette er berre delvis sant. Den kvelden bombinga starta, var Den raude arméen berre 130 km unna Dresden, og USA og Storbritannia – som visste at Europa ville bli delt opp mellom dei sjølve og sovjetarane etter krigen – hadde lyst til å imponere Stalin med ein massiv styrkedemonstrasjon. Eit RAF-memo til luftmennene på angrepskvelden forklarte at «intensjonen med angrepet er å råke fienden der han mest kjenner det» og «å vise russarane, når dei kjem, kva Bombekommandoen klarer å gjere». Nokre månadar seinare skulle USA føre verdas første og einaste atomkrig, der dei utsletta to japanske byar og drap hundretusentals av folket der i det som delvis var endå ein måte å sjokkere og imponere sovjetarane.
Dresden-bombinga sjokkerte verda. Churchill, ikkje kjend for å ause ut medkjensle, var forferda over råskapen i angrepet, og kalla det «terror og omsynslaus destruksjon». Etter å ha sett fotografi av den øydelagde byen, spurde statsministeren: «Er vi dyr? Dreg vi dette for langt?» I eit topphemmeleg memo datert 28. mars, 1945 skreiv han:
«For meg verkar det som augneblinken har kome for at spørsmålet om bombing av tyske byar berre for å auke terroren, sjølv om det skjer under andre påskot, bør revurderast. Elles vil vi bli sittande med kontrollen over eit heilt ruinert land.»



Andre forsvarte bombinga. Slaktaren Harris erkjente at «øydelegginga av ein så stor og vakker by på dette seine stadiet i krigen verka unødvendig, sjølv for mange folk som innrømmer at våre tidlegare angrep var heilt rettmessige.» Men han hevda at terrorbombing ville «avkorte krigen og bevare liva til allierte soldatar». Harris la til i eit berykta sitat: «Personleg meiner eg at alle dei gjenståande byane i Tyskland til saman er mindre verdt enn beina til éin britisk grenader».
Så mange som 600 000 sivile tyskarar vart drepne av alliert bombing under krigen. Mange av desse offera døydde i løpet av krigens siste månadar, når Tysklands nederlag var uunngåeleg og ei slik nedslakting ikkje tente noko gyldig militært føremål. Og sjølv om nazistane kanskje starta luftkrigen med bombinga av britiske byar, som drap 14 000 sivile under Blitz-krigen, så var virvelvinden dei hausta – for å sitere Harris – så grovt ute av proporsjonar at det for evig og alltid vil sette flekkar på Dei allierte sine sjølvrettferdige påstandar om at dei kjempa «den siste gode krigen».
Omsett av Monica Sortland
Bilder med tekst lagt til av Knut Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 256 ganger.
20 kommentarer. Leave new
Bombingen av London stanset ikke med de tyske flyangrepene, den såkalte blitzen. Angrepene fortsatte med ‘førerløse bomber’ og senere verdens første langdistanseraketter. Disse våpnene rammet kun sivile mål.
At det på britisk side oppsto et forståelig hevnmotiv er ikke så vanskelig å se. At det rammet mange uskyldige ligger i hevnens natur. På den aktuelle tiden var det ganske normal mentalitet å ansvarliggjøre hele befolkningen for statens aktiviteter. Man var ikke bare i krig mot Hitler og nazistene, men hele Tyskland.
Det forelå også et argument for å bombe den nazistiske ideologien ut av den jevne tysker, en gang for alle, slik at den ikke gjennoppsto senere. Churchill uttalte at tyskerne skulle læres en lekse de aldri ville glemme. Av de som faktisk opplevde krigen var det få, om noen, som kritiserte bombingen av tyske byer.
Når det gjelder Japan så bombet først USA Tokyo med brannbomber. Japan valgte å fortsette krigen, og da tok USA i bruk atomvåpen.
Jeg kan legge til at USA også brant ned de japanske storbyene Kobe og Osaka, samt flere andre byer. Minst en million innbyggere ble drept. Men fortsatt nektet Japan å kapitulere. Først etter bruk av atomvåpen kapitulerte som nevnt landet.
Ansvarlig general for denne bombingen, Curtis LeMay, uttalte at han ville bli stilt til ansvar for krigsforbrytelser dersom USA tapte krigen.
