POSTED IN Historie

2. verdenskrig.

Avgjørelsen falt på austfronten i Sovjetunionen.

5 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

I Andre verdskrig vart tre av fire drepne tyske soldatar drepne av den sovjetiske armeen

4.3 millionar aksesoldatar, inkludert 3,55 millionar tyskarar fall i aust. Og 7,5 millionar sovjetarar

av Marko Marjanović, 8. mai 1982

Austfronten under Andre verdskrig var det langt blodigaste krigsteatret verda nokon gong har sett. Det kosta liva til nær 12 millionar stridande, deriblant 4,3 millionar soldatar frå aksemaktene inkludert 3,55 millionar tyskarar – dødstal som langt overgår dei i vest.

Også mange kvinner deltok under andre verdenskrig på sovjetisk side.

Det beste av tilgjengelege estimat over dødstalet på tyske militære dødsfall under Andre verdskrig kjem frå den tyske historikaren Rüdiger Overmans. Dei fleste overslaga er baserte på rapportar frå det tyske militæret, men Overmans viser overbevisande at systemet var upåliteleg og til sist braut saman, slik at tidlegare overslag underestimerer talet på tyske militærmenn som fall under Andre verdskrig.

Overmans har, etter å ha forska grundig på emnet, sett totaltalet på tyske militære daude i krigen til 5 318 000. Dette talet inkluderer døde militsmenn frå Volksturm og utlandske frivillige under Waffen SS og Wehrmacht. Det inkluderer ikkje dødsfalla til Sovjet-borgarar i tysk teneste.

Av desse veit ein at 459 000 døydde i fangenskap, inkludert 363 000 som fangar av sovjetarane. Overmans meiner talet på tyske krigsfangar som døydde under sovjetisk fangenskap kan vere langt høgare enn det offisielle talet på 363 000, kanskje så mykje som ein million menn. Men dette er spekulasjonar, sidan Overmans – som baserte arbeidet sitt på tyske arkiv – ikkje hadde nokon måte å granske emnet på.

Den russiske historikaren Krivosjev, som sat i ein betre posisjon til å studere emnet, estimerer i staden at totalt 450 000 tyske krigsfangar døydde under sovjetisk fangenskap, inkludert dødsfalla til 94 000 fangar som aldri rakk fram til krigsfangeleirane og såleis ikkje vart registrerte som daude krigsfangar i Sovjet sine arkiv.

Etter å ha redusert talet sitt på 5 318 000 med 459 000 bekrefta krigsfangedødsfall, fordeler Overmans resten (som inkluderer dei 94 000 uregistrerte krigsfangedødsfalla i Sovjet og også 22 000 tyske militærmenn som vart avretta av sine eigne) som følger:

Austfronten 2 743 000
Vestfronten + Afrika + Italia 506 000
Dei siste kampane i Tyskland i 1945 – blant desse vart minst 2/3 tekne av sovjetarane 1 230 000
Nord-Europa 30 000
Balkan 104 000
Andre (Inkludert krig på hav og i luftrommet over Tyskland) 246 000
Totalt 4 859 000

Som sagt vart minst to tredelar av dei 1 230 000 tyskarane som døydde i sluttkampane tekne av sovjetarane, i følge Overmans.

Mange sier at Tyskland led sitt avgjørende nederlag under 2. verdenskrig ved Stalingrad. Byen ble jevnet med jorden. Da landgangen i Normandie kom sommeren 1944 var i realiteten krigen avgjort.

Talet på drepne på Balkan, 104 000, inkluderer dødsfall under kampane mot jugoslaviske og greske partisanar, og dessutan dei som vart drepne då Den raude armé sveipa over store delar av regionen seint i 1944.

Kampar i nord-Europa viser til kampar i Noreg, «Lapplandskrigen» mot Finland i 1944-45, og framfor alt kampane mot sovjetiske styrkar i Nord-Finland og på russiske Karelen rundt Murmansk.

Dei tyske daude i sjøslag og i luftrommet over Tyskland stod i overveldande stor grad dei vestlege allierte for, men sovjetarane må ha bidratt med ein ikkje-ubetydeleg del også.

