Krigsbrotsverk, imperiet og forfølginga av den frie pressa
Av Nozomi Hayase



for Consortium News, den 5 august, 2020
Denne veka markerer vi at det er 75 år sidan sprenginga av US-amerikanske atombomber i dei japanesiske byane Hiroshima (6. august, 1945) og Nagasaki (9. august) under Andre verdskrig.
Dødstala etter dei to kjernefysiske overgrepa har blitt estimerte til over 225 000 menneske, med mange som døydde direkte, medan andre døydde på seinare tidspunkt av strålingsskadar.
Etter bombinga av Japan, og i fleire tiår framover, skjulte styresmaktene i USA dei militære fotografia dei hadde tatt i Hiroshima og Nagasaki.
Med statspropaganda og sensur vart folk halde i mørkret om skadeomfanget og den menneskelege lidinga. USA sitt atomangrep gjorde japansk jord om til eit giftig kaos der ingenting kunne gro i 75 år. I motsetning til det erklærte målet (den japanske hæren sine hovudkvarter), brende bomba folk til døds: kvinner, barn og eldre, og dei som ikkje var i uniform, forårsaka omsynslaust langsiktige helsemessige verknadar hos dei som overlevde eksplosjonen.



Den britiske undersøkande journalisten Robert Fisk sa ein gong: «Krig er menneskesinnets totale nederlag.» Atombomba sitt radioaktive nedfall representerer menneskeslekta sitt nedfall og tap av verde. Det har ikkje berre lært folk over heile verda om gruen ved atomvåpen, men også understreka den nøkkelrolla som media spelar når det gjeld å hindre forferdelege menneskelege feil i krigstid. Dei siste åra, under Trump-administrasjonen, har den frie pressa blitt alvorleg trua. Ved fleire høve har president Trump uttrykt sinne over varslarar («leakers») og medieorganisasjonar som brukar slike varsel til å avsløre klassifisert informasjon. Med regjeringa i USA si forfølging av WikiLeaks-publisisten Julian Assange, har fiendskapen til Trump-administrasjonen mot media no eskalert til kriminalisering av journalisme.
Wilfred Burchetts varsel



Assange har blitt sikta på 17 punkt under spionasjelova frå 1917 og éi skulding om å konspirere med ei kjelde om å bryte lova om datasvindel og -misbruk («the Computer Fraud and Abuse Act») for rapporteringa si om USA sine krigar i Irak og Afghanistan og torturen som vart gjort ved Guantanamo Bay. Assange blir halden i varetekt i Belmarsh-fengselet, eine og aleine på grunnlag av USA sitt krav om utlevering. Han vil få 175 år i fengsel dersom han blir dømt.
Assange si utlevering blir av talefridomsgrupper sett på som den viktigaste pressefridomssaka i det 21. hundreåret. Kva handlar denne forfølginga av ein publisist eigentleg om? Historia om ein australsk journalist som eksponerte den brutale sanninga om krig ved enden på Andre verdskrig kan gi ein historisk kontekst og hjelpe oss å betre forstå kor viktig denne saka er.



Wilfred Burchett har blitt kjend som den første vestlege journalisten som kom til Hiroshima etter at byen var bomba, der han rapporterte frå eit av dei få sjukehusa som var i drift. I artikkelen med overskrifta «Atompesten» skreiv Burchett: «Hiroshima ser ut som om ein gigantisk dampvegvals har rulla over byen og knust den til inkje.» Den melbournske krigskorrespondenten tilkjennegav at sivile leid av meir enn svære blemmer og hår som datt ut.
Burchetts telegram – ofte referert til som «hundreårets scoop» – vart avvist av administrasjonen i USA. Nestleiaren for Manhattan Project forkasta det totalt som japanesisk propaganda. Burchett si førstehands, i felten, augevitneskildring vart kritisert også i heimlandet hans, Australia.
Ein dokumentarfilm, “Public Enemy Number One” (1981) produsert av David Bradbury, viste korleis Burchett vart skulda for å støtte «den andre sida» i Australia. Filmen stilte spørsmålet: «Kan eit demokrati tolerere meiningar som det oppfattar som nedbrytande for sine nasjonale interesser? Kor langt kan ein strekke pressefridommen i krigstid?» Dessverre såg det ut til at spørsmålet fall for dauve øyre, og stilla har sidan rådd.