En annen sak er at ingen vet sikkert hva som fikk Japans regime til endelig gi opp. Man antar det mest sannsynlig skyldes atomvåpnene, men det er et faktum at Sovjet i samme tidsrom/forløp erklærte Japan krig og angrep riket. Frykt for å bli okkupert av Sovjet kan ha medvirket til, eller vært den direkte årsak til, at regimet valgte å overgi seg, til USA.
Du tar feil, Jan Magne. Britene startet terrorbombingen og tyskerne svarte tre måneder senere etter nytteløse protester. Den tredelte markør-, spreng-, brannbombingen av trehusbebygde Dresden kom etter mer bombing av tyske byer enn Luftwaffe noensinne hadde greid mot britene. Dresden hadde ikke luftvern fordi den ikke hadde viktig krigsproduksjon og var derfor blitt et tilfluktsted for sivile flyktninger fra øst og vest. United States Strategic Bombing Survey forsøkte å begrunne, men klarte det ikke selv om konklusjonen unødvendig ikke ble så entydig som for Hiroshima og Nagasaki. De tre terrorbombingene var nok mer ment å skremme russerne enn tyskere og japanere, altså mer sannsynlig «markedsføringstriks.»
24. august 1940 under et luftangrep slapp et tysk bombefly sine bomber mot et sivilt mål i utkanten av London. Dette var en feilbombing, men det visste ikke britene. Noen dager senere svarte britene på denne bombingen med å slippe bomber over Berlin.
7. september godkjente Hitler bombing av London og andre sivile mål. Dette innledet Blizen og bombingen av London pågikk gjennom hele krigen.
Tyskerne brukte både spreng og brannbomber. Minst 15 byer ble bombet foruten London.
Tyskerne bombet rett nok Polske byer før det ble krig med England, men der er en hake. Haagkonvensjonen tillot bombing av sivile byer som var okkupert av fienden, altså ble forsvart (Article 25: The attack or bombardment of towns, villages, habitations or buildings which are not defended, is prohibited.) Tyskland hadde i fredsforslag 1936 (Friedrich Stieve: What the World Rejected) søkt å frede alle byer i framtidige kriger, men ble avvist av Storbritannia og Frankrike. Den femte september 1939 bombet Storbritannia Wilhelmshafen. https://justice4germans.wordpress.com/2015/06/15/who-started-the-bombing-of-cities-and-targeting-of-civilians-in-world-war-ii/
Wilhelmshaven var/er en av Tysklands viktigste marinebaser. Den britiske bombeaksjonen var rettet mot tyske krigsskip, og var en direkte konsekvens av det tyske angrepet på Polen, et land britene som kjent hadde garantert for.
At denne bombingen medførte sivile tap betyr ikke at bombingen var en bevisst terrorbombing. Til sammenligning bombet allierte tyske marinebaser i Laksevåg og drepte nesten to hundre sivile nordmenn.
[…] Omsett av Monica Sortland for Derimot.no […]
Det er ikke terror å slippe bomber fra fly, det er bare terror når de sprenges fra bil eller på annen måte. Derfor er Jens Stoltenberg offisielt ingen terrorist når han bidro med å slippe nærmere 600 bomber over Libya uten legitim grunn. George W. Bush var heller ingen terrorist da han bombet Irak tilbake til steinalderen i 2003, ut fra egenproduserte falske «beviser». Krigsforbrytelser er ikke noe nytt, heller ikke at gale, onde menn står bak dem.
Jeg tror ingen, spesielt om man selv har barn, som ikke blir berørt av å lese disse skildringene. Det er en tragisk påminnelse om at krig kun har tapere. Og de som taper mest er de stakkars uskyldige barna.
Der tar du nok feil, krig har så absolutt sine «vinnere». Alle de som selger våpen, bangsterne som låner ut «penger» til både de som starter krigene og de som må forsvare seg tjener grovt på krig. Muligens derfor vi stadig har så mange av dem gående verden rundt?
Det største forurensningsproblemet på planeten Jorden er krig! Men vi snakker bare om CO2(?) Lurer på hvorfor?
Planeten Jorden har flere alvorlige problemer enn klima som ikke blir adressert. Og vi vet vel egentlig hvorfor … ?
