Var høgreekstremisme den eigentlege årsaka til terroren?
Ein kommentar til AUF sitt minneskrift
Av Marie Rørvik



Eg blei frustrert og fortvila alt ved dei første setningane i boka Aldri tie, aldri glemme. Det står: «Til alle som har mistet livet til rasismen og høyreekstremismen. Til alle som har fått kjenne på kroppen konsekvensene av at ord blir til handling. For dere lover vi ikke ett minutts stillhet, men et liv i kamp.»
Frode Grytten skriv i sitt dikt til minnemarkeringa: «desse minna seier: ver sint, desse minna seier: snakk sant». Eg seier ja takk, begge deler. Diverre sviktar minneskriftet på det med å snakka sant. Det er altfor sterkt prega av å tolka, og gjennom det å leggja skuld på andre. Boka gir ikkje meining ut frå min kunnskap og mine innsikter i menneskets psyke. Dette er for vondt å sjå på for både meg og andre eg kjenner, fordi AUF i boka viser at dei ubevisst blir representantar for det dei kritiserer, bl.a. hat og intoleranse.
Her er mine tankar om årsaker og forslag til vegar vidare:
Orda høgreekstremisme, radikale og ytre høgre er brukt 126 gonger. AUF vil tena på å dykka djupare. Document, Resett og HRS blir gjort skuldige ved assosiasjon. Eg har ikkje sett rasisme og hat i deira skriverier. Informasjon er ikkje hat. SIAN blir nemnd med ei hatytring i deira kommentarfelt. «Oppgjør med intoleranse og hat – ja takk», lyser det mot oss på deira web-side.
Hatefulle ytringar kjem frå mange hald. Mani Hussaini skriv at hat drep. Det var ikkje langt unna drap på fleire SIAN-arrangement i 2020. Dei hatefulle var muslimar, støtta av venstre-aktivistar. På grunn av dette må politiet bruka enorme ressursar. I år har det vore rolegare, men hatet og støyen ser ut til å vera like sterk. Likevel held SIAN fast i motivasjonen om å verna norske verdiar med fredelege midlar. Dei er ikkje rasistar og Breivik-fans. Strategien deira kan diskuterast. Triggar det SIAN seier venstresida si smerte etter terroren? I tilfelle; kva er det som eigentleg står på spel?
HC Gabrielsen skriv på s. 13 at arbeidarparti-ofra blei drepne på grunn av dei verdiane og ideane som har forma det norske samfunnet. Nei, dei blei drepne fordi Breivik såg at dei verdiane blei trua av islamsk ekspansjon.
Det er ikkje konspirasjonsteori at islam ekspanderer i vår tid. Mål og metodar er dokumentert i Det muslimske brorskapet sitt dokument: «An Explanatory Memorandum» og i Hamas sitt charter. Dei vil utrydda jødane. Eg har møtt son til han som stifta Hamas, Mosab Hassan Yousef. Han seier at trussystemet er palestinarane sin verste fiende.



Tonje Brenna avviser i sitt bidrag at Breivik var «gal». Går ho inn i tankegodset hans i siste del av manifestet, vil ho sjå at han er eit mentalt skadd menneske. Det gjekk og tydeleg fram av videoen han la ut 22. juli. Begge psykiatrirapportane var samde om narsissistisk personlegheitsforstyrrelse. For meg ser det ut som om han har erstatta ego-identiteten med arketypane riddaren og frelsaren. Slikt kan skje når psyken blir overbelasta.
Hege Ulsted skriv at ideologi er årsaka til Breivik-terroren. Ta for all del oppgjer med Breivik sitt tankegods. Det er tilgjengeleg i manifestet hans. Les islamsk litteratur for å finna ut kor valdeleg det er. Les og sorter heller enn å tolka.
Eg høyrde dr. James Garbarino, spesialist i kvifor barn drep, på Arendalsuka 2019. Han hevda at alle skuleskytarane i USA hadde opplevd grov avvising før dei fylte 3 år. I Verdibørsen 17. juli i år snakka filosof A J Vetlesen om erfaringane til Breivik som ung mann. Han prøvde seg utan hell i fleire miljø, og han samanlikna seg med vellykka jamaldringar. Mi tolking er at mindreverdet med det auka, og at han kompenserte med grandiose tankar. Han meinte seg åleine om å forstå situasjonen, og at det måtte handlast raskt, sa Vetlesen. Han gjekk systematisk til verks med planlegging og utføring av ugjerningane. Han fann ei oppgåve han trudde landet med tida skulle takka han for. Fantasigruppa Knights Templar gav truleg mental styrke.



Islam betyr underkastelse, og kan difor føra menneskesinnet bort frå seg sjølv. Islam er meir politisk enn religiøs. Det har vore 39.566 islamske terrorangrep sidan 11. september 2001. Muslimar er ein mangfaldig flokk på over 1,5 milliardar menneske. Dei fleste ønskjer fred, men ideologien inspirerer til/krev vald frå undersåttane for å vinna over vantru.
Vår kultur er humanistisk, og med det har vi mindre vald enn i islamske. Muslimske barn utfører dagleg grov vald mot norske barn. Eg har blitt fortalt om tendensar til Stockholm-syndromet som konsekvens av islamsk dominansåtferd i Oslo. Breivik var frustrert over at ansvarlege ikkje tok tak i problema islam fører med seg. Dette var rotårsaka til terroren.
Boka bommar diverre kraftig på målet når bidragsytarane etterlyser oppgjer med ytre høgre i staden for å ta oppgjer med islam. For å komma vidare trengs meir kunnskap om både islamsk ideologi og barns utvikling. Dette gjeld alle parti. Ved å ta ansvar for slike område, vil både høgre– og venstre–ekstremismen minka. Og eg håpar det kan bidra til mindre konflikt i det politiske miljøet.
Eg har engasjert meg i Marshall B Rosenberg sin tradisjon NonViolent Communication sidan 2005. Der har eg lært det viktigaste eg har lært i heile mitt lange liv; at bak alt vi gjer, gjer vi for å få møtt eksistensielle behov. Bak Breivik sine groteske handlingar ser eg behova for å bidra til livet, for å bli sett og for å bli verdsett. Vetlesen var inne på det same i Verdibør– sendinga. Eg forventar ikkje at gjerningane hans skal tilgjevast, men tilgjeving kan bidra til heling for offera. Breivik vil truleg vera farleg så lenge han lever.
Det er diverre tolkingar og fiendebilde som pregar denne minnemarkeringsboka. Det er trist og kan nøra opp om meir hat mot AUF. Ved å få avklara kva som ligg bak fiendebileta mot Document, Resett og HRS m.fl., kan det leggjast grunnlag for faktabasert og konstruktiv veg framover.
Berre ved å sjå kvarandre med respekt, kan vi få til eit betre samfunn.
Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 329 ganger.
1 kommentar. Leave new
Her er ein interessant kommentar til radikaliseringa til ABB av islamkritikar David Wood: https://www.youtube.com/watch?v=n3uTPcxLsFo&t=627s