Tøye grensene for talefridom
Fleire tiår seinare har ein annan australiar stige fram for å svare på spørsmålet. Julian Assange har gjennom arbeidet sitt med WikiLeaks igjen starta å flytte grensene for fri tale.
WikiLeaks publiserte eit hemmeleg funn av US-amerikanske klassifiserte militære filer om den afghanske krigen, avslørte kring 20 000 sivile drepne ved avretting, massakrar og natt-raid, følgd av «Iraq War Logs», som informerte både irakarar og resten av verdssamfunnet om 15 000 tidlegare urapporterte sivile drepne.
Eit av dei viktigaste døma på kompromisslause reportasjar av allmenn interesse fekk vi då WikiLeaks publiserte dei klassifiserte bileta frå det US-amerikanske militæret, som den 12. juli, 2007, slo til frå lufta mot uvæpna sivile i Bagdad. Angrepet drap eit dusin uskuldige sivile, inkludert to Reuters-journalistar, Namir Noor-Eldeen og Saeed Chmagh.
Publiseringa av «Collateral Murder»-videoen splintra det verna amerikanske synet på verkelegheita , sjokkerte alle ein hadde fått til å tru at Irak-krigen var over. Dean Yates, ein journalist som leidde Reuter sitt pressebyrå i Bagdad, lærde for første gong den verkelege naturen til US Army sine blodige drap på dei irakiske kollegaene hans via WikiLeaks-videoen.



Yates samanlikna signifikansen til «Collateral Murder»-videoen med Abu Ghraib-bileta som viste USAs uhyrlegheiter og krigens verkelege kostnadar. Han forklarte at «USAs militære laug igjen og igjen for meg – og for verda – om kva som skjedde.» Han heldt fram: «Assange viste sanninga om drapa fram for verda, og eksponerte den løgna som eg sjølv og andre ikkje hadde vist.»
Fiende av staten
Burchett, veteran-reporter for den britiske avisa Daily Express, meinte at ei av dei journalistiske pliktene er å vere uavhengig av doktrinar og politiske ideologiar, og at ansvaret til journalisten er å finne fakta og publisere sanninga. For sitt heftige engasjement i å gjere plikta si, vart han ein kontroversiell figur. Han vart utfrosen og gjort til samfunnsfiende nummer 1. Dei australske media gav eit bilete av han som forrædar, og hans landsmenn vende seg imot han. Den australske regjeringa tok frå han passet, og i 17 år var han utestengd frå sitt eige land.



Assange sitt arbeid med å forsvare folket sin rett til å vite, har skapt konfliktar med mektige statar. Etter WikiLeaks-avsløringane av talrike krigsbrotsverk utførte av USAs regjering, angreip Pentagon varslar-nettstaden og skulda dei for å skade den nasjonale sikkerheita. U.S. Joint Chiefs of Staff Mike Mullen, toppoffiseren i USAs militære, brukte det bombastiske uttrykket «blod på hendene sine», og kalla WikiLeaks-publikasjonane for «uforsvarlege og uansvarlege», sjølv om det aldri har blitt vist fram eit snev av bevis for at nokon nokon gong har blitt skada av desse avsløringane.
Frå den falske preliminære granskinga av hans påståtte seksuelle feilgrep i Sverige (granskinga vart til slutt stoppa i 2019) til bakvasking og karakterdrap av høgt profilerte figurar i USA, kom Assange – som frontfiguren til organisasjonen – under massivt, politisk angrep. Han vart halden vilkårleg innesperra i den ecuadorianske ambassaden i London i meir enn sju år, der han var frårøva helsestell og sollys på grunn av at den britiske regjeringa nekta han asylrett – trass gjentatte åtvaringar frå FN si arbeidsgruppe for vilkårleg fengsling [UN Working Group on Arbitrary Detention]. I fleire år, medan han var på ambassaden, vart Assange spionert på av ein spansk sikkerheitskontraktør. Kontraktøren skal ha jobba på oppdrag frå Ecuadors regjering, men skal også ha jobba i løynd for CIA. Overvaking med videokamera og mikrofonar 24 timar om dagen, sju dagar i veka, omfatta privilegerte samtalar mellom Assange og advokatane og legane hans, så vel som med journalistar og vener. Spionasjen vart til og med utført inne på dametoalettet.