Ja, Olav, Trump ble jo angrepet fordi han ikke ville underskrive papiravtalen/Parisavtalen. Men heller trakk seg ut av kriger og ikke startet nye.
Verden vil ha ord/politikk, ikke handling.
Vi har vel heller ikke sett noe CO2-regnskap på Stoltenberg/Hillary/Obama sin bombing av Libya. Og hva gjenreisning av bygningene/bombingen koster av CO2-utslipp.
Likeledes regnskap over CO2-utslippene- ved bombing og gjennoppbygging av Irak og Syria.
Disse settes vel ikke på Norge, men på Libya og Syria sin CO2-kvote. (?)
En ny miljøkonferanse må nok holdes for å redde verden. 😉
Det er en myte at tyskerne først startet terrorbombingen av engelske byer, for det var britene som startet. Tysklands fredsforslag mellom 1933 og 1936 ville holde befolkningssentra helt unna framtidige krigshandlinger, men fikk ingen respons (Friedrich Stieve: What the World Rejected). Den britiske bombingen av sivile startet med Wilhelmshafen 4. september 1939 og Tysklands gjengjeldelse kom tre måneder etter da britene ikke ville slutte. Tyske bomber over England utgjorde 5% av de alliertes over Tyskland. 28. mars 1942 kom den første bombingen av trehusbebyggelse i Lübeck da «Bomber» Harris ville vite om det gikk an å starte en ildstorm.
25 000 ofre i Dresden er alfor lavt. Dresdner Ordnungspolizei publiserte en rapport som viste at det var funnet rester av 202 040 personer etter bombingen av Dresden. Inkludert savnede kommer antall ofre opp i 250 000 til 300 000. Det berømte tyske leksikonet Brockhaus oppga i sin 1956-utgave 300 000 bombeofre i Dresden.
Men det er «vinnerne» som skriver historien, ALLTID! 300 000 ville kanskje vært i overkant hvis det ble kjent på slutten av og like etter krigen? Kanskje en del oppegående sjeler hadde forlangt at disse krigsforbryterne ble straffet? Straffet for å føre krig mot dem man ikke liker? Det kunne jo ha ført til at det ikke ble like populært å starte dette faenskapet lenger frem i historien, og slikt kan man ikke ha noe av må vite. Ingen krigsforbrytere blir i dag straffet, bare å se på være egne, Støre og Stoltenberg, noen forsøkte å anmelde dem til Haag, men anmeldelsen ble vel bare kastet i papirkurven?
Terrorbombingen av Dresden, og flere andre tyske byer, representerer krigens grusomheter på sitt verste, men det blir feil å se dette som isolerte hendelser.
Bevist terrorbombing med bombefly mot britiske byer pågikk fra september 1940 til mai 1941, altså sammenhengende i åtte-ni måneder. 50 000 sprengbomber og millioner brannbomber ble sluppet over London. 29. desember 1940 raste det 1500 branner i London. I London alene ble 1 150 000 bygninger skadet og store deler av byen lagt i ruiner.
Natt til 15. november 1940 angrep 500 tyske fly byen Coventry. Ca. 600 tonn sprengbomber og et stort antall brannbomber ble sluppet over byen, som praktisk talt ble helt ødelagt. Tysk radio meldte at hele Storbritannia kunne vente seg en tilsvarende behandling. Til sammen ble minst 15 britiske byer bombet etter samme mønster. Fra 1943 og frem mot krigens slutt ble London igjen utsatt for terrorbombing, nå fra våpnene kjent under betegnelsene V1 og V2.
Du har god kunnskap om dette.
Godt.
Derfor spør jeg: Kan du oppgi kildene?
Jan M.S.
Dette virker som oppkonstruerte tall & tider.
Bombingen i London ble utført mot krigs-industriområder, og først etter at England angrep Tyskland. ( I motsetning til England/de allierte sin bombing av sivile byer uten krigsindustri i Tyskland )
Hvorfor skulle Tyskland bombe samtidig som de kom med forespørsel om fred /nedrustning? ( Og dette ble ikke-besvart og/eller avslått av England/Churchill. )
«En terrorhandlig fra øverste hylle», høres bedre ut.