Når ein reknar alt inn, kjem vi til eit konservativt estimat på 3,5 millionar tyske soldatar drepne av sovjetarar. Dette inkluderer 2 743 000 på austfronten, 820 000 i sluttkampane i Tyskland og eit noko meir uvisst estimat på 100 000 på Balkan, i Nord-Europa og på havet; redusert med 94 000 uregistrerte dødsfall under sovjetisk fangenskap og 20 000 avretta på austfronten.

Med andre ord: av den anslåtte totalen på 4 743 000 tyske soldatar drepne under Andre verdskrig, døydde kring 3 549 000 – eller 75% – for sovjetisk hand.

Både Ungarn og Romania deltok på tysk side i angrepet på Sovjetunionen. Her ungarske soldater.

Heller ikkje dette er mengda drepne aksesoldatar som kjempa mot sovjetiske styrkar. I følge Krivosjev døydde kring 215 000 sovjet-borgarar medan dei kjempa i tyske uniformar – for hæren, hjelpepolitiet eller Waffen SS.

Dessutan tapte Tyskland sine akse-allierte hundretusentals fleire.

1941-45 Finland, som det finst pålitelege data for, tapte kring 60 000 soldatar. For dei andre akse-deltakarane er tala uvisse.

Etter somme estimat tapte Italia fleire enn 90 000 menn på austfronten, inkludert rundt 50 000 som omkom under sovjetisk fangenskap.

Krivosjev gir tala 350 000 og 480 000 for ungarske og rumenske daude soldatar respektive, minus krigsfangar; men dette er sannsynlegvis overdrive.

Med utgangspunkt i det faktum at 300 000 ungarske soldatar døydde under Andre verdskrig, og Krivosjevs estimat på 55 000 dødsfall under sovjetisk fangenskap, så kan mellom 200 000 og 250 000 ha blitt drepne i kamp mot Den raude armé.

Her hedrer US-soldater falne rumenske soldater under 2. verdenskrig.

Romania gjekk ut av aksen i august 1944, men bidrog før det med dobbelt så mange troppar på austfronten som Ungarn. Deira daude under kamp mot Den raude armé er derfor minst like mange som Ungarn sine, og sannsynlegvis fleire.

Grovt rekna leid aksemaktene, mot sovjetarane, eit tap på rundt 4,3 millionar militære menn, inkludert 3,55 millionar tyskarar, 0,2 millionar sovjetiske kollaboratørar og over 0,5 millionar akse-allierte. Dette er dødsfall ved militær kamp, frårekna dødsfalla til krigsfangane.

Som eg har hevda er dei korresponderande tala for sovjetiske styrkar 7,5 millionar, inkludert 7,25 millionar soldatar i Den raude armé og resten partisanar og milits. Legg ein til tapa til polske, tsjekkoslovakiske, rumenske og Bularske avdelingar som kjempa på sovjetisk side, men ikkje var del av Den raude armé, kan talet på allierte daude i aust kome opp i 7,6 millionar.

Dette gir eit grovt forholdstal for tapa i aust på 1:1,8 (4,3 millionar i forhold til 7,6 millionar).* Det viser at, sjølv om forholdet er i aksemaktene sin favør, det er løgn, det omseggripande inntrykket av sovjetiske styrkar som utkjempar krigen ved å sleppe laus toglaster av knapt væpna eller uvæpna menn i angrep av massive «menneskebølger» for å overvinne fienden med rein og skjær overtaligheit.

Det var titusener sovjetiske krigsfanger i Norge og mange døde under fangenskapet. De ble ofte sendt på tvangsarbeid for den tyske okkupasjonsmakten under dårlige forhold.

Ser ein bort ifrå dei første to åra av krigen, som råka Sovjetunionen uførebudde, og då den raude arméen var som mest vanstyrt, blir forholdet endå meir balansert. Faktisk blir det slik at sidan sovjetiske tap skjedde mest i den katastrofale tidlege fasen av krigen, og dei tyske tapa i den siste fasen av krigen, så blir tapsforholdet mot slutten av krigen – og i dei best utførte sovjetiske operasjonane – faktisk i Sovjets favør.

* Forholdstal der den sovjetiske sida kjem dårlegare ut, tar ofte med alle drepne sovjetiske militære og ser bort ifrå det faktum at over 3 millionar av dei omkom i Wehrmacht sine krigsfangeleirar underestimerer tyske tap ved å ta med kun rapporterte dødsfall, og utelet Tyskland sine akse-allierte i aust.