Trass den enorme urettvisa mot sin eigen medborgar, stod den australske regjeringa fast på si underdanigheit mot sin vestlege allierte og let Assange kjenne seg totalt forlatt. Landsforvist av sitt eige land, vart Assange ein verdskjend politisk fange. Han smuldrar bort i eit maksimalt sikra fengsel i London, der han blir utsett for psykologisk tortur, slik FNs spesialrapportør for tortur, Nils Melzer, og andre legar som har vurdert han, har kome fram til. Over 200 legar og psykologar frå 33 land har signert eit ope brev med eit opprop mot dei vestlege regjeringane sitt koordinerte maktmisbruk mot journalisten, og kravd ein slutt på torturen av Assange og den medisinske forsømminga.
Ingen veg til fred
Bombinga av Hiroshima og Nagasaki markerte enden på Andre verdskrig. Militære tenestemenn kunngjorde at USA hadde slått nazi-Tyskland og japanesisk imperieaggresjon. Utanriksministeren til Japan, som representerte keisaren, signerte overgivingsavtalen i Tokyo-bukta den 2. september, 1945. «Måtte freden bli gjenoppretta,» sa general MacArthur, USA sin øvstkommanderande for okkupasjonen av Japan, under den formelle seremonien.
Men lysblusset som hadde stråla ut frå eit US-amerikansk B-29-bombefly lyste ikkje opp nokon veg mot fred. Det blinda auga på både japanesarar og amerikanarar, og hindra dei i å verkeleg sjå kvarandre, å kjenne att si samse menneskelegheit. USA sin bruk av atomvåpen, som dei hadde rettferdiggjort med at de ville framskunde ein slutt på krigen og unngå fleire allierte tap, gav ei total øydelegging av japanesiske byar og innbyggarane der. Det skapte traumer og ureparerbar moralsk skade hos amerikanske soldatar. I dei kritiske timane som førte fram til USAs regjering si avgjerd om å sleppe kjernefysiske bomber over Japan, vart det då vurdert andre alternativ, særleg ettersom landet allereie stod på randa til kapitulasjon?



Wilfred Burchett, son av ein metodist-lekpredikant som hjalp til med å redde jødar ut av nazi-Tyskland, tok opp andre alternativ. Medan Allierte journalistar pliktoppfyllande dekka den offisielle japanesiske kapitulasjonen om bord i slagskipet, og flokka seg kring general Douglas MacArthur sitt okkupasjonshovudkvarter i Tokyo, gjekk Burchett om bord i eit tog til Hiroshima – aleine og uvæpna. Han bar med seg sju måltid, ein svart paraply og ei skrivemaskin; han reiste 65 mil frå Tokyo på leit etter sanninga i det sønderbomba Hiroshima – for å gjenopprette bilete av daude og skadde kroppar av uskuldige sivilistar gravlagde av mainstream-media.
Burchett si ærlege dekking av eit kjernefysisk ragnarokk i Stillehavet utfordra den offisielle historia, ei historie som glorifiserte USA sin siger over Japan. Journalismen hans gav røyst til dei som var gjort tause, let offera etter ein grufull dag av destruksjon fortelle si side av historia.
Scener frå eit Hiroshima som var forvandla til eit levande helvete konfronterte hykleriet til USAs regjering, avslørte deira eigen terror, som var slept laus i namnet til å slå ned fascismen på kontinentet.
Mektigare enn sverdet
Burchett sine reportasjar frå den andre sida viste korleis den frie pressa kunne bli eit skjold til å forsvare uskuldige sivile, og kunne bli brukt av vanlege folk til å stå opp imot arsenalet til dei mektige. Gjennom journalistikken sin gjekk han inn for å formidle sanninga i det gamle ordtaket «pennen er mektigare enn sverdet.» Skriftene hans åtvara om at makt ikkje kan temmast med makt.



Burchett prøvde å vise USA og deira vestlege allierte at sverdet til det imperialistiske Japan, som ekspanderte dominansen sin over aust-Asia, ikkje kunne øydeleggast med skytevåpen, rakettar eller sjølv atombomba.
Bodskapen hans var at fred ikkje kan vinnast med erobring, militær makt, eller gjennom kapitulasjon og avtalar som har kome til under tvang. Makt avlar makt. Fred kan berre skje gjennom at vi anstrengar oss for å forstå våre skilnadar gjennom dialog og diplomati.
No, i internett-alderen, med ei datamaskin, har Assange brukt den frie pressa som eit ikkje-valdeleg våpen til å utfordre det militærindustrielle komplekset. WikiLeaks har gjennom transparensmetoden styrka vanlege folk med kunnskap. Dei opna statsløyndommar for det demokratiske blikket, tilbaud eit alternativt middel til å løyse konfliktar, på anna måte enn med vald og tvang.
Usensurerte bilete av moderne krigføring, gjort tilgjengeleg av varslaren Chelsea Manning si samvitsgjerning, gav perspektiv som hadde vore maskerte av eufemismen «collateral damage». Det amerikanske folket fekk sjå dei verkelege ansikta til dei dei før hadde fått seg forklart var «fiendekrigarar» — barn, kvinner, vanlege sivilistar og sjølv dyr.
Frå Hiroshima til Bagdad, Burchett og Assange, to australske journalistar fleire generasjonar frå kvarandre, konfronterte vondskapen til kjernefysiske våpen og krigsmaskineriet med menneskekjærleik. Med stort mot prøvde dei å demonstrere at den einaste måten å verkeleg få slutt på krig, er gjennom ikkje-vald.
Redde vår eiga verdigheit
Då USA blei fødd som nasjon skilde grunnlovsmakarane lag med praksisen til det britiske kongehuset ved å legge prinsippet om talefridom som kjernefundamentet til regjeringa, med ei fri presse posisjonert som ein kritisk vaktpost mot tyranni.



Rettsforfølginga av Julian Assange er eit direkte angrep på Det første grunnlovstillegget [First Amendment]. Resultatet av dette bestemmer ikkje berre journalistikken si framtid, men også demokratiet vårt. Bruken av vald for å sikre fred har berre gjort verda farlegare og meir destruktiv. «Little Boy» sin eksplosjon over Hiroshima tidleg ein varm sommardag i 1945 starta eit kjernefysisk våpenkappløp mellom USA og Sovjetunionen. Frå Korea-krigen til Vietnam og Golf-krigane har USA ekspandert sine okkupasjonsstyrkar og blitt ei supermakt.
No prøver imperiet – som dekka over sin skitne krig i Midtausten – desperat å hindre at folk skal få vite sanninga bak forfølginga deira av ein journalist som avslørte brotsverka deira. I følge advokatane til Assange kan USA snart kome til å droppe det noverande kravet om utlevering, og deretter arrestere han på ny med dei same 18 skuldingane etter eit nytt utleveringskrav.
Medan dei intensiverer overgrepa på pressefridommen, har Trump-administrasjonen no trekt seg frå Open Skies-avtalen som var laga for å hindre ein krig ved uhell. Det gjer verda meir sårbar for trusselen om kjernefysisk utsletting.



Denne veka, når vi minnast verdas første atombombeangrep for 75 år sidan, er det viktig å hugse motet til journalistar som ofra sin personlege fridom i forsøket på å la oss konfrontere våre feiltak og gjenvinne verdigheita.
Assange si høyring om utlevering startar i ein rettssal i London den 7. september. I denne viktige augustmånaden, før rettssaka om journalisme byrjar, er vi alle kalla til å reise oss for dei som har halde oppe talefridom som eit alternativ til vår tragiske fortid. Saman, lat oss finne styrke og vårt eige mot i forsvaret av den frie pressa. Lat oss velje ein fredens veg som kan leie oss til realisering av fridom og likeverd for alle folk.
Nozomi Hayase, Ph.D., har skrive boka “WikiLeaks, the Global Fourth Estate: History Is Happening.”Følg ho på Twitter: @nozomimagine
Fritt omsett av Monica Sortland
Tidligere publisert på derimot.no
Bilder m/tekst er lagt til av Knut Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 451 ganger.
2 kommentarer. Leave new
«Hiroshima etter atombomben. Hele byen var borte.»
Enda mer godhet fra de som vant over «de onde».:
‘de la inn et nytt bombeangrep et par døgn etter at ildstormen hadde rast for å drepe flest mulig av redningsmannskapene. Slik var de alliertes krigføring og dette var langtifra noe enestående eksempel.’
https://www.vigrid.net/hcdresdenuts.htm
Registrer deg og klassifiser min unge sexy fitte - http://photo0725936.e17.club