Kjelder:

Overmans,  Rűdiger. Deutsche militärische Verluste im Zweiten Weltkrieg. Oldenbourg 2000.

Krivosheev, G. F.. Soviet Casualties and Combat Losses in the Twentieth Century. Pennsylvania: Stackpole Books 1997

Omsett av Monica Sortland

Bilder m/kommentarer: Knut Lindtner

Tidligere publisert på derimot.no

https://www.checkpointasia.net/in-wwii-3-out-of-4-german-kia-were-by-soviet-army-2/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Antall tyske soldater som døde i krigsfangenskap er nok langt høyere enn 459 000. Ifølge «Other Losses» av James bacque døde det minst en million tyske soldater av sykdom, sult og mishandling i Eisenhowers beryktede fangeleire.

    https://www.amazon.com/Other-Losses-Investigation-Prisoners-Americans/dp/0889226652?tag=duckduckgo-d-20

    Svar
  • Hele verden trengte seks hele år på å tilintetgjøre Tyskland.
    Det var forferdelig lenge, og ytterst smertelig å måtte innse.

    Derfor må seierherrene lage den ene artikkelen etter den andre der de skjønnmaler seg selv, og prøver å finne kilder som kan gi inntrykk av at seieren egentlig var mye mer fortjent.
    Denne artikkelen føyer seg pent inn i dette maniske behovet, som ikke ser ut til å minske det spøtt, selv 75 år etter.

    Svar
  • Der var like mange løgner som døde i den annen verdenskrig. Betrakter man Hitlers retorikk ser man en bestemt historisk person, men ut av hva han var stiger en annen som historien har det svært travelt med å overse. Han var i London der han studerte ved Tavistock instituttet 1912 og 1913. Hans gener var jødiske og nord afrikanske. Han giftet seg med en genetisk jødinne og hans personlige livvakt var gift med jødinne. Han ble finansiert av Wall Street og Rotschields Bank of England. Han nevnte aldri Rotschield eller de andre superrike, men forfulgte jøder generelt. Han lot Englands hær unnslippe … (fortsetter)

    Svar
  • (fortsatt)… Dunkirk, invaderte Russland og laget tofrontskrig, erklærte unødig USA krig, nektet kraftsamling på Litsafronten, feilfokuserte på Norge, beleiret Stalingrad og Leningrad i stedet for å omgå, trakk panserstyrkene ut av unnsetningsarméen til 6. arme foran Stalingrad, hadde vage begrunnelser om innsatsen i Nord Afrika, nektet fallskjermjegere å ta Malta, og gikk og la seg med panserstyrkene låst da meldingene om invasjon i Normandie kom. Alt dette blant så mye annen militært uforståelig, som om han ville tape, og hans likrester er aldri funnet, men tunellen fra førerhovedkvarteret til Berlins flyplass Tempelhof er nå funnet.

    Svar
  • «Som sagt vart minst to tredelar av dei 1 230 000 tyskarane som døydde i sluttkampane tekne av sovjetarane»
    ‘ Titusener av tyskere tok sitt eget liv maidagene for 75 år siden
    Mange tyskere visste godt at de burde føle seg delaktige i Adolf Hitlers og nazismens forbrytelser …’
    Hvilke forbrytelser? Konstuksjonen Holocaust, som er konstruert etter krigen?
    Dette var nok heller årsaken, et gjennombombet Tyskland og horder av voldtektsmenn:
    ‘Frykten var ikke grunnløs. Hvor mange tyske kvinner som ble voldtatt under krigens siste dager og okkupasjonen etterpå vet vi ikke sikkert. Noen historikere har konkludert med så mange som to millioner. Flere mener at det iallfall var snakk om flere hundre tusen voldtatte kvinner. ‘
    https://forskning.no/historie-krig-og-fred/titusener-av-tyskere-tok-sitt-eget-liv-maidagene-for-75-ar-siden/1684863

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Norge:

En bonde som kan ofres på det geopolitiske sjakkbrettet?

Forrige innlegg

Antirasismen

Overtas av globalistiske ensrettere

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.